Historisk arkiv

Olavsstipendet utdelt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 22 44 84


Nr. 074-95, 18 august 1995

Olavstipend til tre prestar

Olavstipendet vart for tredje år utdelt ved ei tilstelning ved Menighetsfakultetet i Oslo fredag. Stipendet vart delt ut til 3 prestar i Den norske kyrkja, og det var kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Gudmund Hernes som stod for utdelinga. Saman med stipendet fekk prestane også kvar sin plakett i messing montert på kleberstein frå restaureringsarbeida ved Nidarosdomen.

Prestane som har fått Olavstipendet for 1995:
Oddbjørn Leirvik (44), prest i Den Nordiske Kristne Buddistmisjon, Oslo, får 90 000 kroner for prosjektet "Kristusbilete og samvitsetikk i dialog med islam".
I sitt arbeid som som kapellan i eit fleirkulturelt miljø i Paulus prestegjeld på Grünerløkka i Oslo har Leirvik mellom anna arbeidd for å utvikle ein kristen-muslimsk dialog i Noreg. Gjennom prosjektet vil han arbeide fagleg med spørsmål som blir aktualisert i ein religionsdialog mellom kristne og muslimar.

Reimunn Førsvoll (47), kappellan i Kopervik prestegjeld i Stavanger bispedømme får 90 000 kroner for prosjektet "Kirken i møte med ofre for seksuelt overgrep". Førsvoll har i lengre tid arbeidd med spørsmål knytta til seksuelle overgrep. Gjennom sitt prosjekt ønskjer han å bearbeide dei røynslene han har på dette området, fordjupe seg fagleg og gjere sitt til at denne kompetansen kan kome resten av kyrkja til gode.

Sylvi Baardseth Panjwani (52), kapellan i Frogner prestegjeld, Oslo, får 80 000 kroner for prosjektet "Liturgi og kirkerom i forvandling". Panjwani har omfattande kunnskap om kyrkjeleg symbolikk, biletkunst og liturgikk. I sitt prosjekt vil ho gjennom ei historisk studie av inventar og utsmykning av 5 kyrkjer i Oslo ved århundreskiftet rette søkjelyset på samanhengen mellom teologisk tenking og utforming av kyrkjerom.

Olavstipendet er oppretta av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og kan søkjast av prestar i Den norske kyrkja.

Stipendet, som har fått namn etter Kong Olav V, er på inntil kr. 100 000,- i tilllegg til løn. Til stipendet knyter det seg ei forskar-/stipendiatstilling som vert lønna som sokneprest.

Føremålet med stipendet er å auke kunnskapen om den rolla kyrkja spelar i samfunnet og styrkje kyrkja sin kompetanse til å løyse eigne oppgåver.

Då fristen gjekk ut hadde det meldt seg 17 søkjarar til Olavsstipendet for 1995.

Lagt inn 24 august 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen