Historisk arkiv

Reform 94 etter 1. år: Over 85 prosent av elevane stod i alle fag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 22 44 84


Nr. 062-95 13. juli

Reform 94 etter 1. år:
Over 85 prosent av elevane stod i alle fag

Meir enn 85 prosent av alle elevane har fått bestått i alle fag etter første år med Reform 94. Mellom 12 og 14 prosent av elevane har ikkje stått i eitt eller fleire fag, av desse har om lag halvparten fått karakteren ikkje bestått i berre eitt fag.

Dette går fram av tal som Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har henta inn frå fylka Nordland, Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal og Oppland. Talmaterialet består av dei elevane som er inkludert i førsteinntaket til vidaregåande kurs I (VkI) i dei aktuelle fylka.

Prosentdelen for elevar som har stått i alle fag varierer ein del mellom dei ulike grunnkursa. Høgast var prosentdelen for grunnkurset i kjemi- og prosessfag, der heile 97 prosent av elevane stod i alle fag, lågast for grunnkurset i mekaniske fag med 75 prosent bestått i alle fag. Av dei som ikkje hadde fått ståkarakter på grunnkurset for mekaniske fag hadde 65 prosent under 30 inntakspoeng frå grunnskolen. Det er såleis eit stort samsvar mellom låge inntakspoeng til grunnkurset og strykkarakter.

På dei yrkesfaglege studieretningane er strykprosenten i gjennomsnitt under 10 for allmennfaga norsk, engelsk, matematikk og naturfag.

Når det gjeld standpunktkarakterane generelt, viser tala frå dei fire fylka at mellom 72 og 90 prosent av karakterane i norsk, engelsk, naturfag og matematikk er 3 eller betre på ein skala frå 0 til 6, der 6 er beste karakter.

-Vurderinga frå dei fire fylka er at karakternivået stort sett er det same som tidlegare, kanskje noko betre, seier statssekretær Astrid Søgnen i ein kommentar. Det er og grunn til å rekne med at talmateriale frå resten av landet ikkje vil avvike i særleg grad frå det vi har fått frå desse fire fylka. Det er gledeleg å konstatere at elevane på dei yrkesfaglege studieretningane har klart seg så bra i allmennfaga. Elevar og lærarar har all ære av god innsats i eit krevande første reformår, seier Søgnen.

Lagt inn 20 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen