Historisk arkiv

Revisjon av lærarutdanninga - startkonferanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 22 44 84


Nr. 091-95, 2. november 1995

Presseinvitasjon:

Revisjon av lærarutdanninga - startkonferanse

Stad: Gamle Logen, Grev Wedels plass 2, Oslo
Tid: Måndag 6. november kl. 10.00

Dei omfattande reformene i vidaregåande opplæring og i grunnskolen set nye krav til lærarutdanninga. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tek difor initiativet til ein gjennomgang av ulike typar lærarutdanningar. Arbeidet skal omfatte både allmennlærarutdanning og vidareutdanning sikta inn mot arbeidet på det nye småskoletrinnet i grunnskolen, ulike typar faglærarutdanning og praktisk-pedagogisk og yrkesteoretisk utdanning innafor vidaregåande opplæring. Departementet tek sikte på at arbeidet skal resultere i nye nasjonale rammeplanar som skal takast i bruk ved lærarutdanningsinstitusjonarane frå og med studieåret 1997/98.

I samband med dette arbeidet skipar KUF til ein startkonferanse måndag 6. november. Siktemålet med konferansen er både å markere starten på arbeidet og gi deltakarane høve til å kome med konkrete innspel til arbeidet. Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Gudmund Hernes vil innleie med temaet Visjoner for en ny lærerutdanning. Det er invitert over 200 deltakarar frå m.a. lærarutdanningsinstitusjonar, utdanningsadministrasjonar og frå ulike organisasjonar.


Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Jan S. Levy, tlf. 22 34 77 00
Lagt inn 2 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen