Historisk arkiv

Streiken og avvikling av eksamen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Streiken og avvikling av eksamen
Kirke-, utdannnings- og forskningsdepartementet


Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 37 65 71


Nr. 046-95 2. juni

Streiken og avvikling av eksamen

Innanfor dei rammer lov og avtaleverket gir, vil Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet arbeide for at elevar og privatistar i vidaregåande skole i minst mogeleg grad blir skadelidande av streiken i kommunar og fylkeskommunar, seier statsråd Gudmund Hernes i ein kommentar til den pågåande streiken.

Dersom det viser seg nødvendig, vil KUF vurdere følgjande tiltak:
For privatistar innan vidaregåande opplæring som ikkje har karakter i faget frå før, vert det tatt sikte på å arrangere utsett eksamen etter at streiken er over, slik at desse privatistane kan vere med i det endelege opptaket.

For elevar i vidaregåande opplæring som ikkje har fått tatt eksamen i eit fag, vil KUF kunne gi dispensasjon slik at standpunktkarakteren vil kunne gjelde.

Dersom eleven korkje har fått eksamenskarakter eller standpunktkarakter på grunn av streiken, vil KUF leggje forholda til rette slik at den sist gitte terminkarakteren kan vere med i danne grunnlag for opptak til universitet og høgskolar. Det er likevel ein føresetnad at standpunkt- eller eksamenskarakter, som dannar grunnlaget for eit fullverdig vitnemål, kan førast på seinast ved studiestart.

Elevar som går på grunnkurs eller vidaregåande kurs I (VkI), kan nytte siste terminkarakter når dei søkjer om opptak på neste trinn/kurs.

For studentar ved universitet eller høgskolar som ikkje får tatt eksamen på grunn av streiken vil det bli vurdert ulike tiltak for å unngå at at dei blir seinka i studiet.

Streiken kan ha konsekvensar for avvikling av eksamen for privatistar ved dei grunnskolane som er tatt ut i streik. For elevar der avsluttande karakterar ikkje er sett, kan KUF gi dispensasjon til å la påskekarakterane gjelde ved inntak til vidaregåande skole

Eksamen for elevar som er ramma av flaumen

Tiltaka som er nemnt over, vil og kunne gjelde elevar og privatistar som på grunn av flaumen ikkje kjem fram til eksamenslokalet eller i tilfelle der det ikkje har vore mogeleg å finne eigna eksamenslokale. Lagt inn 8. juni 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen