Historisk arkiv

Verkemiddelordninga for skoleverket i Nord-Noreg vert vidareførd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 34 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 34 7417, privat 22 22 44 84


Nr. 084-95, 6. oktober 1995

Verkemiddelordninga for skoleverket i Nord-Noreg vert vidareførd

Regjeringa gjer framlegg om å vidareføre verkemiddelordninga for skoleverket i Nord-Noreg med visse justeringar. Dette går fram av St. prp. nr. 4 (1995-96) Verkemiddel for skoleverket i Nord-Noreg m. m. som passerte Statsråd fredag. Ordninga tek sikte på å betre lærarsituasjonen i Nord-Noreg.

Situasjonen når det gjeld utdanna lærarar i dei tre nordlegaste fylka er i dag betre enn for berre få år sidan. Likevel er dekkinga av lærarar med godkjend utdanning i desse fylka under landsgjennomsnittet, og Regjeringa gjer framlegg om følgjande justeringar av den noverande ordninga:

  • Dei personretta tiltaka som gjeld lønnstillegg for lærarar med fagutdanning som søkjer seg til Finnmark, Troms og Nordland vil avgrense seg til skolar der over 30 prosent av elevane sitt undervisningstimetal er dekte av lærarar utan fagutdanning.
  • Lærarar med godkjend utdanning som tek stilling ved skolar i Finnmark og Nord-Troms der over 30 prosent av elevane sitt undervisningstimetal er dekt av lærarar utan fagutdanning kan i tillegg velje mellom eit årleg lønnstillegg eller kontrakt om 1 års studiepermisjon med full lønn mot at læraren bind seg til arbeid ved skolen i 5 år.
Då ordninga med å ettergi lån i Statens Lånekasse for yrkesutøvarar i Finnmark og Nord-Troms dels overlappar dei personretta tiltaka i verkemiddelordninga, gjer Regjeringa også framlegg om at for desse blir nedskrivingsprosenten pr. år sett ned frå 10 til 8.

Styrkingstiltaka på det samiske området er tekne ut av verkemiddelordninga og overførde til eigen post på budsjettet då dei er av ein meir permanent karakter enn dei andre verkemiddeltiltaka og omfattar også andre område enn Nord-Noreg. Desse tiltaka vert vidareførde slik dei er i dag.

Framlegget i St. prp. nr. 4 inneber også ei vidareføring av ordninga med flyttegodtgjersle for fagutdanna lærarar som tek stilling nord for Bodø og Fauske kommunar. Staten dekkjer og tilbakeflytting for dei same lærarane etter 4 års teneste i verkemiddelområdet.

Ordninga med midlar til pedagogiske styrkingstiltak ved dei mest utsette skolane i Nord-Noreg vert vidareførd med vel 10 millionar kroner.

Det nye framlegget vil gjelde for perioden 1.08.1996 til 31.07.1998.


Lagt inn 6 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen