Historisk arkiv

13 Milliardar Til Høgre Utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.081-96, Dato 4. oktober

13 MILLIARDAR TIL HØGRE UTDANNING

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjer framlegg om å løyve i underkant av 13 milliardar kroner til høgre utdanning. Dette er ein auke frå 1996 på 14,7 prosent. Midlane går i hovudsak til universiteta, statlege og private høgskular. Auken frå 1996 kjem i første rekkje av at nye studieplassar vert førte vidare, at forvaltingsansvaret for Noregs landbrukshøgskole (NLH) og Noregs veterinærhøgskole (NVH) vert overført til KUF frå 1997, og at løyvingar til nye bygg aukar.

Prioriterte område:

  • Departementet vil frå 1. januar 1997 overta forvaltningsansvaret for Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole. Dei to institusjonane har eit budsjett på 590 millionar kroner, inkludert byggjeløyving.
  • Det høge talet på studieplassar på alle nivå ved universitet og høgskular vert halde oppe. M a vert det gjort framlegg om å føre vidare midlar til 2289 studieplassar som vart oppretta i 1996. Det er no til saman 171 273 studentar i høgre utdanning.
  • Det vert oppretta 87 nye studieplassar innan medisin og psykologi.
  • Det er sett av midlar til 100 nye studieplassar ved den private høgskulen Norsk lærarakademi - allmennlærarutdanninga.
  • Det vert oppretta eit nytt rådgivande organ, Noregsnettrådet, med ei rekkje oppgåver. Det norske universitetsrådet og Det norske høgskulerådet held fram som frivillige samarbeidsorgan.
  • Det vert arbeidd for at lærarutdanningsreforma kan setjast i verk hausten 1998. Reforma har som føremål å få best mogleg samsvar mellom utdanninga og nye behov i skulen som følgje av dei nye reformene i grunnskule og vidaregåande opplæring.
  • Departementet vil ta initiativet til eit samarbeid om både kortsiktige og langsiktige tiltak for å betre kunnskapen innan teknologi, naturvitskap og matematikk på alle nivå i utdanningssystemet, og å auke rekrutteringa innan desse fagområda.
  • Det vert gjort framlegg om startløyvingar til nybygg/ombygging ved Høgskolen i Agder (Gimlemoen). Større byggjeprosjekt vil òg bli sett i gang ved Universitetet i Oslo (ZEB-bygget) og ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (Levanger).
  • Det er lagt inn midlar til styrking av sentraladministrasjonen ved kunshøgskulane i Oslo og Bergen.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Jan S. Levy, tlf. a 22 24 77 00, p. 22 50 62 72
Avdelingsdirektør Hans Jørgen Gjertsen, tlf. a 22 24 77 02, p 22 73 29 78

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen