Historisk arkiv

16 000 elevar søkjer lærlingplass

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 035-96, 24. mai 1996

Reform 94:

16 000 elevar søkjer lærlingplass

Ein oversikt frå fylkeskommuane i førstninga av mai viser at det i dag er om lag 20 000 elevar som går i vidaregåande kurs I (VkI). Av desse er det i overkant av 16 000 elevar (80 %) som søkjer om lærlingplass. Fylkeskommunane har så langt 15 600 bindande intensjonsavtalar med bedriftene om lærlingplass. Arbeidet med å skaffe fram fleire plassar og å formidle søkjarar til lærebedrifter pågår for fullt.

Tala frå fylkeskommunane viser at det framleis manglar lærlingplassar i nokre fag. Kokkefaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget, omsorgsarbeidarfaget, aktivitørfaget og landbruks-mekanikarfaget er nokre av områda der det framleis er for lite læreplassar i høve til søkjartalet.

Fleire bransjar manglar lærlingar. På landsplan er det teikna i overkant av 2900 intensjonsavtalar med bedrifter som ønskjer å ta inn lærlingar, men som ikkje får søkjarar til lærlingplassane. Fleire av byggfaga, industrifag, prosessfag og fiskeindustrien kan bli ståande med for få lærlingar.

-Tala frå fylkeskommunane viser at vi er langt på veg til å oppfylle målet om 17 000 lærlingplassar når skoleåret tek til, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal. -Her har partane i arbeidslivet, fylke og kommunar saman med andre offentlege etatar gjort ein stor og viktig innsats. Likevel ser vi at det innan nokre fag er etter måten stor mangel på disponible læreplassar, særleg innan helse og sosialfaga. Utfordringa framover mot skolestart vert no å bøte på denne mangelen, seier Sandal.

Han oppmodar og dei bransjane som manglar lærlingar om å vere meir aktive med å marknadsføre faga sine for å gjere det attraktivt for ungdom å søkje til desse.

På bakgrunn av talmaterialet vil han invitere fylkeskommunane til eit drøftingsmøte den

28. mai der utveksling av lærlingar over fylkesgrensene bli drøfta.


Lagt inn 24 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen