Historisk arkiv

16 fylke vil oppfylle omfangskravet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 24 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 011-96, 6. februar 1996

Reform 94:

16 fylke vil oppfylle omfangskravet

For skoleåret 1996/97 ser det ut til at 16 fylke vil ha eit omfang av elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring som er over 375 prosent av eit gjennomsnittlig avgangskull frå grunnskolen. I følgje berekningar Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har gjort på grunnlag av plantal frå fylka pr 1. januar er det berre Oslo, Akershus og Østfold som frå hausten vil få eit omfang som er under 375 prosent (mellom 332 og 347 prosent). For dei andre fylka er planlagt omfang mellom 370 og 425 prosent. Plassar i statlige og private

skolar og lærlingar med dobbelt tilskot kjem i tillegg.

I fjor var det 12 fylke som oppfylte omfangskravet. I følgje omfangsforskrifta skal alle skolar ha plass til minimum 375 prosent av eit gjennomsnittlig avgangskull frå grunskolen, for m.a. å gi rom for eldre søkjarar. Dette omfanget skal nåast seinast innan skoleåret 1997/98, men fylkeskommunane har i overgangsperioden ikkje høve til å redusere omfanget til under 375 prosent.

- Sjølv om det alltid er knytt uvisse til slike berekningar, er det likevel gledeleg at 16 fylkeskommunar no synest å planlegge mot å nå omfangskravet frå og med neste skoleår, seier statssekretær Astrid Søgnen i ein kommentar. Uvissa gjeld i første rekkje at fylkeskommunane er midt inne i arbeidet med å fylle opp klassar og inngå intensjonsavtalar om lærlingplassar. Dessutan vil søkinga kunne påverke det endelege omfanget. Når det gjeld dei tre fylka som enno ikkje ligg an til å nå kravet, vil departementet ta kontakt med desse for å gjennomgå plantala og finne tiltak som kan auke omfanget, seier Søgnen.

Vedlegg: Berekna omfang av elevar og lærlingar pr. 1.10.96. Fylkesvis oversikt.


Lagt inn 6 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen