Historisk arkiv

1950 nye lærlingplassar på halvannan månad.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 24 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 018-96, 18. mars 1996

1950 nye lærlingplassar på halvannan månad.

Sidan førstninga av februar er det inngått 1950 nye bindande avtalar om lærlingplass. Totalt er det no 15 650 intensjonsavtalar og førehandsløfte om lærlingplassar frå komande haust.

Ein oversikt frå fylkeskommunane pr. 15. februar viser at mange av førehandsløfta dei siste par månadene no er gått over til å bli bindande intensjonsavtalar. Totalt er det no om lag 14 500 intensjonsavtalar.

-Dette er ei særs gledeleg utvikling, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar. -Det er grunn til å vere nøgd med framgangen, men det er framleis behov for full innsats slik at dei ungdommane som no går på Vidaregåande kurs I (VkI), får eit tilbod om lærlingplass frå hausten. Særleg viktig blir det å rette innsatsen mot dei fagområda som framleis har for få plassar", seier Sandal.

Sjølv om totaltala viser ein klar auke, er det framleis nokre fagområde der det er misforhold mellom elevtal og tal lærlingplassar. Dette gjeld særleg innafor nokre jentedominerte fag innan kommunesektoren som omsorgsarbeidar-, barne- og ungdomsarbeidar- og aktivitørfaget.

Søknadsfristen på lærlingplassar var i dei fleste fylke 1. mars. Neste rapport i mai vil i tillegg innehalde opplysningar om søkjartalet. Når søkjartala ligg føre vil departementet få eit betre grunnlag for å vurdere kva område som faktisk har for mange eller for få plassar.


Lagt inn 18 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen