Historisk arkiv

1 550 nye studieplassar innan høgre utdanning

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 030-96, 10. mai 1996

Revidert nasjonalbudsjett:

1 550 nye studieplassar

Regjeringa går inn for at det vert oppretta 1 547 nye studieplassar innan høgre utdanning frå hausten 1996. Framlegget vart fredag fremja i revidert nasjonalbudsjett, og har ei økonomisk ramme på 70 millionar kroner.

  • Denne auken i talet på studieplassar vil gjere det mogeleg å vidareføre opptaket ved dei statlege høgskolane på prioriterte utdanningar som allmennlærarutdanninga og nokre helse- og sosialfagutdanningar og auke talet på studieplassar til førskolelærarutdanninga, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar. I samband med reformene innan grunnskole og vidaregåande opplæring er det eit stort behov for å styrkje desse prioriterte utdanningane. Ikkje minst vil grunnskolereforma føre til at behovet for førskolelærarar vil auke vesentleg. Regjeringa vil med auken i talet på studieplassar markere at dette området framleis skal vere eit prioritert satsingsfelt, seier Sandal.
  • Auken i talet på studieplassar vil i tillegg gjere det mogeleg å vidareføre nasjonal opning av dei historisk-filosofiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta ved dei fire universiteta, seier Sandal.

Dei nye studieplassane kjem i tillegg til dei 611 ekstra plassane som Stortinget allereie har vedtatt skal opprettast frå skoleåret 1996/97. Av desse vil 87 plassar gå med til å auke opptaket innan faga medisin og psykologi, medan 524 plassar vert fordelt på hovudfagsnivå innanfor ulike studieretningar. Som ei følgje av dei 611 nye studieplassane gjer regjeringa framlegg om å opprette 61 nye stillingar, av desse vil seks vere stillingar som professor/ høgskoledosent.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i samarbeid med Sosial- og helsedepartementet også oppretta nye studieplassar i psykiatrisk sjukepleie og psykiatrisk sosialt arbeid. Dette vert gjort som eit ledd i arbeidet med å styrkje utdanninga innan psykiatrien.


Lagt inn 10 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen