Historisk arkiv

752 Millionar Til Den Norske Kyrkja

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 084-96, Dato 4. oktober

752 MILLIONAR TIL DEN NORSKE KYRKJA

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjer framlegg om å løyve 752 mill kroner til kyrkjelege føremål i 1997. Budsjettet gjeld for det meste utgifter til prestetenesta og til drift av dei regionale og sentralkyrkjelege råda, dessutan utgifter og inntekter som gjeld Opplysningsvesenets fond.

Framlegget til driftsløyving for presteskapet og for den kyrkjelege administrasjonen i bispedømma er i hovudsak ei vidareføring av løyvingane i 1996, men det er i framlegget teke omsyn til at det vart oppretta 35 nye preste-, kateket- og soknediakonstillingar hausten 1996.

Til kyrkjeleg undervisningsteneste, diakoni og kyrkjemusikk vert det gjort framlegg om eit samla statstilskot på 18 millionar kroner. Til Den norske Sjømannsmisjon er det gjort framlegg om ei løyving på 20,3 millionar kroner.

Til å gjere ferdig Erkebispegården i Trondheim, byggjearbeid på Vestfrontplassen og rehabilitering av nye lokale for Restaureringsverksemda ved Nidaros Domkyrkje, vert det gjort framlegg om løyvingar på til saman 31,2 millionar kroner.

Det er for 1997 budsjettert med ein auke av inntektene for Opplysningsvesenets fond med om lag 16 millionar kroner, mest på grunn av auke i salsinntekter. Til vedlikehald og byggjearbeid ved prestegardane er det budsjettert med om lag 47 millionar kroner. Som tilskot frå fondet til felleskyrkjelege tiltak er det budsjettert med 18 millionar kroner i 1997.

I løpet av dei seinaste åra er det gjennomført omfattande reformer i kyrkjeordninga, seinast moderniseringa av kyrkjelovgivinga i 1996. I dei næraste åra vil oppfølginga av ny kyrkjelovgiving og endra vilkår for den lokale kyrkjeforvaltinga bli følgd med særleg interesse.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Ole Hermann Fisknes, tlf. a 22 24 79 00, p 22 22 32 58
Avdelingsdirektør Thom M. Rafoss, tlf. a 22 24 79 02, p 22 23 13 37

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen