Historisk arkiv

98 % i opplæring eller arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Nr. 51/96

05.07.1996

Reform 94:

98 % i opplæring eller arbeid

Av dei meir enn 105.000 ungdommane som skoleåret 1995/96 har rett til vidaregåande opplæring, har 97,6 prosent vore i opplæring eller arbeid. Dette viser tal frå fylkeskommunane pr. 1. juni.

Oppfølgingstenesta har undervegs i skoleåret registrert om lag 6770 ungdommar med behov for hjelp og oppfølging. 4605 av desse ungdommane har tatt i mot tilbod om opplæring eller arbeid. 1562 ungdommar vert framleis aktivt følgd opp av oppfølgingstenesta i fylka, medan det berre er 145 ungdommar ein ikkje har oversikt over.

Under Reform 94 har fylkeskommunane ei lovfesta plikt til å ha ei oppfølgingsteneste for ungdom med rett til vidaregåande opplæring, og som ikkje har fast arbeid, ikkje har søkt eller tatt imot ein opplæringsplass eller som sluttar utdanninga i løpet av skoleåret. Reform 94 verkar etter intensjonane. Så å seie alle ungdommar som er omfatta av retten til vidaregårnde opplæring, er i opplæring eller arbeid.

-Dette er gode tal, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal. Eg er elles imponert over det arbeidet oppfølgingstenesta i fylkeskommunane har gjort. Aldri har vi hatt så god oversikt over ungdomskulla som etter at Reform 94 tok til å gjelde. Dei få som vel å avbryte påbegynt grunnkurs eller vidaregåande kurs I, får rettleiing slik at dei kan ta eit anna kurs, eventuelt at dei får ei opplæring som er ein kombinasjon av skole og praksisplass. Det er slik oppfølgingstenesta skal fungere, seier Sandal.

Kontakt: Ekspedisjonssjef Ole Briseid, tlf. 22 24


Lagt inn 8 juli 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen