Historisk arkiv

98 prosent av ungdommen er i opplæring eller arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 24 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 013-96, 12. februar 1996

Reform 94:

98 prosent av ungdommen er i opplæring eller arbeid

Av dei 103.300 ungdommane som skoleåret 1995/96 har rett til vidaregående opplæring, er over 101.000 eller 98 prosent i opplæring eller arbeid. Dette viser tal frå fylka pr. 1. januar. Om lag 1600 ungdommar vert aktivt følgd opp av oppfølgingstenesta i fylka. 3685 ungdommar har tatt imot tilbod om opplæring eller arbeid gjennom oppfølgingstenesta.

Under Reform 94 har fylkeskommunane ei lovfesta plikt til å ha ei oppfølgingsteneste for ungdom mellom 16 og 19 år som ikkje har fast arbeid, ikkje har søkt eller tatt imot ein opplæringsplass eller som sluttar utdanninga i løpet av skoleåret.

Oppfølgingstenesta i fylka har registrert om lag 6320 ungdommar med opplæringsrett og fått stadfesta at desse får opplæring i eit anna fylke, går på privat vidaregåande skole eller folkehøgskole, er i utlandet eller har fast arbeid. Det er fullt høve til å vente eitt år etter avslutta grunnskole eller ta eit års avbrekk undervegs utan å tape opplæringsretten.

Det er svært få ungdommar (om lag 300) med rett til vidaregåande opplæring som går ledige og som ikkje ønskjer hjelp frå oppfølgingstenesta til å skaffe seg ein opplæringsplass eller arbeid.

Talet på ungdom som får praksis gjennom arbeidsmarknadsetaten har stige vesentleg det siste året. Medan det i fjor var om lag 140 som fekk slik praksis steig dette talet i løpet av hausten 95 til 690. Dette skuldast truleg at kursstønad i arbeidsmarknadsetaten vart innført på nytt.

-Dette er gode tal, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal. -Eg er imponert over det arbeidet oppfølgingstenesta i fylkeskommunane har gjort. Aldri har vi hatt ein så god oversikt over ungdomskulla som etter at Reform 94 tok til å gjelde. Dei få som vel å avbryte påbegynt grunnkurs eller vidaregåande kurs I, vil få rettleiing slik at dei kan ta eit anna kurs, eventuelt at dei får ei opplæring som er ein kombinasjon av skole og praksisplass. -Det er slik oppfølgingstenesta skal fungere, seier Sandal.


Lagt inn 13 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen