Historisk arkiv

Elevkonferanse mot mobbing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 24 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 017-96, 14. mars 1996

Presseinvitasjon

Elevkonferanse mot mobbing

Stad: Folkets hus, Oslo

Tid: Måndag 18. mars kl. 10.00-15.00

I samband med satsinga mot mobbing og vald i skolen skipar Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til ein elevkonferanse mot mobbing 18. mars i Folkets hus i Oslo.

På konferansen vil det delta om lag 50 elevar som representerer ulike trinn i grunnskole og vidaregåande opplæring. I første rekkje er det invitert representantar frå skolar som allereie har gjort noko med valdsproblematikken. I tillegg er og representantar frå Norges gymnasiastsamband (NGS) og Norsk elevorganisasjon (NEO) invitert til konferansen.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal vil vere til stades på konferansen mellom kl. 10.30 og 11.30.

Konferansen skal ha form som eit arbeidsseminar der dei inviterte ungdommane vil orientere kvarandre om kva som er gjort på deira skolar, og gi innspel til nytt materiell om temaet.

Pressa er invitert til å vere til stades på heile eller delar av konferansen.


Lagt inn 18 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen