Historisk arkiv

Færre søkjer helse og sosialfag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G

Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Nr. 50/96

05.07.1996

Reform 94:

Færre søkjer helse og sosialfag

1700 færre søkjarar til grunnkurset i helse og sosialfag. Det er eitt av dei mest markerte trekka ved søkjarstatistikken til dei vidaregåande skulane for skuleåret 1996/97. Også grunnkurset i allmenne, økonomiske og administrative fag har hatt ein markert nedgang på om lag 1000. Totalt har 160 000 søkt videregåande opplæring til hausten. Av desse søkjer 144 000 om skuleplass. Dette er 9200 færre søkjarar til skuleplassar enn i fjor. Samstundes er det fleire søkjarar til læreplassar, slik at nedgangen totalt sett ikkje er så stor. Nedgangen i talet på søkjarar er størst når det gjeld Vidaregåande kurs II (VkII)-faga.

-Søkjartala viser oss at elevane no søkjer opplæring i bedrift i større grad enn tidligare. Det viser og at den merksemda vi har hatt rundt det å ta yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift har hatt positiv effekt, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal. Den store utfordringa vert difor å skaffe nok læreplassar i bedriftene, framhevar Sandal.

Tala frå fylka i førstninga av juli gjeld søkjarar til skuleplass og læreplass i eige fylke. I tillegg kjem søkjarar som ikkje deltek i dei fylkeskommunale fellesinntaka, m.a. søkjarar til private eller statlege skolar, søkjarar som deltek i lokale inntak direkte på skolen og elevar som går direkte til Vidaregåande kurs I (VkI) utan søknad.

Den største nedgangen i talet på søkjarar gjeld grunnkursa Helse- og sosialfag (-1700) og Allmenne-, økonomiske- og administrative fag (-1000). Det har og vore nedgang til VkI-kursa Omsorgsarbeidar (-350), Barne- og ungdomsarbeidarfag (-560) og Hjelpepleiar

(-640). Hotell- og næringsmiddelfag har 350 færre søkjarar til grunnkurs og 170 færre til VkI. Reduksjonen i talet på søkjarar til VkI gjeld i hovudsak kokkfag.

Det er auke i søkjarar til Kjemi- og prosessfag til både grunnkurs og Vk I. Trearbeidsfag og Byggfag grunnkurs har om lag same interesse i år som ifjor, medan søkjartalet til tømrar og murar på VkI har gått opp i år.

Begge VkI-kursa i Formgivingsfag og Teikning, form og farge har i år nesten 400 fleire søkjarar enn ifjor.

Kjønnsfordeling

Det er om lag like mange jenter og gutar som søkjer til vidareågane opplæring. 37 prosent av dei som søkjer om læreplass er jenter. Rundt 90 prosent av søkjarane til Helse- og sosialfag er jenter. Færrast jenter søkjer til Byggfag, Elektrofag og Mekaniske fag (2-3 prosent).

22 prosent av dei som ønskjer å gå i lære er 20 år eller eldre. Av alle som søkjer om vidaregåande opplæring er det 14 prosent i denne aldersgruppa. Dette er ein nedgang i høve til i fjor.

81 prosent av alle søkjarane og 86 prosent av dei som søkjer til grunnkurs har rett til videregående opplæring.

Om lag 56 prosent av søkjarane til grunnkurs ønskjer seg primært til ein av dei ti yrkesfaglige studieretningane. Dette er det same som i 1994. I 1995 var det om lag 57 prosent som søkte yrkesfag.

Studiekompetansegivande påbyggingskurs

Av dei som gjekk yrkesfaglige VkI-kurs i skuleåret 1995-96 har om lag 2 200 søkt seg til allmennfaglig påbygging. Desse oppnår såleis studiekompetanse.

Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Ole Briseid, tlf. 22 24 76 00


Lagt inn 8 juli 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen