Historisk arkiv

Framlegg om økning i forsking budsjett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 083-96, Dato 4. oktober

FORSKING

Meir enn 50 prosent av dei samla offentlege løyvingane til forsking går over Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett. Vel tre fjerdedelar av desse midlane blir overførte gjennom dei vanlege løyvingane til universitet og høgskular.

I framlegget til statsbudsjett på KUF sitt område er det gjort framlegg om løyvingar til særskilde forskingsføremål som Noregs forskingråd, ein del forskingsinstitutt og internasjonalt forskingssamarbeid på 1, 3 milliardar kroner. Dette er ein auke på 10, 8 prosent.

For 1997 er det gjort framlegg om å løyve 597 millionar kroner til forskingsføremål i Noregs forskingsråd. Korrigert for tekniske endringar utgjer dette ein nominell vekst på 4,2 prosent frå 1996. Innanfor budsjettet er ei løyving på 50 millionar kroner til innkjøp av tungt vitskapeleg utstyr prioritert.

Innanfor den internasjonale forskinga skal framleis samarbeidet med EU under EØS-avtalen prioriterast. Det nordiske samarbeidet er òg viktig. Noreg har i 1997 formannskapsansvaret i Nordisk Ministerråd. Det er gjort framlegg om å auke løyvingane til internasjonalt forskingssamarbeid over KUF sitt budsjett med 109,3 millionar kroner.

I budsjettet for 1997 blir det gjort framlegg om å gi Norsk utanrikspolitisk institutt status som forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, slik som det nye sosialforskingsinstituttet og dei landbruksfaglege forskingsinstitutta.

Andre prioriterte område:

  • Eit nytt nasjonalt forskingsprogram om utdanning, kompetanse og verdiskaping i samfunnet er oppretta for ein periode på seks år frå 1996.
  • Det skal leggjast større vekt på forskingspolitiske problemstillingar ved universitet og høgskular.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Tore Olsen, tlf. a 22 24 74 60, p 22 52 42 99
Avdelingsdirektør Grete Ek Ulland, 22 24 74 62,p 22 50 29 37

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen