Investeringsbehovet for kommunane utrekna til 3,8 milliardar kroner ved grunnskolereforma
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Pressemelding | Dato: 22.03.1996 | Sist oppdatert: 21.10.2006
P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet
Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69
28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17,
privat 22 22 44 84
Nr. 021-96, 22. mars 1996
Grunnskolereformen:
Investeringsbehovet for kommunane utrekna til 3,8 milliardar kroner
Det samla investeringsbehovet som vil bli lagt til grunn for kompensasjon til kommunane i samband med grunnskolereforma er utrekna til 3, 8 milliardar kroner. I St. prp.nr. 39 (1995-96) Om investeringskostnadene ved grunnskolereformen som passerte Statsråd fredag gjer Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet greie for investeringsbehovet for den einskilde kommunen.
Investeringsbehovet omfattar i tillegg til nybygg og tilpassing av eksisterande skolelokale også dei investeringar som kommunane har gjort i perioden 1991-95. Dette inneber at dei kommunane som har lagt til rette for innføring av reformen også får kompensasjon for investeringar som allereie er gjort.
Den årlege kompensasjonen til kommunane vil bli gitt som eit øyremerka tilskot, og vil for skoleåret 1997/98 utgjere om lag 350 millionar kroner under føresetnad av at renta blir 6 prosent. Den endelege fastsetjinga av renta vil bli gjort i samband med statsbudsjettet for 1997 på bakgrunn av utviklinga i lånemarknaden. Dette skal dekke det kommunane vil måtte betale i årlege renter og avdrag dersom det utrekna investeringsbehovet vert lånefinansiert.
Auken i utrekna investeringsbehov er på om lag 700 millionar kroner (justert til 1996-kroner) i høve til det det Hervik-utvalet la til grunn, og som seinare blei nedfelt i kommuneøkonomiproposisjonen for 1996 . Auken kjem i første rekkje av at mange 6-åringar som i dag har eit tilbod i skolens lokale under lov om barnehage, har behov for nye, permanente lokale.
Skolestart for dei 61 900 seksåringane som frå hausten 1997 skal ta til i skolen vil føre til om lag 3 100 nye klassar på til saman 2 720 kommunale skolar. Om lag halvparten av 6-årings-klassane har i dag eit tilbod i skolens lokale under lov om barnehagar. Over halvparten av desse igjen er i lokale som kan nyttast permanent, medan resten held til i lokale som enten må tilpassast eller det må erstattast av nye. Sum for desse investeringane er på om lag 830 millionar kroner.
Den resterande halvparten av klassane som 6-åringane utløyser, må etablerast enten i eksisterande eller nybygde lokale. Investeringane her vil vere i overkant av 2 milliardar kroner. I tillegg til dette har kommunane gjort investeringar i skolebygg i perioden 1991-95 for til saman 812 millionar kroner som vil bli kompensert.
Arealbehovet er utrekna m.a. på grunnlag av ei spørjeundesøking til kommunane hausten 1995. Undersøkinga gav opplysningar om talet på klassar/grupper for 6-åringane i skolens lokale pr. 1. desember 1995, og om desse lokala var permanente, måtte tilpassast eller erstattast av nye.
Kontaktpersonar:
Ekspedisjonssjef Hanna Marit Jahr, tlf. a 22 24 75 00 p 69 25
49 51
Avdelingsdirektør Tove Brekke, tlf. a 22 24 75 12 p 66 99 32
65
Avdelingsdirektør Johan Raaum, tlf. a 22 24 75 41 p 22 38 37
77
Lokal- og regionspressa vert bedne om å ta kontakt med Statens Utdanningskontor i det aktuelle fylke.
Vedlegg: Oversikt over berkna investeringsbehov for nybygg og tilpassing for dei 435 komunane.
St. prp. nr. 39 (1995-96) Om investeringskostnadene ved grunnskolereformen er lagt ut på ODIN. Internett-adressa er:
linkdoc#dochttp://odin.dep.no/kuf/publ/GR97/
Lagt inn 22 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen