Historisk arkiv

Kommunane får 2,2 - 2,5 milliardar til driftstilskot i sambandh med grunnskolereforma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 031-96, 10. mai 1996

Grunnskulereforma:

Kommunane får 2,2 - 2,5 milliardar til driftstilskot

Kommunane får mellom 2, 2 og 2, 5 milliardar kroner i årleg driftstilskot i samband med grunnskulereforma . Kostnadene er avhengig av lønns- og arbeidsvilkår for det personalet som skal undervise den nye førsteklassen. Lønns- og arbeidsvilkår vil på vanleg måte vere tema for forhandlingar. Regjeringa presenterte fredag oversikten over meirkostnadene til kommunane i St prp nr 55 (1995-96) Om kommuneøkonomien 1997 m.v., der m.a. dei samla økonomiske konsekvensane av grunnskulereforma kjem fram.

Grunnskolereforma (Reform 97) skal setjast i verk frå 1997, og inneber m.a. obligatorisk skulestart for alle seksåringar, utvida skuleløp til 10 år og nye læreplanar.

-Med driftsdelen på plass er det tatt nok eit viktig steg i retning oppstart for grunnskulereforma i 1997, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar. Dei framlagde driftsrammene saman med dei justerte utrekningane for investeringane vil gje kommunane dei nødvendige økonomiske vilkåra for å kunne fullføre arbeidet i samband med reformen fram mot hausten i 1997, seier Sandal.

Driftskostnadene ved reforma er basert på dei utrekningsprinsippa som vart lagde fram i kommuneøkonomiproposisjonen for 1996 (St prp nr 58 (1994-95)). I tillegg baserer utrekningane seg på dei økonomiske konsekvensane av framlegget til endring av grunnskulelova (Ot prp nr 40 (1995-96)) som vart fremja like før påske, og som m.a. inneber to pedagogar i klassar med 6-åringar med fleire enn 18 elevar og skyssgrense for 6-åringane på 2 km.

Lærebøker

I proposisjonen vert det også gjort framlegg om tilskot til kommunane i samband med dei utgiftene dei vil få til lærebøker for 2.-10. klassetrinn ved innføringa av nye læreplanar. Lærebøker til den nye 1. klassen er inkludert i driftskostnadene. Staten vil tilføre kommunane 472 millionar kroner i reformperioden, dvs. dei tre åra innføringa av den nye reforma skal ta. Dessutan vert det til saman trekt 294 millionar kroner i dei to etterfølgjande åra. Dette inneber eit ekstra tilskot til lærebøker frå staten på 178 mill kroner for perioden sett under eitt.

Ä

Justert investeringsramme

Før påske la Regjeringa fram det utrekna investeringsbehovet for kvar einskild kommune

( St prp nr 39 (1995-96) Om investeringskostnadene for grunnskolereformen). Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har motteke merknader på avrekningane av investeringsramma frå 135 kommunar. Etter å ha vurdert desse gjer Regjeringa framlegg om å auke den samla investeringsramma med 281 millionar kroner, slik at denne totalt kjem opp i

4 059 millionar kroner. Kompensasjonen første året vert etter dette auka med 26 millionar til 373 millionar kroner.

Verknaden for 1997

Kompensasjonen til kommunane vil bli gitt frå 1. august 1997. Budsjettverkanden for 1997 vil difor utgjere 5/12 av verknadene for heile året.

Den samla kompensasjonssummen for kommunesektoren i 1997 vil såleis vere 885 - 1 026 mill kroner, avhengig av lønns- og arbeidstidsvilkår for det pedagogiske personalet. I tillegg kjem 52 mill kroner til lærebøker.


Kontaktpersonar:

Ekspedisjonssjef Hanna Marit Jahr, tlf. a 22 24 75 00 p 69 25 49 51

Avdelingsdirektør Tove Brekke, tlf. a 22 24 75 12 p 66 99 32 65

Avdelingsdirektør Johan Raaum, tlf. a 22 24 75 41 p 22 38 37 77

Lokal- og regionspressa vert bedne om å ta kontakt med Statens Utdanningskontor i det aktuelle fylke.

Kommuneøkonomiproposisjonen er lagt ut på internett med denne adressa:

linkdoc#dochttp://odin.dep.no/kad/publ/kommune/


Lagt inn 10 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen