Historisk arkiv

KUF med tiltak mot mobbing og vald

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 24 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 007-96, 29. januar 1996

KUF med tiltak mot mobbing og vald

Å bekjempe mobbing og vald er eit viktig satsingsområde innan skolepolitikken. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet legg no fram ei rekkje tiltak for å førebyggje mobbing og vald i skolen. På ein pressekonferanse måndag gjorde statsråd Reidar Sandal greie for aktuelle tiltak:

  • lærarrettleiingsheftet "Mobbing i skolen" vert sendt ut til alle grunnskolar og vidaregåande skolar i fleire eksemplar.
  • det vert etablert beredskapsgruppe mot mobbing i alle fylke og gjennomført opplæringskonferansar før påske I regi av Statens utdanningskontor vil om lag 15 personar frå kvart fylke bli gitt den nødvendige kompetansen for å kunne ta på seg kurs- og rettleiingsoppgåver. Skolane vil såleis få eit apparat å vende seg til i aktuelle saker.
  • elevkonferanse - utvikling av materiell til bruk for klasse- og elevråd Det vert planlagt ein arbeidskonferanse for å utvikle nytt materiell til bruk i klasse- og elevråd. Hovudideen er at elevane sjølve skal få vere med og påverke innhaldet i dette materiellet. Konferansen vil truleg finne stad før påske.
  • informasjon og rettleiing til foreldra. Opptrykk av eit spesialhefte om mobbing med foreldre som målgruppe. Heftet er sendt ut til alle grunnskolar, og blir vurdert brukt også i vidaregåande skole.

- Det er dessverre eit faktum at mange tusen barn og unge i norske skolar kjem borti mobbing, enten som offer eller som plagarar. Departementet tar signala frå skolen på alvor og vil gi dette området høg prioritet, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal.

- Vi vil oppmode skolane om å opprette ein eigen tiltaksplan mot mobbing. Her vil det og vere avgjerande at foreldra blir trekt med i arbeidet. Vi vil særleg leggje vekt på å gjere elevar og tilsette i skolen ansvarlege i arbeidet med å få bukt med mobbinga. Tidlegare materiell har fokusert på kva vi gjer med offeret eller plagarane, medan vi nå også ønskjer å gjere tilskodarane til det som skjer ansvarlige, seier Sandal.


Lagt inn 30 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen