Historisk arkiv

KUF satsar på lærlingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 24 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 012-96, 8. februar 1996

Reform 94:

KUF satsar på lærlingar

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet ber no underliggjande statsinstitusjonar, i hovudsak universitet og høgskolar, om å skaffe lærlingplassar.

Det er føresett at institusjonane som ligg under KUF til saman inngår 150 lærlingkontraktar innan aktuelle fagområde. Til saman er det for all statleg verksemd fastsett eit måltal på i overkant av 1000 nye lærlingplassar kvart år frå og med skoleåret 1996/97.

-Staten har på same måte som privat næringsliv og kommunal sektor forplikta seg til å ta sin del av ansvaret for å skaffe dei lærlingplassane som trengst som følgje av Reform 94, seier statssekretær Astrid Søgnen. Det er difor viktig for oss å markere at også våre eigne institusjonar er i stand til å gi opplæring innan relevante fagområde i tilknytning til Reform 94, seier Søgnen.

Det er i første rekkje innan fagområda kontorfag, reinhaldsfag og laboratoriefag det kan vere aktuelt med lærlingar innan statlige utdanningsinstitusjonar, men også fag som t.d. serviceelektronikarfaget, automatikarfaget, kokkefaget, barne- og ungdomsarbeidarfaget m.fl. er aktulle lærefag.


Lagt inn 8 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen