Historisk arkiv

Ny lov om studentsamskipnader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 028-96, 3. mai 1996

Ny lov om studentsamskipnader

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjer framlegg om at alle høgre utdanningsinstitusjonar, både statlige og private, skal knytast til ein studentsamskipnad. Ordninga skal likevel vere slik at private institusjonar kan få dispensasjon dersom dei kan vise til at dei allereie har ei tilfredsstillande velferdsordning for sine studentar.

Dette er eitt av hovudpunkta i ein lovproposisjon (Ot prp nr 56 om lov om studentsamskipnader) som passerte statsråd fredag.

Den nye lova kjem i staden for den gjeldande lova frå 1986 om organisering av velferd for elevar og studentar (velferdslova). Det vert gjort framlegg om å oppheve alle føresegnene i velferdslova, med unntak av § 3 som handlar om skyss og innlosjering av elevar ved vidaregåande skolar. Denne føresegna vil bli ståande inntil vidare og vurdert i samanheng med den nye opplæringslovgivinga.

I proposisjonen vert det m.a. understreka at utdanningsinstitusjonen har ansvar for heile læringsmiljøet for studentane. Det vert gjort framlegg om at dette punktet vert utvida i høve til tidlegare lov. Studentsamskipnadene skal framleis ha ansvaret for drifta av studentvelferdstiltaka. Vidare skal samskipnadene dessuten få høve til å stifte og delta i selskap som skal drive forretningsverksemd knytte opp mot studentar.

Departementet går og inn for ei presisering av dei områda semesteravgifta vert nytta på.


Fleire opplysningar: Ekspedisjonssjef Jan S. Levy, tlf. 22 24 77 00, priv. 22 50 62 72


Lagt inn 6 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen