Historisk arkiv

Offentleg utval skal vurdere etter- og vidareutdannning.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 071-96
27. september 1996

Offentleg utval skal vurdere etter- og vidareutdannning.

Regjeringa oppnemnde fredag eit utval som skal greie ut etter- og vidareutdanning.

Regjeringa ønskjer ein brei gjennomgang av feltet og legg vekt på at også partane i arbeidslivet blir trekte aktivt med i dette viktige arbeidet.

I tariffoppgjeret våren 1996 var kompetanseutvikling sentralt i både privat og offentleg sektor. I september kom innstillinga frå Henriksen-utvalet, som vurderte næringspolitiske hovudstrategiar, der mellom anna behovet for kompetanseheving blei understreka.

Det nye breitt samansette utvalet skal greie ut grunnlaget for eit tilpassa, målretta og heilskapleg system for kompetanseutvikling i arbeids- og samfunnslivet. Med utgangspunkt i ei ansvarsdeling mellom arbeidsgjevar, arbeidstakar og det offentlege skal det vurderast ulike modellar for organisering og finansiering. Utvalet skal og vurdere spørsmål knytta til lovfesta rett til etter- og vidareutdanning.

Utvalet har følgjande samansetjing:
Prosjektleiar Lars Buer, Oslo, leiar
Professor Torger Reve, Bergen, nestleiar
Utdanningssekretær Berit Bergersen, Sarpsborg
Nestleiar Hilde Borgir, Larvik
Ekspedisjonssjef Ole Briseid, Røyken
Prorektor Ellen Frivold, Kristiansand
Direktør Gunnar Grepperud, Tromsø
Direktør Kjell I. Grue, Rælingen
Professor Steinar Holden, Bærum
Rådgivar Anne Katrine Kaels, Bærum
Generalsekretær Liv Kjuus, Nes på Romerike
Ekspedisjonssjef Lorents Lorentsen, Oslo
Avdelingsleiar Bjørn Nørstegård, Lillehammer
LO-sekretær Per Gunnar Olsen, Oslo
Ekspedisjonssjef Morten Reymert, Oslo
Personalsjef Marit Schønberg, Stjørdal
Avdelingsdirektør Randi Stensaker, Bærum
Avdelingsleiar Bjørn Tore Stølen, Oslo
Kommunalråd Ann-Marit Sæbønes, Oslo
Fylkesopplæringssjef Kristin Hille Valla, Lillehammer

Leiaren i utvalet, Lars Buer (51) er i dag bedriftsrådgjevar og styremedlem i fleire norske og nordiske bedrifter. Han har i ei årrekkje arbeidd i AB Volvo. Buer var i to periodar på 70-talet personleg sekretær for kyrkje- og undervisningsministeren.

Lagt inn 27 september 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen