Historisk arkiv

Private skular

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 078-96, Dato 4. oktober

Private skular

I samband med Reform 97 har Stortinget vedteke å gje private grunnskular eit tilskot på 45 millionar kroner fordelt over åra 1997, 1998 og 1999. Tilskotet gjeld investeringskostnader. Dei same normene for areal og tilskot pr. kvadratmeter som gjeld for kommunale skular blir lagde til grunn for tilskotet til dei private skulane. Skulane kan og få tilskot til leige av lokale.

Etter desse kriteria utgjer dei samla søknadene frå skulane eit tilskot som er større enn ramma på 45 millionar kroner. Tilskotet til den einskilde skule vert derfor avkorta med ein lik prosentsats. Ein tredel av tilskotet blir betalt ut kvart av åra 1997, 1998 og 1999. Departementet gjer framlegg om å løyve 15 millionar kroner i 1997. Driftstilskot for seksåringar vert gjeve etter dei same satsane som gjeld for barnesteget i private skular, med eit tillegg til klassar med fleire enn 18 seksåringar.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, tlf. a 22 24 74 10 , p 64 94 51 71
Underdirektør Ole Petter Syrrist, tlf. a 22 24 74 26, p 22 18 09 69

IT i utdanninga

1997 er det andre året i gjennomføringa av den fireårige handlingsplanen for IT i utdanninga. Ramma for sentrale tiltak knytte til IT-planen er auka med 6 millionar kroner frå i fjor, frå 33 millionar kroner i 1996 til 39 millionar kroner i 1997. Tiltaka gjeld grunnskole, vidaregåande skule og høgre utdanning.

Hovudprioriteringane frå 1996 vil bli førte vidare. I 1997 vil departementet m a leggje særleg vekt på kompetanseutvikling for lærarane og pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid knytt til IT i utdanninga. Det vil bli stimulert til vidare utvikling av innhald på Internett tilpassa norsk utdanning. IT-satsinga vil vere nær knytt til gjennomføringa av utdanningsreformene.

Pressekontaktar:

Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, tlf. a 22 24 74 10, , p 64 94 51 71
Avdelingsdirektør Fred-Arne Ødegaard, tlf. a 22 24 74 47, p 63 97 26 21,mobiltelefon: 90 09 53 12

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen