Historisk arkiv

Reform 94: 9550 lærekontraktar inngått for reform-elevar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 085-96, 9. oktober 1996

Reform 94: 9550 lærekontraktar inngått for reform-elevar

Ein oversikt frå fylkeskommunane pr. 1. oktober syner at om lag 9 550 reform-elevar har fått lærlingplass. I overkant av 3000 elevar har fått alternativt tilbod i vidaregåande kurs II (VkII) i skule. Fylkeskommunane har meldt at dei har gitt tilbod til alle søkjarar med rett.

Til saman har bedriftene tatt inn 16 500 lærlingar i år. Dette er ein auke på 60 prosent i høve til 1995. Vel 2600 søkjarar på landsplan har takka nei til tilbod frå fylkeskommunen fordi dei enten har tatt eit kvileår, er i militære, har valt eit anna tilbod i vidaregåande opplæring eller har meldt om andre årsaker til at dei ikkje har ønskt å ta den plassen dei har fått tildelt. Nær 7000 vaksne (ikkje-reform-lærlingar) er tatt inn i lære i år.

Arbeidet med å skaffe lærlingplassar til ungdom som ønskjer ei fagutdanning har pågått heilt fram til utsett skulestart 1. oktober.

  • Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, lærarorganisasjonane og partane i arbeidslivet legg no vekt på å gjere kvaliteten i Vk II i skule for dei elevane som ikkje har fått lærekontrakt så god som råd, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar.
  • Sjølv om dei endelege tala i år viser at det er kapasitet til det måltalet som er sett for reforma, rundt 17 000 lærlingplassar årleg, kan vi likevel ikkje seie oss nøgde med resultatet i år, seier Sandal. For mange reform-elevar har ikkje fått lærlingplass. Reform 94 betyr ei total omlegging av fagopplæringa, så nokre begynnarproblem måtte vi rekne med. Ein del bedrifter fekk ikkje nok lærlingar, nokre bedrifter fekk fleire enn dei kunne ta, nokre bedrifter har prioritert vaksne lærlingar framfor reformlærlingar, seier Sandal. Eit seminar i Stjørdal 10.-11-. oktober der fylkeskommunane, partane i arbeidslivet og lærar- og elevorganisasjonane er invitert vil oppsummere røynsler som er gjort i år med tanke på nye store utfordringar i 1997.

Kontakt:

Avdelingsdirektør Jan Ellertsen, tlf a 22 24 75 30, p 67 12 13 93

Lagt inn 10 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen