Historisk arkiv

Skyssgrense på 2 km for seksåringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 020-96, 22. mars 1996

Lovframlegg i samband med grunnskolereforma:

Skyssgrense på 2 km for seksåringar

Regjeringa gjer framlegg om ei skyssgrense for 6-åringane på 2 km. For dei andre klassetrinna vil 4-km-grensa framleis gjelde. Dette er eitt av framlegga i Ot. prp. nr. 40 (1995-96) om lovendringar i grunnskolelova og lærarutdanningslova som passerte statsråd fredag. Proposisjonen vart fremja i samband med grunnskolereforma (GR 97). Framlegget om senka skyssgrense vil innebere auka årlege kostnader på 102 millionar kroner.

Lærarressurs

Samstundes gjer Regjeringa framlegg om at førsteklassar med meir enn 18 elevar skal ha to lærarar i kvar undervisningstime. Dette framlegget vil medføre ein årleg kostnadsauke på om lag 300 millionar kroner.

Fritak frå delar av Kristendomskunnskap med religions- og livssynsundervisning

Det vert vidare gjort framlegg om fritak frå delar av det nye faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering. Elevane skal såleis etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå å seie fram truvedkjenningar eller bøner, delta i salmesong eller i andre religiøse aktivitetar, delta i dramatisering e.l., og å vere til stades i rituale eller gudstenester i ulike trussamfunn.

Når det gjeld det nye faget, skal det ikkje lenger vere høve til fritak for undervisningspersonalet. Så lenge læreplanen for faget har som føresetnad at undervisninga skal gå føre seg på ein nøytral og objektiv måte, vert det ikkje gjort framlegg om formaliserte reglar om fritak. Læreplanen inneheld ikkje pålegg som inneber at læraren må delta i dei aktivitetane som kan gi grunn til fritak for elevane.

Vidare vert det gjort framlegg om at departementet i forskrift kan gjere unntak for pliktig sidemålsopplæring, slik at kvenske/finske elevar kan velje finsk i staden for sidemålsopplæringa.

Det vert og gjort framlegg om at departementet i forskrifter kan gjere unntak frå utdanningskrava i lærarutdanningslova, slik at førskolelærarane kan tilsetjast på småskoletrinnet.


Lagt inn 22 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen