Historisk arkiv

Stortingsmelding om folkehøgskolen: - eit sjølvstendig og ubunde opplæringstilbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr. 073-96
27. september 1996

Stortingsmelding om folkehøgskolen: - eit sjølvstendig og ubunde opplæringstilbod

Regjeringa la fredag fram ei stortingsmelding om folkehøgskolen, St. meld. nr. 51 (1995-96) om folkehøgskolen og utdanningssamfunnet. Meldinga gjer greie for utvikling og status i folkehøgskolen, og vurderer skoleslaget i lys av endringar i utdanningssystemet og i samfunnet elles.

Meldinga legg opp til at folkehøgskolen, som eit sjølvstendig opplæringstilbod, framleis skal vere pensum- og eksamensfri og sjølvstendig i høve til andre utdanningar. Det er ikkje gjort framlegg om endringar med sikte på å formalisere den kompetansen folkehøgskolen gir.

Det er i meldinga peikt på svingingar i rekrutteringa og at tilbodet i dag er større enn etterspurnaden. Det er ei utfordring for folkehøgskolen å vidareutvikle innhaldet og strukturen i kurstilboda i samsvar med mål og intensjonar for skoleslaget og utdanningsbehov hos unge og vaksne.

I samband med auka vekt på etter- og vidareutdanning må folkehøgskolen vere open for samarbeid med andre aktørar på same feltet og slik kunne inngå som ein del av eit koordinert tilbod i regionen.

Folkehøgskolen skal framleis ha høve til å tilby både hovudkurs og kortkurs av ulik lengde.

Lagt inn 27 september 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen