Historisk arkiv

Stortingsmelding om privatisteksamen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Marit Viggen, telefon 22 24 74 09, privat 22 56 55 51
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 010-96, 2. februar 1996

Stortingsmelding om privatisteksamen

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet la fredag fram ei stortingsmelding om privatisteksamen innan vidaregåande opplæring ( St. meld. nr. 26 (1995-96) Om privatisteksamen innanfor vidaregåande skolar).

I meldinga vert m.a. desse prinsippa lagt til grunn:

  • Vaksne utan førstegongsutdanning på vidaregåande nivå skal ha høve til å dokumentere kunnskapane sine og til å oppnå fullstendig vitnemål innanfor alle studieretningar i vidaregåande opplæring.
  • Det må framleis vere mogeleg å betre allereie oppnådde karakterar på eit vitnemål.
  • Det bør oppmuntrast til å utvide kunnskapsområdet med nye fag eller fordjupingar for å styrkje kunnskapsgrunnlaget hjå den einskilde.
  • Privatistordningane må utformast på ein slik måte at det blir størst mogeleg rettferd mellom ulike grupper privatistar og mellom elevar og privatistar.
  • Prøveformene og sensurordningane for privatistar skal i størst mogeleg grad medverke til landsgyldig og uhilda karaktersetjing.

Lagt inn 6 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen