Historisk arkiv

Styrking av einskapsskulen gjennom nytt vurderingssystem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 040-96, 14. juni 1996

Stortingsmelding om elevvurdering, skolebasert vurdering m.v.:

Styrking av einskapsskulen gjennom nytt vurderingssystem

  • styrking av den uformelle vurderinga
  • elevar og foreldre skal ta aktivt del i vurderinga
  • betre informasjon og kontakt mellom skule og heim
  • betre samsvar mellom mål i læreplanane, arbeidsmåtar og vurderingsformer
  • ikkje karakterar på barnetrinnet - som i dag
  • talkarakterar på ungdomstrinnet
  • karakter i munnleg norsk, engelsk, samisk og finsk
  • utprøving av alternative prøveformer

Dette er nokre av hovudmomenta i St. meld nr. 47 (1995-96) Om elevvurdering, skolebasert vurdering og nasjonalt vurderingssystem, som passerte statsråd fredag. I meldinga vert det gjort greie for korleis elevane skal vurderast med og utan karakterar.

På barnetrinnet skal det berre vere vurdering utan karakterar. Denne forma for elevvurdering skal utviklast og brukast i opplæringa og i faste, planlagde samtalar mellom lærar, elev og foreldre/føresette.

På ungdomstrinnet skal det i tillegg til den uformelle vurderinga vere vurdering med karakterar. Vurdering med karakter på enkeltarbeid og terminkarakterar skal supplerast med munnleg og skriftleg grunngjeving og rettleiing.

Det vert gjort framlegg om talkarkaterar fordi ein meir fingradert skala betre registrerer fagleg framgang hjå elevane. Talkarakterar betyr også samsvar mellom karaktersystemet i grunnskulen og vidaregåande skule.

Regjeringa gjer vidare framlegg om å innføre ein eigen karakter i munnleg norsk, engelsk, samisk og finsk, då det i vurderinga av munnlege og skriftlege aktivitetar ofte blir lagt vekt på ulike sider hjå eleven.

Det vil bli tatt initiativ til å prøve ut alternative prøveformer som tillet bruk av lærebøker (opa bok-eksamen) og tverrfaglege prøveformer.

Skulebasert vurdering

Skulane skal vurdere eiga verksemd, dvs. korleis dei legg til rette, gjennomfører og vurderer opplæringa. Det er kommunane som har ansvar for å sjå til at slik vurdering skjer.

Systematisk og kontinuerlig skulebasert vurdering skal medverke til at skulen kan utvikle og betre praksisen sin til beste for elevane si læring.

Fleire opplysningar:
Ekspedisjonssjef Hanna Marit Jahr, tlf. a 22 24 75 00, p. 69 25 49 51

Stortingsmeldinga er lagt ut på ODIN med denne adressa:
linkdoc#dochttp://odin.dep.no/vurdering/


Lagt inn 14 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen