Historisk arkiv

Tilsetjing av professorstillingar ved Statens kunstakademi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 044-96, 21. Juni 1996

Tilsetjing av professorstillingar ved Statens kunstakademi

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har tilsett fire professorar ved Statens kunstakademi. Dei fire professorata gjeld grafikk, skulptur med særansvar for nyare skulpturformer, skulptur med særansvar for figurativ skulptur og maleri med særansvar for figurativt maleri.

Professorstillingane som er knytta til figurativt maleri og figurativ skulptur er særskilt oppretta av Stortinget. Dei fire professorstillingane er åremålsstillingar på 6 år med høve til fornying for ein periode.

Før tilsetjing har sakkunnige komitear vurdert den faglige kompetansen til søkjarane, og deretter handsama internt ved Statens kunstakademi. Eit felles innstillingsråd som er oppnemnt i samband med omorganiseringa av kunstfaghøgskolane har gitt si innstilling.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i samsvar med innstillingar frå dei sakkunnige komiteane tilsett desse fire personane i professorata:

Kjell Bjørgeengen (f. 1951) er tilsett som professor i grafikk (todimensjonale reproduksjonsteknikkar). Bjørgeengen har studert video ved ulike institusjonar i USA og Noreg. Han har grunnfag i psykologi og filosofi frå Universitetet i Oslo. Bjørgeengen har arbeidd innanfor området video sidan 1982. Han har og arbeidd med fotografi. Dei siste åra har han arbeidd som fast hjelpelærar mellom anna ved Statens kunstakademi. Han har vore tilsett som professor II ved Statens høgskole for kunsthandverk og design i Bergen. For tida arbeider han saman med ingeniør Magnus Stamm med utvikling av presentasjonsformer for video.

Stein Rønning ( f. 1953) er tilsett som professor med særansvar for nyare skulptuformer.

Rønning har utdanning m.a. frå Kunstakademiet i Trondheim og Vestlandets kunstakademi. Han har lang undervisningsrøynsle. Frå 1992 har han vore førsteamanuensis ved Fakultetet for arkitektur, Institutt form og farge ved NTH i Trondheim.

Istvan Lisztes (f. 1942) er utnemnd til professor i skulptur med særansvar for figurativ skulptur. Lisztes har utdanning frå Kunstakademiet i Budapest og har i tillegg studiar i filosofi og estetikk. Han har vore busett i Noreg sidan 1977, og er norsk statsborgar.

Lisztes har i perioden frå 1969 til 1977 vore amanuensis ved Kunstakademiet i Budapest. Ved akademiet bygde han opp ein eigen metallverkstad. Lisztes etablerte også i denne perioden ein eigen verkstad for støyping av bronse.

Jan V. Sæther (f. 1944) er tilsett som professor i maleri med særansvar for figurativt maleri.

Sæther er utdanna frå Statens kunstakademi innafor områda maling og skulptur. Sæther har lang undervisningsrøynsle i figurativt maleri frå USA, der han har vore busett i over 20 år. I USA underviste han m.a. ved eigen skole. Sæther har dei siste åra vore amanuensis ved modellinstituttet ved Statens kunstakademi. Produksjonen hans omfattar maleri, teikning og skulptur.

Odd Nerdrum, som av innstillingsrådet var innstilt som nr. 1 til professorstillinga i maleri med særansvar for figurativt maleri, har seinare trukke søknaden sin.


Lagt inn 21 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen