Historisk arkiv

Utnemning av nye prostar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 043-96, 21. Juni 1996

Utnemning av nye prostar

Regjeringa utnemnde i dag ny domprost i Oslo og tre andre prostar. Av desse er to kvinner.

Ole Christian Kvarme (47) er utnemnd til domprost i Oslo. Kvarme tok teologisk embetseksamen i 1974. I perioden 1975-86 gjorde han teneste i Israel for Den norske Israelsmisjon og har sidan 1986 vore generalsekretær i Det norske Bibelselskap.

Trine Færevåg (37) er utnemnd til sokneprest i Åsnes prestegjeld og prost i Solør prosti i Hamar bispedømme. Færevåg tok teologisk embetseksamen i 1986. Etter først tre år som vikarprest har ho frå 1990 vore kapellan i Jevnaker prestegjeld.

Ragnar Granaasen (54) er utnemnd til sokneprest i Gran prestegjeld og prost i Hadeland og Gran prosti i Hamar bispedømme. Granaasen tok teologisk embetseksamen i 1970. Han har tidlegare vore residerande kapellan i Nittedal og er i dag sokneprest i Fåberg der han har gjort teneste sidan 1982.

Sissel Eigilsdatter Hasleholm (47) er utnemnd til sokneprest i Trefoldighet prestegjeld og prost i Arendal prosti i Agder bispedømme. Hasleholm tok teologisk embetseksamen i 1974. Etter teneste som døvekapellan og småkyrkjeprest var ho i seks år sokneprest i Skøyen prestegjeld i Oslo. Frå 1990 har ho vore kapellan i Barbu prestegjeld i Arendal.

Det er etter dette kvinneleg prost i fire bispedømme: Tunsberg, Oslo, Hamar og Agder.

-Ved denne utnemninga doblar vi talet på kvinnelege prostar her i landet. Utnemningane er på denne måten med på å skape større likestilling mellom menn og kvinner på alle område og nivå i kyrkja, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar.


Lagt inn 21 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen