Historisk arkiv

Utval skal greie ut nye reglar for tilskot til private skolar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Informasjonssjef Terje Flesjø, telefon 22 24 74 09, privat 69 28 68 70
Informasjonskonsulent Jon Aarekol, telefon 22 24 74 17, privat 22 22 44 84


Nr. 024-96, 19. april 1996

Utval skal greie ut nye reglar for tilskot til private skolar

Eit offentleg utval som skal gjennomgå den noverande tilskotsordninga for private skolar og måten denne vert praktisert på, vart fredag oppnemnt i Statsråd. Utvalet skal der det er behov gjere framlegg til endring i reglane for tilskotsordninga i privatskolelova. Utvalet skal m.a. gjere ei totalvurdering av alle sider som knyter seg til berekning og oppfølging av statstilskotet etter at det er vedtatt at ein privat skole er godkjend med rett til statstilskot.

Eit hovudpunkt i arbeidet vil verte å finne fram til eit system som på ein god måte syner reelle driftskostnader ved skolen og sikrar at skolar som har det same tilbodet også får lik handsaming. Tilskotssystema må dessutan vere oversiktlege, enkelt å bruke, lett å etterprøve og gi grunnlag for ei oppfølging i samsvar med dei føresetnader som ligg i det nye økonomireglementet for staten.

Det er ikkje aktuelt å vurdere spørsmål som gjeld kriterier for å godkjenne ein privatskole slik at denne får rett til statstilskot. Det er vidare føresett at tilskotsordninga er basert på eit regelstyrt system.

Utvalet består av desse personane:

  • Dagfinn Høybråten, rådmann, Nesodden, leiar
  • Anders Buttedal, underdirektør, Oslo,
  • Torgeir Flateby, generalsekretær, Oslo
  • Liv Fredriksen, kommunalråd, Stavanger
  • Eivind Heder, avdelingsdirektør, Sørum
  • Nils Holm, kommunaldirektør, Oslo
  • Berit Nafstad Lyftingsmo, utdanningsdirektør, Ullensaker
  • Karen Ohldieck, utdanningsdirektør, Grimstad
  • Arne Nicolaysen, repr. for Steinerskolene i Norge, Oslo
  • Elisabeth Norr, rektor, Sandefjord

Utvalet har frist til 15. januar 1997 med å avgi utgreiinga.


Lagt inn 26 april 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen