Historisk arkiv

Vekst i utdanningssektoren

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Pressemelding

Nr.076-96, Dato 4. oktober

Vekst i utdanningssektoren

Budsjettframlegget frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet for 1997 er på 27, 9 milliardar kroner. Den totale ramma vert med dette auka med 8,5 prosent i høve til 1996.

I tillegg blir løyvingane til utdanning auka ved at det blir lagt inn 740 millionar kroner i rammetilskotet til kommunane over Kommunal- og arbeidsdepartementet sitt budsjett. Dette er ein del av finansieringa av grunnskulereforma (Reform 97), som er eit prioritert område i 1997. Midlane til finansiering av Reform 97 gjeld berre siste halvdel av 1997, altså frå skulestart i august.

Framlegget til løyving til grunnskulen på KUF sitt område er på om lag 2 milliardar kroner. Dette er ein auke på om lag 30 prosent.

Løyvingane til etterutdanning, utvikling og produksjon av lærebøker og til utstyr i samband med Reform 94 er framleis eit satsingsområde.

Det vert satsa sterkt på høgre utdanning. Løyvingane aukar med nær 15 prosent.

Løyvingane til forsking vert førte vidare på eit høgt nivå. Det er gjort framlegg om å auke investeringane til vitskapleg utstyr til universiteta og høgskulane.

Oppfølginga av IT-planen for utdanningssektoren 1996-99 er også prioritert. Det er gjort framlegg om ein auke på 6 millionar kroner (18 prosent).

KUF sitt budsjett fordeler seg på følgjande hovudområde:


Framlegg 1997 (mill. kr.)Endring frå 1996*(prosent)
Administrasjon300 1326,8
Grunnskulen1 946 50430,4
Vidaregåande opplæring1 008 1232,9
Andre tiltak i utdanninga1 696 9636,8
Anna vaksenopplæring966 5582,3
Høgre utdanning12 799 63414,7
Forsking1 301 56710,8
Stipend og sosiale føremål142 0042,1
Den norske kyrkja751 7421,5
Sum27 913 2278,5

* Samanlikna med Stortinget sitt vedtak for 1996 (S III)

Statsråd Sandal:

Grunnskulereforma sikra

- Ein samla budsjettauke på om lag 8,5 prosent viser at skule og utdanning er prioriterte område i regjeringa sin politikk, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Reidar Sandal i ein kommentar.

- Budsjettet gir rom for ei rekkje tiltak. Grunnskulereforma er sjølvsagt prioritert. Med ein auke i løyvingane på over 30 prosent til grunnskulen i tillegg til midlane over KAD sitt budsjett sikrar vi dei tiltaka som må til for å få ein tilfredsstillande oppstart av Reform 97.

- Satsinga på vidaregåande opplæring held fram i 1997. Arbeidet med å skaffe nye lærekontraktar vil vere eit høgt prioritert område også i 1997. Det er gjort framlegg om å auke tilskotet til lærebedrifter med 20 millionar kroner. Målet er framleis at alle som har søkt om opplæring i bedrift skal kunne få tilbod om dette. Ventelistene for søkjarar til vidaregåande opplæring er hausten 96 halvert i høve til året før. Løyvingane til etterutdanning, utvikling og produksjon av lærebøker og til utstyr blir ført vidare på eit høgt nivå, sjølv om det her er ein reduksjon i tilskota samanlikna med 1996.

- Budsjettetframlegget for høgre utdanning viser kraftig vekst. Dette heng m a saman med at KUF frå 1. januar 1997 vil overta forvaltingsansvaret for Noregs landbrukshøgskole og Noregs veterinærhøgskole, og at vi vidarefører eit høgt tal på studieplassar på universitet og høgskular. Det er no til saman i overkant av 171 000 studentar i høgre utdanning her i landet.

- Løyvingane til forsking vert halde oppe på eit høgt nivå. Samarbeidet med EU under EØS-avtalen skal ha høg prioritet, likeins det nordiske samarbeidet. Eit nytt nasjonalt forskingsprogram om utdanning, kompetanse og verdiskaping i samfunnet er oppretta.

- Løyvingane til kyrkja gjev rom for 35 nye kyrkjelege stillingar hausten 96. Det er løyvt over 31 millionar kroner til å gjere ferdig arbeida ved Erkebispegården i Trondheim, byggjearbeidet på Vestfrontplassen og rehabilitering av nye lokale for Restaureringsverksemda ved Nidaros Domkyrkje.

- Arbeidet med etter- og vidareutdanning er i gang.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen