Historisk arkiv

Foredrag for lærarar i Sula og Ålesund 15. august 1996 «Med ein 10-årig grunnskule inn i eit nytt tusenår»

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


Statsråd Reidar Sandal

«Med ein 10-årig grunnskule inn i eit nytt tusenår»

Foredrag for lærarar i Sula og Ålesund 15. august 1996

Rolv Wesenlund har sagt om konservative at dei er menneske som meiner at noko bør gjerast, men ikkje nett no. I den forstand er dei fleste av oss konservative. Vi er mange som synest "forandring frydar" når det gjeld vanlege små ting i kvardagen: fargen på kleda, val av bilmodell, pålegget på matpakka. Når det kjem til dei store og viktige endringane i livet, er det ikkje fullt så enkelt. Det kjende og kjære går framfor det uvisse: "Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får." Endring skaper alltid uro og frykt for at det blir ei endring til det verre, ikkje til det betre.

Djuptgripande samfunnsreformer blir sjeldan møtte med stormande jubel, og grunnskulereforma er ikkje noko unntak. I veker og månader er reforma blitt møtt med sterk kritikk og protestar frå lærarorganisasjonar, pedagogar, foreldregrupper og politiske motstandarar. Krava har variert: Somme krev meir pengar til bygningar og skulebøker, andre ønskjer reforma utsett eller til og med stansa.

Eg vil seie: Grunnskulereforma handlar om å heve kvaliteten på den grunnutdanninga vi gir barna våre. Målet med reforma er å skape den beste grunnskulen i verda! Ikkje noko mindre.

Det står fast at innføringa av ein ny tiårig grunnskule skal skje i 1997. Det ligg eit grundig og omfattande arbeid bak reforma, og vi har fått brei politisk oppslutning om den. Vi har berre tida og vegen. Vi må komme vidare.

Her i landet er vi no i ferd med å byggje om heile utdannings-systemet vårt. Det starta med høgskulereforma hausten 1994: frå 100 høgskular til 26, knytte saman gjennom eit Noregsnett med fagleg spesifisering og arbeidsdeling som mål. 45 000 nye studieplassar kan vi smykke oss med sidan 1991. Så var det Reform 94 - rett til vidaregåande opplæring, og total omlegging av innhald og struktur. No følgjer Reform 97 - og lærarutdanningsreforma som er under arbeid. Det same gjeld opplæringstilboda for vaksne med behov for etter- og vidareutdanning. Så altså - ikkje stykkevis og delt, men fullt og heilt, er motto for regjeringa sitt reformarbeid i opplærings- og utdanningssektoren.

Så til grunnskulereforma:

I 1989 feira grunnskulen sitt 250-årsjubileum. Utviklinga gjennom desse hundreåra har gjennomgåande vore styrt av eit sterkt ønske om å forandre og utvikle samfunnet mot det betre for enkeltmennesket og fellesskapet. Det er ikkje berre skulen ein har hatt ønske om å forandre. Trua på opplysning, fornuft, menneskeverd og lik rett til utdanning for alle har òg vore ei drivkraft i kampen for eit godt samfunn. Noreg var eit av dei første landa som innførte ein 7-årig folkeskule. 9-årig grunnskule blei innført i 1969 - neste haust blir den obligatoriske skulegangen utvida til 10 år. I 1994 fekk all norsk ungdom rett til tre års vidaregåande opplæring. Vi er med det i ferd med å byggje opp ei 13-årig opplæring for alle.

Skulen har i alle desse åra vore ein viktig reiskap for å byggje nasjonen. Skulen har medverka til å forme eit felles språk, til å fremje felles verdiar, til å utvikle like dugleikar - kort sagt til å gjere innbyggjarane i landet til eitt folk.

Eit fargerikt fellesskap

Og landet vårt er i endring mot eit nytt tusenårsskifte; endringane er synlege og ugjenkallelege. La meg til dømes nemne internasjonalisering. I dag kjem nordmenn frå mange land, har fleire fargar og ulik tru. Mange møter dagleg landsmenn som ser annleis ut enn vi, er minoritetar, folk som har ein annan livsstil og opphav i andre verdsdelar.

Noreg er blitt ein synleg del av ei internasjonal verd - med gleder og sorger - men først og fremst full av utfordringar med sikte på å skape eit varig fredeleg samliv. Utfordringane står i kø: Vil ulikskap i kulturell bakgrunn slå ut i ulikskap i språkleg dugleik, i utdanning, i inntekt, i livssjansar? Vil etnisk ulikskap slå ut i nye klasseskilnader? Spørsmålet er på ingen måte hypotetisk.

I mange europeiske land er det alt oppstått eksplosive blandingar fordi framandspråklege er blitt verande outsidarar i eit nytt land.

Hos oss ser vi òg at ulikskapane slår ut i skulen, og seinare i arbeidslivet. Eg ønskjer å unngå dette. Derfor må skulen medverke både til å skape nødvendig fellesskap mellom grupper og til likeverd i utsiktene til eit verdig og rikt liv. Einskapsskulen har vore ein berebjelke i skulepolitikken i heile dette hundreåret. No har vi igjen gitt omgrepet eit nytt innhald.

Kunnskapsveksten

Ein annan viktig grunn til å tenkje gjennom opplærings-systemet vårt på nytt er kunnskapsveksten - sjølvsagt ei utfordring for skulen, som det organiserte fellesskap han er for læring og utvikling for den enkelte. Kunnskapsveksten er ei sterk samfunnsomveltande kraft. Kunnskap og kompetanse vil seie makt og medverknad. Velferda vår er avhengig av kva evne vi har til å vinne og utnytte kunnskap og til å meistre dei sosiale verknadene av kunnskapsveksten. Trusselen her er at dei teknologiske innovasjonane skal ekskludere ein større del av den vaksne befolkninga frå arbeidsmarknaden og frå eit meiningsfylt liv. For arbeidsmarknaden er ikkje noko som er - han er noko som heile tida blir noko anna. I eit samfunn der kunnskapsveksten gjer kunnskap avleggs, må skulen gi dugleik som varer livet ut. Utan dette gir kunnskapseksplosjonen det motsette av meistring: forvirring, angst og rådløyse. Allmenndanning har mellom anna si grunngiving i at for sterk spesialisering blir det same som feilutdanning, fordi ho raskt blir forelda. Det er dette som er bakgrunnen for auka vekt på allmenndanning, ikkje berre i grunnskulen, men òg i vidaregåande opplæring.

Ny kunnskap har òg ein moralsk dimensjon: Den tenkinga som sprengjer grensene for det moglege, må gå saman med ein etisk refleksjon og ein humanistisk tradisjon som set grenser for det tillatne.

Medierevolusjonen

Den tredje store utfordringa for skulen kjem frå ein internasjonal masse- og mediekultur som både einsrettar og passiviserer. Vi vaksne kan i liten grad styre det dei unge tek del i; inntrykk som går grunnverdiane i familien eller samfunnet imot, kan i liten grad stengjast ute. Her må skulen vere ein motkultur som gir elevane lyst til å ta alle skapande krefter i bruk, som held vår kultur i hevd og som hjelper alle til å gi livet reelt innhald.

Dei utdanningsreformene vi no gjennomfører i grunnskulen og i vidaregåande opplæring, må vi sjå på bakgrunn av dei utfordringane eg her har peikt på. I eit lite land som vårt gjeld det å samordne og målrette ressursane, dei menneskelege og dei materielle, for å sikre den nasjonale kompetansen og for å ta på alvor at det er vettet vårt - vår kløkt og innsikt og fantasi - vi skal ause av framover.

Barn sine oppvekstvilkår

Men reforma i grunnskulen har endå ein grunn.

I dag har dei fleste barn tryggleik, omsorg, høve til læring og kulturell stimulering i eit omfang ingen generasjon før har opplevd. Men ei gruppe barn - det kan sikkert diskuterast om ho er blitt større - fell utanfor og får ikkje tilgjenge til den sosiale og kulturelle utvikling, oppseding og læring dei har behov for. Det er også eit faktum at levevilkåra har endra seg for barn og unge.

I dag er det vanleg at foreldra er i arbeid utanfor heimen. For barn og unge har dette ført til mindre kontakt med dei vaksne si verd og eit skarpare skilje mellom opplæring, arbeid og fritid. Kompetanse for framtidig arbeids-, familie- og samfunnsliv kan derfor ikkje lenger byggje berre på tradisjonar og erfaringar frå familien og det nære miljøet. Samfunnet må i samarbeid med heimen ta eit større ansvar for at barn og unge bur seg til livet som vaksne. Skulen har òg eit oppsedarmandat.

I eit samfunn i stadig forandring vil evne til omstilling kombinert med evne til samhandling og ansvar for seg sjølv og andre vere sentrale føresetnader for eit rikt liv. For å lykkast må barn og unge ha fleire modellar og møte ulike måtar å forstå røyndommen på. Dette er eitt av fleire grunnlag for grunnskulereforma og det nye læreplanverket.

Derfor er Reform 97

  • ei skulereform, som gjennom å utvide grunnskulen til 10-år gir alle 6-åringar rett til ei likeverdig opplæring samtidig som det vert innført eit nytt læreplanverk for opplæringa i heile grunnskulen.
  • ei barnereform, som gir grunnskulen ansvar for å medverke til å gi barn gode oppvekstvilkår og rike impulsar i eit allsidig læringsmiljø.
  • ei familiereform, som ved å byggje ut skulefritids-ordningane gir tilbod til dei yngste elevane.
  • ei kulturreform, der skapande aktivitetar og uttrykksformer blir ein viktig del av kvardagen i skulen, i eit samarbeid med lokale institusjonar.

6-åringane

Bjørnstjerne Bjørnson har i "En glad gutt" skildra den forventinga hovudpersonen har til skulen:

Øivind hadde hørt at skolen var et sted hvor mange gutter lekte, og det hadde han ingenting i mot. Han var meget fornøyd, på gården hade han vært ofte, men ikke når der var skole og han gikk fortere enn moren opp over bakkene, for han lengtet.

I den debatten vi har hatt dei siste åra - for ikkje å seie den siste tida - om 6-åringane i skulen, kan ein ofte få inntrykk av at 6-åringane delvis er ein mystisk rase som aldri tidlegare har hatt kontakt med skulen. At vi står totalt utan erfaringar med denne gruppa barn. Det er ikkje tilfelle.

I heile etterkrigstida har ein drøfta det pedagogiske tilbodet til 6-åringane i ulike utgreiingar: Samordningsnemnda (1947), Folkeskulekomiteen (1963) og Normalplanutvalet (1967) tok opp spørsmålet, og mykje forsøks- og utviklingsarbeid er gjennomført. Forsøket med pedagogisk tilbod til 6-åringar i tida 1986-89 er det største og mest omfattande prosjektet, og det som ligg nærast i tid.

Departementet sende i 1991 ut rundskriv om statstilskott til skulefritidsordningar, og oppmoda samtidig kommunane om å førebu vedtak om tilbod til 6-åringane i skulen sine lokale. Same året blei barnehagelova endra i samsvar med dette, og ordninga med stimuleringstilskott blei etablert. På bakgrunn av dette kan ein seie at kommunane har hatt etter måten lang tid til å førebu inntak av 6-åringane i skulen.

Ved utgangen av 1995 hadde 48% av alle 6-åringar eit pedagogisk tilbod på skulen. Av desse hadde halvparten eit skulefritidstilbod. 69 % av kommunane har på denne måten skaffa seg verdifull erfaring før reformstart.

Skulefritidsordningar (SFO)

Det er etablert skulefritidsordningar i 85% av kommunane i landet, og desse skal vere eit frivillig tilbod til elevar i 1. - 4. klasse, utanom den obligatoriske skuletida.

Innhaldet i og organiseringa av SFO skal tilpassast lokale forhold, omfatte 6-9-åringane og ta utgangspunkt i deira særeigne utviklingsbehov, der omsorg og gode vilkår for leik, sosial læring og deltaking i kulturverksemd vil vere hovudmål. Det vil framleis bli gitt statlege øyremerkte tilskott til SFO.

Endring i lov og forskrift

Stortinget gjorde våren 1996 dei nødvendige vedtaka knytte til innføring av ein 10-årig grunnskule. Eg vil her nemne to forhold:

Lærarressursar i 1. klasse/førskulen

1. klassar med meir enn 18 elevar skal ha to pedagogar i kvar undervisningstime. I fådelte skular, der 6-åringane går i aldersblanda klassar, medfører forslaget krav om to lærarar i kvar undervisningstime dersom klassen har meir enn 18 elevar.

I tillegg til denne lærarressursen skal 1. klassen sjølvsagt ha ekstra ressursar til spesialundervisning etter enkeltvedtak og til norsk- og morsmålsopplæring for framandspråklege elevar.

Kompetansekrav for førskulelærarar

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå utdanningskrava i lærarutdanningslova, slik at førskulelærarar kan tilsetjast på 1.- 4. klassetrinn i grunnskulen.

I arbeidet med forskriftene tek departementet sikte på at førskulelærarane skal kunne undervise i den nye 1. klassen/ førskulen utan vidare. Dersom dei ønskjer å undervise på 2. - 4. klassetrinn, må dei ha eitt års vidareutdanning for arbeid på småskuletrinnet. I ein overgangsperiode vil dei kunne tilsetjast utan vidareutdanning dersom dei skaffar seg relevant kompetanse innan 5 år.

Eit nytt læreplanverk

I avisartiklar og intervju har reforma vorte framstilt som forhasta, dårleg planlagd, ukoordinert og skadeleg for barna. "Vi stjeler et år av barnas liv, driver dem ut av eventyret og paradiset ett år for tidlig," hevda forfattaren Øistein Parmann i ein kronikk i Aftenposten i vår. "Målet med reformen er praktiske, økonomiske og rasjonelle; de voksnes mål. Ingen snakker om barnet og hva det har best av," skriv Parmann.

Grunnskulereforma er ikkje eit sparetiltak. Grunnskulereforma skal ikkje gjere barndommen kortare eller hindre den frie barneleiken. Gjennom leik og læring skal skulen, i samarbeid med foreldre og lokalsamfunn, gjere ungane betre rusta til å møte ein krevjande kvardag; gi dei tryggleik og eit solid fundament for å utvikle seg i arbeid, samfunn og familie.

Vi skal ikkje jage barna ut av eventyrland. Tvert imot. I større monn enn i dag skal leiken og eventyra inn i skulen. Læreplanen inneheld eventyr og mytar i rikt monn. Norskfaget har ein spesiell plass. Norsk er eit danningsfag. Elevane skal møte Asbjørnsen og Moe, Brødrene Grimm, Tor med hammaren - men og kjende barnebokforfattarar som Astrid Lindgren, Torbjørn Egner, Anne-Cath Vestly og Alf Prøysen. På mellomsteget kjem Bjørnson, Aasen, Oscar Braaten, Per Sivle og ungdomsromanar. På ungdomssteget J. Borgen, Nedreaas, Vesaas og Ibsen for å nemne nokre.

Forteljinga og høgtlesing er gitt romsleg plass på heile småskulesteget. Sjølv om datamaskinen kjem inn, vil ordet, munnleg og skriftleg, ha stor plass i opplæringa i grunnskulen. Grunnskulereforma er med andre ord òg ei kulturreform!

Den er på same tid også ei innhaldsreform. Det er utarbeidd ein ny læreplan for den tiårige grunnskulen. Einskapsskuletanken har vore styrande for norsk skulepolitikk gjennom store delar av dette hundreåret og er ein viktig del av den sosialdemokratiske tradisjonen. Målet har vore lik rett til utdanning for alle, uavhengig av kjønn, rase, geografi og sosial status. Alle barn og unge skal få dei same vilkåra.

Einskapsskulen skal førast vidare og styrkjast. Skulen skal gi alle barn og unge del i ein sosial, fagleg og kulturell fellesskap bygd på den same læreplanen. Samtidig skal den felles læreplanen gi høve til tilpassing ut frå individuelle førsetnader og behov. Fellesstoffet er styrkt i den nye læreplanen. Hovudinnhaldet i kvart fag er nøye presisert, slik at kvar elev kan få del i det ut frå sine eigne føresetnader.

Prinsipp og retningslinjer for opplæringa og læreplanane for faga blei lagde ut på Internett 5. august, og alle kommunar har fått tilsendt ein masterdiskett med tilsvarande innhald, som kan kopierast. Den trykte versjonen av det nye læreplanverket er under ferdigstilling.

Læreplanverket for grunnskulen omfattar

  1. Læreplan for grunnskule, vidaregående opplæring og vaksenopplæring - generell del
  2. Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskulen
  3. Læreplanar for faga

Generell del er innført, med verknad frå september 1993. Det samla læreplanverket skal innførast over ein treårsperiode:

1997-19981., 2., 5. og 8. klasse
1998-19993., 6. og 9. klasse
1999-20004., 7. og 10. klasse

Departementet vil gi retningslinjer for tilpassing av innføringstakten til lokale forhold - blant anna i udelte og fådelte skular.

Innføring av nytt læreplanverk krev tilpassingar i ein overgangsperiode. Mange har erfaring frå innføringa av M87, noko som vil komme til nytte når det nye læreplanverket for den 10-årige grunnskulen skal takast i bruk. Noko er likevel annleis.

Dei elevane som tar til i 1. klasse/førskulen i 1997, blir det første årskullet i den 10-årige grunnskulen. Innføringstakten fører til at elevar som skuleåret 1997-98 begynner i 2. klasse, vil følgje det nye læreplanverket i eit 9-årig løp. Elevar i 3. til og med 8. klasse vil skifte til det nye læreplanverket for den 10-årige grunnskulen, men har eit 9-årig løp. Departementet vil gi rettleiande retningslinjer for den samordninga og tilpassinga som dette krev. Dette er gjort kjent i rundskriv F-75/96 til kommunane.

Generell del gir dei overordna måla som opplæringa i grunnskulen skal sikte mot.

Prinsipp og retningslinjer for opplæringa utgjer eit bindeledd mellom generell del og læreplanane for fag. Denne delen av planverket er utforma med grunnlag i den generelle delen, og gir ei nærare konkretisering av opplæringa i grunnskulen.

I forlenginga av desse føringane kjem læreplanar som omtalar det fellesstoffet - dei kunnskapane, dugleikane, opplevingane og erfaringane - som alle elevane skal ta del i i opplæringa.

Det nye læreplanverket utgjer samla det forpliktande og heilskaplege grunnlaget for opplæringa i den 10-årige grunnskulen.

Vidareføring og fornying

Gjennom eit sentralt fastsett fellesstoff skal opplæringa i den nye 10-årige grunnskulen bidra til å føre vidare dei verdiane, den kunnskapen og dei dugleikane som samla utgjer den felles kulturarven vår. Samtidig er det lagt vekt på fornying. Skal skulen opplevast som meiningsfylt, må han ha relevans for den samtida han og elevane er ein del av.

Oppbygging av læreplanane for faga

Oppbygginga av læreplanane er basert på einskapsskule-prinsippet om likeverd, fellesskap og tilpassing. I læreplan-samanheng blir dette grunnleggjande prinsippet kalla «den omvende pyramiden», det vil seie at det sentralt fastsette lærestoffet aukar oppover på trinna. Dette sikrar elevane stor grad av eit felles og likeverdig grunnlag ved inngangen til vidaregåande opplæring. At alle elevar får del i eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag, er òg med på å gi oppveksande generasjonar eit felles grunnlag som samfunnsmedlemer.

Fellesskapstanken krev òg tilpassing, som eg alt har nemnt. Tilpassa opplæring skal derfor vere eit overordna prinsipp. Elevane skal få møte oppgåver og utfordringar dei kan strekkje seg etter og vekse på, og som dei maktar og meistrar. For å møte individuelle behov må derfor både felles og lokalt lærestoff i den «omvende pyramiden» tilpassast føresetnadene til elevane.

Eigenarten i hovudtrinna

Eit fornyande trekk ved læreplanane i den 10-årige grunnskulen er profileringa av dei tre hovudtrinna når det gjeld innhald og arbeidsmåtar.

Småskuletrinnet skal til dømes vere prega av tradisjonar både frå barnehagen og skulen. Læreplanane krev derfor eit vekslande samspel mellom leik og temaorganisering av innhaldet i opplæringa. På dette hovudtrinnet er det naturleg å gå gradvis over frå temaorganisering til ei meir fagdelt organisering.

På mellomtrinnet står faga tydelegare fram. Opplæringa skal gjere at elevane konsoliderer og utviklar vidare den kunnskapen, dugleiken og dei holdningane dei har tileigna seg dei første åra. Lærarane må samarbeide om progresjon og arbeidsmåtar som gir ein god overgang frå mellomtrinnet til ungdomstrinnet.

Ei av dei største utfordringane vi står overfor, er å utvikle vidare ungdomstrinnet. Opplæringa må her både stille krav til fagleg innsikt og leggje større vekt på å utvikle elevane si sjølvstendige læring, samtidig som ho blir relevant for den livsfasen elevane er i. Fornying av arbeidsmåtar og organisering, både gjennom tema- og prosjektarbeid, er kanskje det første steget i denne vidareutviklinga. Særleg gir prosjektarbeid grunnlag for at elevane får både større ansvar for eiga læring og betra føresetnader for fordjuping gjennom vitskaplege tenke- og arbeidsmåtar.

Trinnprofilering og fornying av organisering og arbeidsmåtar er blant dei viktigaste utgangspunkta for arbeidet med dei nye læreplanane i den 10-årige grunnskulen.

Læreplanane for faga

Læreplanane er bygde opp etter den same malen:

Innleiinga skisserer faget sin plass i skulen og dei arbeidsmåtane som bør stå sentralt i det enkelte fag.

Felles mål for faget seier kva opplæringa i faget samla skal sikte mot.

Mål for hovudtrinna seier kva opplæringa i faget skal sikte mot når det gjeld kompetansen til elevane innanfor kvart målområde i faget.

Hovudmomenta viser det sentralt fastsette innhaldet i faget for kvart klassetrinn. Dei fortel kva opplæringa skal romme innanfor kvart målområde.

Ein av hovudnøklane for å kunne forstå og praktisere det nye læreplanverket er å kjenne oppbygginga av læreplanane. Ein annan nøkkel er den gjennomgåande samanhengen mellom generell del, prinsippa og retningslinjene for opplæringa og læreplanane for faga. Det er spesielt viktig å feste seg ved dei verdimessige og kulturelle føringane som er nedfelte her.

Verdimessige og kulturelle føringar

Heilt kort vil eg peike på nokre av desse føringane.

Opplæringa skal byggje på kristne og humanistiske verdiar. Samtidig som grunnskulen har ei klar verdimessig plattform, skal han vere inkluderande og vise respekt for ulike kulturar, trus- og verdioppfatningar. Det er viktig å gi elevane del i grunnleggjande demokratiske verdiar, der dei gjennom opplæringa skal få innsikt i og respekt for demokratiske ideal og spelereglar. Eg vil òg peike på mål og innhald i planane for klasse- og elevrådsarbeid.

Den estetiske dimensjonen i faga inneber at ein legg større vekt på skapande verksemd og refleksjon, opplevingar og uttrykk, og ei medviten holdning til kunst og estetikk. Fornyinga gjennom faget Kunst og handverk er eit døme på dette. Dessutan vil eg understreke at den estetiske dimensjonen skal løftast fram i alle fag.

Læreplanane legg stor vekt på praktiske aktivitetar, oppgåver og erfaringar, og på samanhengen mellom teori og praksis. Dette kjem òg til uttrykk i det planane seier om arbeidsmåtar og praktisk arbeid. Det vert her lagt vekt på at elevane skal møte praktiske og konkrete oppgåver som kan utløyse spørsmål som krev grunngitte svar. Det gjeld i enkeltfag, på tvers av fag og i tema og prosjekt. På den måten kan elevane sjå samanhengar mellom praksis og teori og mellom handling og kunnskap. Dette vil gjere opplæringa meir levande og livsnær.

Ei anna føring er den vekt læreplanane legg på sjølvstendig arbeid og på forståing for samarbeid. Evna til å kommunisere skal utviklast slik at elevane blir betre i stand til å uttrykkje tankar, kjensler og meiningar - og til å respektere og vurdere andre oppfatningar og motførestellingar. Denne dimensjonen vert òg underbygd av det planane framhevar i sin omtale av fornyande arbeidsmåtar.

Natur- og miljødimensjonen har ein sentral plass i dei nye læreplanane. Kritikken av kunnskapsnivået i naturfag har fått eit svar både ved at elevane møter det nye natur- og miljøfaget alt på småskuletrinnet, og ved at timetalet er auka.

Oppvekst- og læringsmiljø

Skulen skal ikkje vere ei «isolert øy» i samfunnet. I prinsippdelen av planverket er det ein eigen omtale av oppvekst- og læringsmiljøet. Under dette avsnittet i plandelen vert særleg prinsippa for samarbeidet mellom heim og skule, mellom skule og lokalsamfunn og i skulen omtalt.

Gjennom den nye obligatoriske aktiviteten som i fagplanane har fått namnet «Skolens og elevenes valg», vert det lagt opp til eit nærare samspel mellom foreldre, skule og nærmiljø. Her ligg det no ei utfordring og eit tilbod om å forsterke skulen som lokal kulturinstitusjon. Det er derfor viktig at det blir lagt til rette for variert og allsidig bruk av skuleanlegg. Skulefritidsordningane får òg større variasjon gjennom eit nærare samarbeid med ulike kultur- og fritidstiltak i lokalmiljøet. Rådsorgana i skulen bør yte sitt i ein felles innsats for å utvikle oppveksmiljøet for barn og unge i det enkelte lokalmiljø.

Lokalt arbeid med læreplanane

Det lokale arbeidet med læreplanane skal mellom anna danne grunnlag for lærarane si planlegging av undervisninga på klasse- og elevnivå. Det er ei utfordring å skape god samanheng mellom det sentralt fastsette og det lokalt utforma innhaldet i læreplanane og å følgje opp måla frå generell del og prinsipp og retningslinjer for opplæringa.

Lokale tilval og konkretiseringar skal utfylle og utdjupe innhaldet og bidra til å gjere levande og tilpasse det til dei erfaringane og føresetnadene elevane har. Det er viktig å sjå hovudmomenta i læreplanane i samanheng og ikkje kvar for seg. Slik kan det skapast god heilskap og samanheng i opplæringa. Læreplanane gir lærarane godt rom for fagleg skjønn for å sikre lokal og individuell tilpassing. Det er viktig å sjå lokalt arbeid med læreplanane i samanheng med lokalt utviklingsarbeid.

Etterutdanning - kompetanseutvikling

Etter handsaminga av revidert nasjonalbudsjett i juni er det for i år sett av 60 mill kroner på statsbudsjettet til kompetanseutvikling for leiarar og lærarar i grunnskulen.

Det er utarbeidd ein kompetanseutviklingsplan for perioden 1996-99, der etterutdanning for personalet i grunnskulen utgjer ein hovuddel. Samtidig må andre grupper med ansvar og oppgåver i grunnskulen få relevant informasjon. Kompetanseutviklingsplanen vender seg i første rekkje til dei som skal planleggje, koordinere og gjennomføre kompetansefremjande tiltak. Han vil bli følgt opp av årlege handlingsplanar.

Prioriterte tema og fag i kompetanseutviklingsplanen er mellom anna leik og læring, temaorganisert opplæring og prosjektarbeid, kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering, norsk, kunst og handverk og natur- og miljøfag.

Til slutt:

Ei vellykka reform er avhengig av at vi får oppslutning hos dei som skal setje reforma ut i livet, hos dei som skal praktisere den nye læreplanen, og hos dei som sender barna sine til skulen. For oss som trur på denne reforma, blir det derfor ei viktig oppgåve i månadene framover å prøve å overtyde tvilarane om at reforma vil gi oss ein betre grunnskule.

Eg håper no at vi kan gå saman om å gi seksåringane ein best mogleg skulestart, at vi ikkje gløymer dei andre elevane i grunnskulen, og heller ikkje lærarane som møter store spennande utfordringar med eit nytt årskull i skulen og ein heilt ny læreplan.

Og reformarbeidet held fram, som eg nemnde i innleiinga. All lærarutdanning blir no sett under lupa. Eit utval skal hausten 1996 leggje fram ei utgreiing som vil bli gjort offentleg i NOU-serien. Reformene i grunnskulen og vidaregåande opplæring krev at vi nøye vurderer om lærarutdanninga er godt nok tilpassa, om det nye læreplanverket «sit» tilstrekkeleg godt i høgskulesystemet når det gjeld innhald, ideologi, arbeidsmåtar, kunnskaps- og læringssyn, elev- og lærarrolle og leiing. Det skal vi finne ut - og modernisere og reformere om nødvendig. Og så er det dei vaksne og deira behov for etter- og vidareutdanning. Arbeidet er allereie i gang.

Eg vil slutte med eit utsnitt frå Kolbein Falkeid sitt dikt God tur, skolepike:

...
går du
til dine første skoledager.
Ansiktet ditt ryker av en forventning
like eksplosivt fruktbar
som en nybrøytet åker i regnskoglandene.

Å såmenn,
vær rene på hendene og barhodede
når dere med såkorg går ut på dette jordet.
Jeg tror ikke kunnskapene dere kaster ut
er spilt korn, men jeg vet:
alt som uten baktanker,
uten skepsis, umaskert
og uvettig vergeløst
går ut i livet med tilliten
som et kostbart gulleple i hendene
er hellig

Eg ønskjer dykk lykke til i arbeidet!


Lagt inn 16 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen