Historisk arkiv

Foredrag på fylkeskommunane sin utdanningskonferanse i Kirkenes 7. august 1996 «Kunnskap skal styra Riki og Land, og Yrkje skal Baaten bera»

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


Statsråd Reidar Sandal

Foredrag på fylkeskommunane sin utdanningskonferanse i Kirkenes 7. august 1996

«Kunnskap skal styra Riki og Land, og Yrkje skal Baaten bera»

(A.O. Vinje, Dølen nr 24/1859)

Vi er no midtvegs i gjennomføringa av Reform 94 for dei elevane og lærlingane som skal avslutte med fag- eller sveinebrev. For dei elevane som siktar mot studiekompetanse, er 2/3 av løpet ferdig. Reform 94 har halde stø kurs - sjølv om det av og til har blåse hardt. Det har vore eit solid fleirtal i Stortinget bak dei vesentlege prinsippa, og sjølv med forsøk på spekkhogging og diverse omkampar frå eit lite mindretal, navigerer reformskuta støtt.

Reform 94 er ein av grunnsteinane i den omfattande reformpolitikken som Regjeringa har tatt initiativet til, og som er gjennomført i 90-åra. Det er viktig å sjå samla på denne politikken. Det gjeld samanhengen mellom grunnskulereforma (R 97) og R 94 og reforma i universitet og høgskular. Eit offentleg utval går no gjennom all lærarutdanning og vil setje fram forslag til revisjon av lærarutdanninga i september månad. Dessutan arbeider departementet no med eit forbetra opplegg for etter- og vidareutdanning for vaksne. Det overordna siktemålet er å heve kompetansen i befolkninga generelt. Eit samla reformarbeid gjer det mogleg å leggje vekt på samanheng og god progresjon mellom utdanningsnivåa og kvalitet og gjennomstrøyming i utdanningssystemet. For eit lite land som Noreg er det viktig å utnytte det potensialet som den enkelte representerer. Eit breidt kunnskapsomgrep som òg rommar praktisk handlag og gode arbeidsvanar, at det blir lagt vekt på felles kultur og verdigrunnlag er vesentleg for å gi alle lik rett til utdanning med bakgrunn i eigne føresetnader.

Dersom vi ser Reform 94 i dette perspektivet, og trekkjer linjene tilbake til den utdanningspolitiske plattforma som blei meisla ut etter krigen, er vidaregåande opplæring kanskje den viktigaste nyvinninga når det gjeld å byggje ut einskapsskulen. Utdanning for alle er uavhengig av sosial status, kjønn, rase, bustad og derfor basert på likeverd. Frå 1997 vil all ungdom ha rett til eit trettenårig opplæringstilbod. Få andre nasjonar kan rose seg av det.

Det er kompetanse og dugleik vi skal leve av framover. Reform 94 har som mål å skape grunnlag både for ein brei allmennfagleg og ein brei yrkesfagleg kompetanse. Slik rustar vi oss til møte med framtida både når det gjeld eit felles kunnskapsfundament og evne til fleksibilitet og omstilling. Innanfor såvel EU som OECD blir omgrepet humankapital i tydinga «livslang læring» stadig lagt vekt på som ein føresetnad for verdiskaping og sysselsetjing. Det er stor internasjonal merksemd retta mot våre løysingar av utfordringane innan vidaregåande opplæring, ein modell som legg vekt på den sterke koplinga mellom yrkesopplæring i skule og bedrift.

Ein viktig føresetnad for læring er aktiv medverknad. I Reform 94 har eleven og lærlingen hovudansvar for eiga læring og dermed si personlege og faglege utvikling. Læring skjer i og ikkje med eleven og lærlingen. Sentrale verdiar i m.a. generell del av læreplanen og i dei fagspesifikke læreplanane er å utvikle ei etisk grunnholdning, som er slitesterk i møte med eit verdipluralistisk og informasjonstett samfunn. Demokrati, menneskeleg trivsel og lykke kviler m.a. på evne til å kunne vurdere samfunnsutviklinga kritisk ut frå eit etisk fundament. Utdanning som grunnlag for vidare personleg og fagleg utvikling, som basis for livslang læring, handlar òg om sysselsetjing og verdiskaping. Reform 94 legg vekt på at den enkelte skal få høve til å utvikle seg til heile og integrerte menneske, godt rusta både fagleg og sosialt. Eg meiner dette er eit vilkår for ei berekraftig utvikling og eit sunt samfunn, der menneska t.d. har kunnskap som skaper teknisk innovasjon, og samtidig har evne til å vurdere korleis teknologien skal brukast til beste for fellesskapet. Den sosiale og medmenneskelege evna i befolkninga er, ved sida av å kunne yte sitt beste i forhold til verdiskapinga, ein føresetnad for ei vidare utvikling av velferdsstaten. Derfor er lik rett til utdanning eit av dei fremste kjenneteikna på ein godt fungerande velferdsstat. R 94 er her ein milestolpe; like eins R 97 - den 10-årige grunnskulen - og at Noreg no er i verdstoppen når det gjeld tilgang på høgre utdanning.

Rekneskap - midtvegs

Om lag midtvegs i gjennomføringa av Reform 94, finn eg grunn til å leggje fram ein rekneskap. Kva mål blei sette, og kva er resultata så langt? Eg vil i her kort ta opp 8 punkt. Deretter vil eg ta for meg enkelte område noko grundigare.

Punkt 1. All ungdom mellom 16 og 19 år har rett til 3 år vidaregåande opplæring som fører fram til yrkesutdanning, studiekompetanse eller delkompetanse.

1. juni i år vart det registrert at 97,6 % av rettshavarane er under opplæring eller i arbeid. Mellom 90 og 95 prosent kom inn på sine førsteval, både på grunnkurs og vidaregåande kurs 1. Dette er eit resultat som vi må seie oss nøgde med. Fylkeskommunen har gjort jobben sin så langt. Karakterane syner at 92,1 % av elevane på Vk I har bestått i alle fag. På grunnkurset er talet 89,3 %. Myten om at elevar på yrkesfag ikkje klarer dei allmenne faga, er punktert. Heile 97-99 % av elevane på yrkesfaglege linjer har bestått i desse faga.

Punkt 2. Det har vore ei målsetjing at gjennomstrøyminga skulle bli betre og talet på omval skulle reduserast.

Talet på omval har gått ned. I kullet som begynte på vidaregåande opplæring i 1991, var det 75,5 % som begynte på Vk I innanfor same studieretning. Årsaka til omval var ofte manglande tilbod om plass på Vk I innanfor studieretninga. For reformelevane er talet på elevar som går vidare til Vk I, 81,3%. Reforma har i stor grad fjerna dei strukturelle hindringane for gjennomføring frå grunnkurs til Vk I. Heile denne auken har komme i yrkesfaglege studieretningar. Når det gjeld inntak til Vk I, fekk 94,3 % av rettselevane, som gjekk rett frå grunnkurs til Vk I, innfridd førsteønsket sitt.

Punkt 3. Det har vore ei målsetjing å dreie vala til dei som søkjer utdanning meir i retning av yrkesfag.

Dette har vi lykkast med (som eitt av dei få land i Europa). I det første reformåret var det ei markert dreiing mot yrkesfag. Denne tendensen ser ut til å ha stabilisert seg.

Punkt 4. Kvar fylkeskommune er pålagd å etablere ei oppfølgingsteneste.

I alle fylka blei oppfølgingstenesta etablert det første året av reforma. Rapportane frå oppfølgingstenesta viser at ein har god oversikt over rettsungdommen. Kvar einskild elev som ikkje er under opplæring eller i arbeid, blir kontakta. Nesten 98 % av dei ca 105 500 rettselevane var pr 1. juni 1996 under opplæring eller i arbeid.

Oppfølgingstenesta har i løpet av siste skuleår hatt kontakt med ca 6 800 ungdommar (6,4 % av rettselevane) som har hatt behov for hjelp og oppfølging. Det vil seie at heile 93,6 % ikkje har hatt behov for hjelp. 4 600 av desse ungdommane har tatt i mot tilbod om opplæring eller arbeid gjennom oppfølgingstenesta. Vel 1 500 ungdommar var pr 1. juni framleis under aktiv rettleiing og oppfølging. Berre 145 ungdommar var ukjende, det vil seie at oppfølgingstenesta ikkje har oppspora dei. Dette er oppsiktsvekkande gode resultat. Fylkeskommunane og deira samarbeidspartnarar har gjort ein solid innsats for å etablere ei funksjonell oppfølgingsteneste.

Punkt 5. Målet var å etablere eit samla og gjennomgåande læreplanverk.

Det er til no utvikla i underkant av 400 læreplanar. Det vil totalt bli utvikla om lag 450 læreplanar, inkludert læreplanar for teknisk fagskule. Alle læreplanane er målstyrande.

Det er utvikling av elevane og lærlingane sine kunnskapar og deira kompetanse som er siktemålet med all opplæring. Dette er tydelegare understreka i desse læreplanane enn tidlegare.

Punkt 6. Reform 94 har som mål å leggje eit viktig grunnlag for utvikling av kompetanse og kunnskap, både i allmenne fag og yrkesfag.

Det krev endringar, ikkje berre i læreplanar - men og i den daglege praksis i skulen. Den interesserte og motiverte eleven - og læraren - lærer mest og best. Derfor har departementet utarbeidd støttemateriell til elevar og lærarar til bruk i opplæringa. Dette er mellom anna meint å vere til hjelp for å utvikle gode samarbeidsrelasjonar mellom dei unge og læraren og skuleleiinga.

Eg vil nemne «Vegvisaren» for elevar i skulen. Ein tilsvarande «vegvisar» er utvikla for lærlingar i bedrift. Det er òg utvikla om lag 40 metodiske rettleiingar til støtte for dei som har ansvar for opplæringa i skulen. For opplæring i bedrift er det for tida under arbeid fleire rettleiingar som blir tatt i bruk i løpet av hausten. Desse er retta motbedriftsleiarar, faglege leiarar, instruktørar, ansvarlege i opplæringskontor og -ringar og andre som har med opplæring i bedrift å gjere.

Om lag 40 000 lærarar har tatt del i etterutdanningsprogrammet som er utvikla i samband med Reform 94, og det er planlagt etterutdanning for om lag 20 000 instruktørar i bedrifter i 1996. Stat og fylkeskommunar vil innan utgangen av 1996 ha brukt om lag 430 millionar kroner til ulike etterutdanningstiltak. Til gjennomføring av Reform 94 har staten hittil løyvt ca. 700 mill. kroner til utstyr og ombyggingar.

Punkt 7. Kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av opplæringa har vore ei målsetjing. Forutan dei nemnde tiltaka - støttemateriell og etterutdanning, som er kvalitetsutviklande i seg sjølv - er det utvikla ei ny forskrift for elev- og lærlingvurdering. Forskrifta omfattar både vurdering som skal avsluttast med ein karakter, og vurdering som skal gi rettleiing under vegs. I tillegg har fylkeskommunane fått i oppgåve å sjå til at skule- og bedriftsbasert vurdering vert gjennomført. Dette er vurdering av i kva grad skulen eller lærebedrifta si organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa vil nå dei måla som gjeld for opplæringa.

Som det førebels siste bidraget til kvalitetssikring, har KUF no sendt ut opplæringsboka, i første omgang til bruk i bedriftene, og seinare etter planen òg i skulen.

Punkt 8. Det var eit vilkår at fylkeskommunen skulle ha ei dekningsgrad på minimum 375% av eit gjennomsnittleg årstal m.a. for å dekkje etterspurnaden frå vaksne.

Tala departementet sit inne med, viser at det i dei fleste fylka har vore ei nedbygging av vidaregåande opplæring under reforma slik at omfanget av vidaregåande opplæring no utgjer mindre enn 375 % på landsbasis. Dette var ikkje meininga. Planleggingstal for neste år gir heldigvis lovnad om ein auke i omfanget neste skuleår.

Det er ein klar positiv balanse i denne midtvegsrekneskapen. (Kor viktig det er å få overskot i rekneskap, kjenner eg til frå tida mi i finanskomiteen). Dei målsetjingane vi hadde med reforma, - og som eit breitt fleirtal i Stortinget gjekk inn for - er i stor grad i ferd med å bli innfridde. På mange måtar kan ein sjå Reform 94 som ein utdanningspolitisk dugnad. Då er det hyggeleg at vi i fellesskap stort sett har lykkast så langt. Eg vil gi ei særskilt ros til fylkeskommunane for det arbeidet som er blitt gjort med oppfølging og tilrettelegging. Partane i arbeidslivet har vore medspelarar og medskaparar i heile prosessen og har komme med verdfulle bidrag. Lærarorganisasjonane har medverka konstruktivt på det faglege området, og elevorganisasjonane har gjennom sitt utålmod pressa reforma framover. Ikkje minst har leiarar og lærarar ved den enkelte skule vist evne til omstilling og pågangsmot som saknar sidestykke.

Vi er ikkje i mål

Eg har no hatt ein grov gjennomgang i forhold til nokre av dei måla som blei sette for Reform 94. Det vil vere feil og utruleg blåøygd å tru at ein har funne alle dei endelege løysingane. Vi må heile tida vurdere kritisk dei løysingane som blir valde. Samstundes må vi leggje vekt på å skilje mellom overgangsproblem og utilsikta effektar av meir permanent karakter. Eg har fleire gonger åtvara mot å bruke raudblyanten for tidleg. Ei så gedigen omlegging av vidaregåande opplæring må få gå seg til - utan at ein for tidleg rokkar ved sjølve fundamentet. Det er i tillegg viktig å ha nok is i magen slik at ein ikkje vel kortsiktige løysingar, som på lengre sikt gir uheldige konsekvensar.

Internasjonal forsking har peika på kor vanskeleg det er å setje i verk endringar i utdanningssystemet. Særleg er to faktorar spesielt kritiske. Det eine er at mykje av endringspolitikken har vore bitvis og prosjektorientert. Det andre er at endringar som krev samarbeid mellom ulike forvaltningsnivå, har vist seg å vere vanskelege. I forhold til det første kan R 94 neppe seiast å vere bitvis. I forhold til den andre hindringa trur eg at vi vil gjere forskinga til skamme, eller at gjennomføringa av Reform 94 er unntaket som stadfestar regelen.

Auka kunnskap og sikrare vurderingar

Ved OECD sin gjennomgang av norsk utdanning for snart 10 år sidan, var ein av konklusjonane litt sleivete sagt: Norsk utdanning er sannsynlegvis god, men korleis vi veit det, er ikkje godt å seie. Med andre ord, kunnskapen vår om korleis det stod til med norsk utdanning, var det vanskeleg å dokumentere.

I dag kan eg trygt seie at situasjonen er annleis. KUF tok signala frå OECD-rapporten. Dette saman med medieblesten rundt Reform 94 har gjort at departementet har utvikla system for resultatoppfølging. Målet er at vi skal få ei sikker innhenting av data. På den måten kan den politiske debatten om utdanningsspørsmål knyte seg til vegval på bakgrunn av politiske verdiar, og vi unngår ein kamp basert på synsing og krangel om tal.

For det første er i alt sju ulike forskingsinstitusjonar engasjerte i den forskingsbaserte evalueringa som følgjer gjennomføringa av reforma. Målet for evalueringa er mellom anna å analysere samsvaret mellom mål og faktisk oppnådde resultat. Evalueringa teiknar eit bilete av status på gjennomføringa av reforma, og den gir oss kunnskap om område der det går godt, om område som treng justeringar, eller område som krev særleg oppfølging frå departementet si side.

For det andre har departementet sitt eige opplegg for innhenting av informasjon:

Kvantitativ informasjon blir no i stor grad henta inn via fylkeskommunane sine administrative datasystem. LINDA-inntak gir oversikt over planlagd kapasitet, tal søkjarar fordelt på kurs og resultatet av dei forskjellige inntaksrundene. Dette gir grunnlaget for utrekning av det endelege omfanget. Fordi fylkeskommunane sine system er individbaserte, er det mogleg å køyre ut rapportar som viser fordeling etter kjønn, aldersfordeling, omval osv. Inntakssystemet gir no også grunnlag for rapportering av karakterar. LINDA-fagopplæring skal gi nødvendig statistikk over fagopplæringa.

Den kvantitive informasjonen blir supplert med tilstandsrapportar frå dei statlege utdanningsdirektørane. Desse rapportane skal gi kvalitative vurderingar av situasjonen i den einskilde fylkeskommunen og utdjupe og forklare dei funn som blir gjorde i det statistiske materialet.

Departementet har òg sett i verk særskilt rapportering på sentrale område i R 94, mellom anna innanfor etterutdanninga. Stortinget har bedt departementet om å følgje gjennomføringa av Handlingsplan for etterutdanning nøye. Målet er å sikre ein jamn og god kvalitet på etterutdanninga for lærarar og instruktørar uavhengig av fylke eller landsdel. Departementet har laga eit system for rapportering som gjer det mogleg for første gong å teikne eit nasjonalt bilete av mellom anna bruk av ressursar, omfang og deltakarar i etterutdanninga. På bakgrunn av rapportane frå fylkeskommunane kan departementet no gi tilbakemelding på fylka si satsing. Behovet for etterutdanning og iverksette tiltak kan med andre ord koplast betre enn før.

Nesten all statistikken vert henta inn frå fylkeskommunane. I nokre tilfelle har krav frå departementet om einskaplege rapportar innan knappe tidsfristar verka irriterande på einskilde fylkeskommunar. Andre gonger har feil i rapportane eller manglande rapportering skapt same kjensle i departementet. Vi er enno ikkje ferdige med å sikre kvaliteten på rapporteringsystema. Men eg trur alle ser verdien av at den nasjonale statistikken er til å stole på, at den kan gi grunnlag for samanlikningar mellom fylkeskommunar og gi uttrykk for utvikling over tid. Dette er ein absolutt føresetnad for å vurdere kvaliteten på det arbeidet som blir gjort innan vidaregåande opplæring og sjå behovet for endringar. Ikkje minst for politikarar på regionalt nivå er det viktig å kunne samanlikne. Derfor må arbeidet med evaluering og statistikk framleis ha høg prioritet.

Fagopplæringa i arbeidslivet

Den store utfordringa denne våren og sommaren har vore å skaffe nok lærlingplassar. Departementet har etter råd fra partane lagt til rette ein struktur for fagopplæringa, fastsett læreplanar, regelverk og tilskotsordningar. Fylka og yrkesopplæringsnemndene har gitt informasjon til og forhandla med bedrifter og offentlege etatar om intensjonsavtalar om lærlingplassar, og dei har formidla søkjarar. Partane sentralt og lokalt har vore viktige medspelarar i arbeidet med å skaffe nok lærlingplassar. Talet på intensjonsavtalar såg ei stund ut til å vere høgt nok til å gi det store fleirtalet av søkjarar den lærlingplassen dei ønskte. Likevel synte rapportane 1. juli at berre om lag 6000 søkjarar av 16000 hadde fått kontrakt. Rett nok er dette om lag det dobbelte av talet på same tid i fjor, men alt for lågt i høve til målsetjinga. Ein heilt fersk rapport syner at i løpet av dei 3-4 siste vekene er talet på inngåtte kontraktar auka med 31 % til knapt 7700. I desse tala er ikkje auken i talet på kontraktar i Vest-Agder med. Denne fylkeskommunen har enno ikkje rapportert til departementet. Dette viser at mange lærebedrifter no tar ansvar og ønskjer å ha den sentrale rolla innan fagopplæringa som dei er tiltenkte. Fylkeskommunane har altså ikkje lagt inn årane, men jobbar framleis i høgt tempo. Tala er meir oppløftande enn for ein månad sidan.

Det er likevel langt frå det talet på lærlingplassar som partane i arbeidslivet har forplikta seg til å skaffe. Partane har stått hardt på modellen med to år i skule og to år i bedrift. Bakgrunnen for dette er at opplæring i bedrift er den beste måten å sikre arbeidslivet tilgang på kvalifisert arbeidskraft i framtida.. Talet på lærlingplassar er ikkje spørsmål om retten til tre års vidaregåande opplæring blir innfridd. Vi garanterer for det. Garantien i Reform 94 står sjølvsagt fast. Talet på lærlingplassar er først og fremst eit spørsmål om arbeidslivet skal få best mogleg kompetanse ut frå dei krava partane sjølve har stilt. Derfor er det heller ingen andre enn partane sjølve som må ta hovudansvaret for at vi lykkast med å opprette nok lærlingplassar. Fordi det er vanskeleg å skaffe lærlingplassar, har eg opna for at formidlinga kan skje fram til utgangen av september. Det gir bedriftene tid til å ta det løftet dei sjølve har lovt.

Departementet har kalla inn til eit to dagars seminar i september for at vi skal kunne hente inn lærdom både i forhold til det som er gjort rett, og det som har vore mindre vellykka i formidlingsprosessen. Slik vil vi stå betre rusta til utfordringane neste år.

Utan innhaldsreforma er strukturen eit nake byggverk

Med unntak av den uroa og uvissa som kviler rundt problematikken med lærlingplassar, er strukturen på plass, og den fungerer rimeleg godt. Representanten frå

Norsk elevorganisasjon i oppfølgingsgruppa, som følgjer evalueringa av reforma, Siri Arnøy, sa like før sommaren: "Om det å skaffe lærlingplassar er jobb nr. 1, så er det å gjennomføre innhaldsreforma jobb nr. 2."

Eg deler denne oppfatninga. Arbeidet inn mot klasserommet og verkstaden, og den enkelte elev og lærling, er til sjuande og sist det heilt sentrale. Som allereie nemnt, er det gjort eit svært omfattande arbeid når det gjeld å leggje til rette for innhaldsreforma. Eg vil her nemne:

  • Eit svært omfattande og splitter nytt læreplanverk med framtidsretta innhald.
  • Ny forskrift for vurdering som mellom anna sikrar eleven individuell rettleiing.
  • Ein etterutdanningsplan til ein verdi av om lag 430 millionar kroner så langt.
  • Ei læreboksatsing som gir nye lærebøker for alle fagområde, også innan alle dei områda som aldri har hatt lærebøker. Truleg den beste dekninga i Norden.
  • Støttemateriell som gir råd og rettleiing til både elevar og lærarar i forhold til bruk av dei nye læreplanane.
  • Opplæringsbok.

Kva veit vi så om effekten av denne tilrettelegginga?

Forskar Torunn Lauvdal ved Arbeidsforskingsinstituttet har i sitt bidrag til den siste artikkelsamlinga om evalueringa av Reform 94 m.a. sett søkjelyset på korleis dei ulike aktørane opplever iverksettings- og tilretteleggingsprosessen i skulen. Ho nyttar problemstillingar knytt til elevvurdering i skulen som døme, og erfaringane hennar syner at ein må balansere forholdet mellom, på den eine sida, styring og kontroll og, på den andre, å leie fram mot ein læringsprosess i personalet. Denne læringa må mellom anna resultere i ei erkjenning av at innhaldet i skulen er blitt annleis. Slike prosessar tar tid sidan det er etablerte system og institusjonar som skal endrast, blir det understreka.

Opplæringsboka skal vere eit kvalitetssikrande element i innhaldsreforma og sikre at det er læreplanane som styrer opplæringa. Derfor blir opplæringsboka ein særleg viktig reiskap. Den er no ferdigstilt med basis i m.a. merknader i budsjettinnstillinga frå Stortinget. Opplæringsboka skal brukast i bedriftsdelen i yrkesfagopplæringa kommande år. Det er òg ei målsetjing at Opplæringsboka blir tatt i bruk i studieretningsfaga i yrkesfaglege studieretningar. Opplæringsboka kan brukast i allmennfagleg studieretning neste år, og eg vil oppmode fylkeskommunane til i størst mogleg grad å ta i bruk boka i skuledelen. Frå skuleåret 1997-98 tar ein sikte på at opplæringsboka skal innførast i alle fag og studieretningar.

Opplæringsboka vil synleggjere den planlegginga som blir gjort i opplæringa, og vil dokumentere at det som nemnt blir arbeidd med alle læreplanmåla. Dette må vere av interesse for profesjonelle yrkesutøvarar. I tillegg vil opplæringsboka dokumentere den rettleiinga og vurderinga som den enkelte elev og lærling har krav på. Dette er første utgåve av opplæringsboka, og departementet tek sikte på å innhente erfaringar systematisk i løpet av kommande år slik at vi kan gi ut ei forbetra utgåve hausten 97.

Planlegginga og gjennomføringa av reformene set store krav til leiarar på alle nivå. Vi treng sjølvstendige og ansvarsmedvitne leiarar, leiarar med stor kunnskap og omtanke for alle i skulesamfunnet. Kjennskap til og kunnskap om viktige styringsdokument som lov og avtaleverk, læreplanar og stortingsmeldingar er ein nødvendig føresetnad for å vere ein god leiar.

Men kunnskap er sjølvsagt ikkje nok.

Reformene kan ikkje lykkast fullt ut utan engasjement og driv blant lærarane. Då må leiarane ta ansvaret sitt som arbeidsgivarar på alvor og vere med og utvikle kompetansen i staben, motivere og inspirere medarbeidarane sine og elles vise omsorg for elevane og personalet. Ein leiar må vere tilgjengeleg og synleg både fysisk og i det han eller ho står for.

Det er viktig at leiaren kan formulere dei verdiane og visjonane som er nedfelte i planverket for skulen. Den generelle delen av læreplanen er viktig i denne samanhengen. Desse ideane må leiaren kunne formidle.

Kort sagt: Leiaren er sentral når det gjeld å vinne oppslutning om reformene - planleggje og gjennomføre reformene.

Eg har i Stortinget sagt at eg ønskjer å leggje vekt på pedagogisk leiing og arbeidsgivarrolla - altså det sektorspesifikke. Dette er gjort gjennom å utvikle nye kompetansemål for skuleleiarar. Desse er sende til fylkeskommunane. Målet er å setje leiarane betre i stand til å ta sin del av ansvaret for at dei nasjonale måla for opplæringa blir nådde. Dette krev at kommunar og fylkeskommunar lojalt følgjer opp dei nasjonale styringsdokumenta i eit nært samarbeid med skuleleiarane sine.

Omfanget må oppretthaldast

Omfangsforskrifta slår eintydig fast at fylkeskommunane har plikt til å opprette eit omfang på minimum 375%. Dette omfanget skal m.a. dekkje:

  • Tilbod til elevar utan lovfesta rett, dvs. dei vaksne.
  • Høve for enkelte elevar til å kunne gjere omval.
  • Høve for enkelte elevar til å oppnå studiekompetanse på toppen av ein yrkeskompetanse.
  • Høve til å få utvida retten til opplæring utover tre år.
  • Elevar ved teknisk fagskule.

Når eg er detaljert på dette punktet, skuldast det den uro eg føler over at stadig fleire fylkeskommunar byggjer ned opplæringstilbodet til under minimumsgrensa. Dette er ikkje i tråd med forskriftene og dei økonomiske overføringane som låg til grunn for reforma.

Eg høyrer frå enkelte fylkeskommunar at det ikkje finst nok elevar og lærlingar. Dette tvilar eg på. Departementet har heller ikkje fått søknader om dispensasjon frå omfangsforskrifta. Sjølv om det er ein nedgang i talet på søkjarar over 19 år, er det rimeleg å stille spørsmål om ein av grunnane til denne nedgangen er at denne søkjargruppa har møtt stengde dører tidlegare og dermed vel ikkje å søkje. Forskar Nils Vibe ved Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU) let dette skine gjennom i rapporten sin. Nils Vibe refererer til ei spørjeundersøking om framtidsplanar som NIFU har gjennomført blant reformelevane. Den viser at nærare 1/3 av elevane på yrkesfaglege studieretningar planlegg å ta tillegg som gir studiekompetanse. Om omfanget av tilrettelegginga av tilbod utover 3 år til elevar tatt inn på særskilde vilkår er tilstrekkeleg, veit vi førebels for lite om. Eit eige prosjekt som Møreforsking er ansvarleg for, vil sannsynlegvis kunne seie noko om dette. Dersom ein har i mente at det både i fjor og året før var ei altfor stor avvising av vaksne søkjarar, har eg lita forståing for at fylkeskommunane byggjer ned tilbodet.

Departementet vil be dei statlege utdanningskontora om å følgje med når det gjeld oppretting av opplæringstilbod no i haust, og vidare følgje budsjettprosessen for 1997 i kvar enkelt fylkeskommune. Utdanningskontora blir bedne om å rapportere til oss dersom budsjettet tilseier eit planlagt omfang som er lågare enn dei minimum 375% som forskrifta fastset. Eg vil så eventuelt ta dette opp med min kollega i Kommunal- og arbeidsdepartementet.

Struktur og trivsel

Det var god sommarlektyre å lese artikkelsamlinga om evalueringa av reforma som kom ut like før ferien. Eg har allereie referert frå ein del av resultata. Når eg vil trekkje fram samanhengen mellom struktur og trivsel, så viser eg til Nils Vibe og Nina Sandberg sin artikkel "Betingelser for kompetanseoppnåing".

Ifølgje forskarane ser det til at ungdommen på yrkesfaglege studieretningar, og særleg jentene, trivst betre med det tilbodet dei har fått no, enn det dei hadde før reforma. Dette har sannsynlegvis samanheng med at forskarane i sine konklusjonar seier at "Reform 94 ser i stor grad ut til å ha fjernet de strukturelle hindringene for gjennomføring fra grunnkurs til vk I" og vidare at " Ved siden av personlige forutsetninger og sosial bakgrunn, er det trivselmessige og motivasjonelle faktorer som har betydning" - for normal progresjon.

Det går som nemnt fram at over 80 % av elevane held fram der dei starta og med normal progresjon. Dette syner at elevane er nøgde med det tilbodet dei har fått, og at strukturen verkar. Det er likevel grunn til å ha eit vake auge med korleis strukturen fungerer, m.a. i forhold til dei behova arbeidslivet har for kompetanse. Det har vore kritisert, særleg frå arbeidslivet, at altfor mange kjem inn på sitt førsteval. Når det gjeld grunnkurs, meiner eg det er viktig at så mange som mogleg får sitt første ønske oppfylt. Eg er litt meir i tvil om det berre er bra at 95 % får førstevalet på Vk I. Vi skal heller ikkje sjå bort frå at omval går ned - og at ungdom får gode resultat, dei trivst og er motiverte for den opplæringa dei har valt.

Det er allereie vedtatt endringar innanfor studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, slik at forholda for enkelte elevgrupper blir lagt betre til rette for fagopplæring.

Landslinjer og små fag

I gjennomføringa av Reform 94 har det vore ein klar føresetnad at fylkeskommunane har ansvaret for å sørgje for opplæringstilbodet innanfor dei rammene som departementet har fastsett. Dette gjeld også for små fag som ein berre kan tilby innanfor ein region eller berre som ein eller to klassar for heile landet. Både i forarbeidet til lova og i sjølve lova er det eit vilkår om utveksling av elevar på tvers av fylkesgrensene. Det er også eit vilkår at sentrale styresmakter, i tråd med retningslinjer i kommunelova og inntektssystemet, berre skal gripe inn når nasjonale interesser ikkje blir tatt tilstrekkeleg vare på.

Departementet har derfor i tråd med prinsippa i kommunelova og i inntektssystemet vore avventande til statlege inngrep på eit for tidleg tidspunkt. Vi har meint at eit samarbeid mellom fylkeskommunane om utveksling av elevar og lærlingar vil kunne løyse dei oppgåvene, også sett frå eit nasjonalt synspunkt. Eit slikt fylkeskommunalt samarbeid vil kunne sørgje for den nødvendige fleksibiliteten i høve til vekslande behov innanfor dei ulike utdanningsvegane. Vi ville i tillegg ha eit ryddig system innanfor rammene til inntektssystemet. Av erfaring veit vi også at det er mange skular som gjerne vil komme på statlege lister, som garanterer inntak av elevar anten behovet er der eller ikkje. Særleg i reformtider og i tider med fallande ungdomskull kan det vere ganske mange vikarierande motiv for å komme på slike lister. Derfor har departementet oppmoda fylkeskommunane på det sterkaste til å samarbeide nært om tilboda innanfor regionar og på tvers av alle fylka i landet. Vi har også sett korleis fylka på ein svært god måte har tatt denne utfordringa, og at samarbeidet fungerer bra. Det har heile vegen vore eit vilkår at departementet ville påleggje fylka tilbod som ikkje blei oppretta, dersom nasjonale omsyn tilsa det.

Som de veit, har Stortinget oppretta ein god del såkalla landslinjer med full statleg finansiering der pengane blir trekte frå overføringane til fylkeskommunane. Departementet er i full sving med å følgje opp vedtaket i Stortinget så godt det let seg gjere på den tida som er til disposisjon.

Min hovudbodskap i denne samanhengen er at fylkeskommunane i den vidare planlegginga av utdanningstilboda intensiverer arbeidet, slik at vi kan unngå ei utviding av landslinjeordninga. Denne ordninga skaper uryddige forhold, svekkjer handlingsrommet til fylkeskommunane, gjer planlegging og grunnleggjande økonomisk styring vanskeleg og fører til ein mangel på fleksibilitet som ingen er tent med.

Eg reknar med at vi som har eit nasjonalt ansvar i denne samanhengen, i det vidare arbeidet vil vere svært varsame med å gi etter for utilbørleg press frå enkeltskular, som med ulike motiv ønskjer å komme på landslinjelistene. Potensialet er stort, og det er alltid slik at når nokre får, vil presset frå dei som ikkje får, bli endå større.

Ta eit lite løft til

Eg har gitt uttrykk for at tilstanden til reforma er rimeleg god, men i en slik diagnose må vi ikkje sjå vekk frå dei områda som framleis krev ein innsats.

Likestilling og Reform 94

Det er grunn til å reflektere over kjønnsdelinga i utdanningsval. På den eine sida er det no bygt ut eit breiare spekter av kompetansegivande tilbod innanfor fag som jenter tradisjonelt har valt. Mange vaksne kvinner nyttar no høvet til å ta fagbrev etter den såkalla §20-ordninga innanfor yrke dei har hatt i ei årrekkje, og som no er lagt inn under lov om fagopplæring i arbeidslivet. Det ser ut til at jentene trivst betre med sine val av utdanningsvegar enn tidlegare. På den andre sida vel mange ungdommar, både gutar og jenter, i for stor grad utdanningar etter tradisjonelt kjønnsrollemønster. Dersom vi tar utgangspunkt i dei 20 største Vk I- kursa, viser det seg at mellom 78 og 97 prosent av søkjarane til sju Vk1-kurs er jenter, og mellom 95 og 99 % av søkjarane til like mange andre kurs er gutar. Noreg vil vere lite tent med ein sterk, kjønnsdelt arbeidsmarknad i framtida. Dette er eit dilemma der KUF aktar å setje i verk tiltak. Rådgiving er eit verkemiddel, men det er nødvendig å gjere eit meir omfattande arbeid. Eg ser for meg eit større prosjekt der nokre fylkeskommunar, partane i arbeidslivet og lærarorganisasjonane i samarbeid med forskarar og KUF, finn fram til høvelege strategiar for å motverke dei sterkt kjønnsdelte utdanningsvala. Å splitte klassar etter kjønn er ikkje aktuell politikk.

Vaksne og Reform 94

Mykje av problemstillinga rundt likestilling kan overførast til det som er blitt omtalt som vaksenproblematikken i Reform 94. Talet på søkjarar til vidaregåande opplæring har gått ned. Dette gjeld særleg søkjarar utan rett. Likevel er det eit for stort tal på søkjarar som ikkje blir tatt inn til vidaregåande opplæring. Dette er berre delvis eit kapasitetsproblem. Dette har eg allereie vore innom i forhold til at fylkeskommunane har plikt til å gi eit tilbod tilsvarande minimum 375%. Det er dei vaksne som blir ramma - dersom ikkje kravet til omfanget blir følgt opp. Det problematiske i denne situasjonen er at fleirtalet av dei vaksne gjerne berre har eit kursval: Helse- og sosialfag eller Formgivingsfag.

I innleiinga nemnde eg at både utdanningssamfunnet og arbeidslivet ikkje synest å ha utnytta R 94 godt nok til å heve kompetansen for den vaksne del av befolkninga. Eg saknar ein breiare og meir systematisk bruk av t.d. komprimerte løp for vaksne. Det bør vere mogleg å leggje til rette for at fleire vaksne kan få tatt fagbrev gjennom § 20-ordninga. Eg håper at den investeringa som er gjort i å byggje ut ressurssentra ved dei vidaregåande skulane, kan medverke til å lette tilgangen til kompetansegivande opplæring for vaksne.

Alle er ein ressurs

Vi har ein aukande del av elevane i skulen med ein annan språk- og kulturbakgrunn enn vår eigen. Desse utgjer ein ressurs for skulen og samfunnet, og det er ei oppgåve for oss å gi dei opplæring på linje med resten av befolkinga. Politisk rådgivar Morten Pettersen kjem meir inn på dette i sitt foredrag i morgon om Opplæring i eit fleirkulturelt Noreg.

Statsminister Gro Harlem Brundtland sa på ein utdanningskonferanse for snart eit år sidan at det utdanningssystemet som ikkje tar vare på dei svake, ikkje er ein velferdsstat verdig. Dette er ei stor utfordring for oss alle. Gjennomstrøyming og karakterstatistikk tyder ikkje på at situasjonen for elevane er vanskelegare no enn før reforma, snarare tvert imot. Men vi skal likevel ikkje slå oss til ro med dette. Teorisvake og lite skulemotiverte elevar skal gjennom utdanningssystemet få støtte slik at dei får utnytta ressursane sine og det talentet dei sit inne med. Det er lagt til rette for å ta vare på denne gruppa særskilt, og eg kan i stikkordsform nemne nokre tiltak:

  • Høve til forlenga opplæringstid.
  • Høve til å gå inn i eit læreforhold direkte frå grunnskulen.
  • Modulstrukturerte læreplanar som gjer det mogleg med ei fleksibel opplæring.
  • Ei oppfølgingsteneste som skal rettleie og kanalisere elevar inn i meiningsfylte tilbod.
  • Delkompetanse som dokumenterer det læringsarbeidet som har vorte utført.
  • Støttemateriell tilpassa denne elevgruppa.
  • Fleksibel bruk av lærartimetal og gruppestorleik med gode høve for differensiering.
  • Yrkesretting av allmennfaga i yrkesfaglege studieretningar.

Rammevilkåra er lagde til rette. Likevel er det viktig å halde fram med det pedagogiske arbeidet retta mot denne målgruppa med uforminska styrke. Det er eit samfunnsansvar som kviler på oss alle, utdanningspolitikarar, skuleleiarar, lærarar og medelevar. Ved å utvikle eit utdanningssystem som gir kompetanse til fleire, vil gapet til dei som ikkje oppnår fag- og yrkeskompetanse, lett bli større. Derfor må det arbeidast iherdig for å få flest mogleg lengst mogleg.

I denne samanhengen vil eg minne om det delkompetanseprosjektet som er sett i gong i samarbeid med fire fylkeskommunar. Her vil vi vinne verdfull erfaring som vil komme alle til del. Eg kunne tenkje meg å utfordre LO og NHO til å leggje til rette for arbeidsoppgåver og stillingsgrupper for dei elevane og lærlingane som kjem ut med delkompetanse. Å ha eit jobbsiktemål etter utdanninga er kanskje den beste motivasjonen.

No er eg forbausa over å sjå at politikarar, frå eit noko uvant hald, går inn for det eg vil kalle lettvinte løysingar på den utfordringa vi står overfor. Ein foreslår å redusere krava i sentrale basisfag som norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag i dei yrkesfaglege studieretningane. Ein påstår at desse faga skal vere både irrelevante og for krevjande for dei som skal ta ei yrkesfagleg utdanning. Underforstått er det også ein påstand om at fagarbeidarar i eit internasjonalt og sterkt teknologisk arbeidsliv i framtida stort sett har nok med praktiske dugleikar. Om dei beherskar eit minimum av dugleikar i norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag, ser ikkje ut til å vere relevant.

Eg har tre kommentarar til dette:

For det første tyder ei slik holdning på ein særs grunn analyse av kva slags krav framtida vil stille til ein fagarbeidar. Eg vil påstå at det minimum som er lagt inn av slike fag i Reform 94, er heilt nødvendig for å møte utfordringar i framtida.

For det andre synest det å liggje ein implisitt påstand om at elevar som vel ei yrkesfagleg utdanning, i utgangspunktet er teorisvake. Ei slik holdning til elevar på yrkesfaglege studieretningar kan sjølvsagt bli ein sjølvoppfyllande profeti dersom denne påstanden blir framsett ofte nok. Mine erfaringar med desse basisfaga til no viser at dei yrkesfaglege elevane slett ikkje er så teorisvake som enkelte synest å tru. Karakterane tyder på at elevane gjer det betre i dei allmenne faga enn i yrkesfaga. I gjennomsnitt er det mellom 95 % og 99 % som har greidd desse faga.

Løysinga er ikkje å redusere krava, men å arbeide fram gode metodar for tilrettelegging, som hjelper den enkelte elev til å nå lengst mogleg. Det er det Reform 94 tar mål av seg til å gjere. Det er derfor det er lagt så stor vekt på metodiske og organisatoriske løysingar for å få alle med, også dei med mindre ressursar. Eg vil påstå at det er den einaste farbare vegen.

Stø hand på roret

I innleiinga skildra eg Reform 94 som ei skute med stø kurs. Eg er temmeleg sikker på at skuta ville bli godkjend av Veritas. Men vi er mange om bord på denne skuta som gjer siglinga mogleg. Eg mønstra på for snart åtte månader sidan, og dette er mitt første møte med eit så godt som samla mannskap. Dette er eit høveleg tidspunkt til å takke dykk alle for den jobben som de har utført så langt, sjølv om vi ikkje er i hamn. Nokre skjær i sjøen er vi klar over, og nokre justeringar skal vi gjere, men vi vil ikkje reve segla.

Eg vil til slutt oppsummere:

  • Jobb nummer ein er å skaffe dei elevane som før sommaren avslutta Vk I på yrkesfag, ein lærlingplass. Her bør formidlingsarbeidet halde fram endå ei tid. Det har heile tida vore eit vilkår at rettselevane har krav på ein opplæringsplass. Dersom ein ikkje greier å skaffe lærlingplass, er det vår plikt å gi eit tilbod i skulen av best mogleg kvalitet.
  • Kravet til kompetanse aukar - når det gjeld faglege, medmenneskelege og sosiale forhold.
    Jobb nummer to er å gjennomføre innhaldsreforma. Dette arbeidet må førast vidare, og arbeidet må intensiverast.
  • Ei utdanning for alle inneber at kvar enkelt elev skal få utnytte ressursane sine. Vi er eit lite land og er avhengige av å få brukt det talentet som er i befolkninga. Det er ei særskilt utfordring å gi lite skulemotiverte ungdommar eit tilbod dei kan vekse med. Dette er jobb nummer tre.

Heilt til slutt vil eg komme med ei oppmoding til denne forsamlinga. Eg vil understreke at eg er glad for dette høvet til å møte utdanningspolitikarar og leiarar på fylkesplan. Men i tråd med intensjonane i reforma, vil eg oppmode til ei samanslåing av dette forumet og landsmøtet til yrkesopplæringsnemndene som skal vere i september. Frå 1997 bør dette vere eitt forum.


Lagt inn 8 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen