Historisk arkiv

Helsing ved opninga av studieåret. Høgskolen i Bergen 21.08.96

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet


Helsing ved opninga av studieåret.

Høgskolen i Bergen 21.08.96.

Statsråd Reidar Sandal

Gode studentar og tilsette!

Verda blir stadig mindre. Orienteringa i samfunnet blir stadig meir internasjonal. Dette heng mellom anna saman med bruken av informasjonsteknologi, endringar i verdshandelen og utnytting og forureining av naturen. I eit slikt større perspektiv kan det høve å innleie med eit par vers av Arne Garborg:

Vi lever midt i
ei villmannstid
med blinkande knivar
og nevestrid
og livet er som ein bloddraum

Men vita skal me
og vona visst
at ånd må vinne
på troll til sist,
og vit på varge villskap

Garborg hadde stor tru på at kunnskap er makt - i det gode si teneste. Den trua deler eg.

Eg vil ønskje dykk alle til lykke no når nytt studieår tar til! Mest gjeld det deg som er ny student, og som for første gong kjem i møte med ein høgskole eller eit universitet. Du skal inn på nye spanande fagfelt, men du skal og arbeide vidare med og gå djupare inn i enkelte av dei faga som du er vel kjent med frå skulen. På høgskulen blir det å arbeide på nye måtar, meir målretta, meir sjølvstendig - og på noen måtar meir einsamt. På den andre sida har du større fridom enn i skolen til å organisere læringsarbeidet ditt sjølv- noko som gjev høve til mykje samarbeid med andre studentar om du ønskjer det. I høvet til samarbeid ligg det og spanande utfordringar. Studentane ved høgskulen er av ulik alder, kjem frå mange stader og kan ha svært ulik røynslebakgrunn.

Bruk tida godt. Du har fått ein studieplass som mange ønskjer seg, og som samfunnet bruker ressursar på, og med det følgjer det sjølvsagt ansvar. Likevel er det ikkje først og fremst det eg tenkjer på når eg bed deg bruke tida godt. Du har framfor alt eit ansvar andsynes deg sjølv for å nytte studietida di til å vekse i dugleik og forstand om eg skal seie det litt høgtideleg. I det ligg det ikkje berre å vere flittig og lese pensum. Å nytte tida bør ha ei langt vidare meining: gå inn i di tid, sjå ut over pensum, utfordre konvensjonelle problemstillingar og tenkjemåtar. Prøv om konvensjonane held, avvis dei som ikkje står prøva, og erkjenn dei gamle sanningane som fortener å stå fast - det finst òg nokre slike.

Å vege ulike omsyn opp mot kvarandre, godta eller kaste vrak, og så integrere i eigen personlegdom den innsikta som er verd å bli teken med, det er den beste forma for læring. Dette gjeld for grunnleggjande yrkesdugleik like så vel som for det daglege samfunnsengasjementet. Har vi ikkje mot til å vere sjølvstendige og djerve i løpet av studietida, er det fare for at vi heller ikkje vil bli det seinare.

Eg hugsar med glede tilbake til ettersommaren 1969 då eg sjølv kom til Bergen for å begynne å studere filologi ved universitetet. Eg er fullt klar over at studia her på høgskolen er yrkesretta og relativt korte i samanlikning med mitt studiefelt, men eg vil likevel tru at din situasjon på mange måtar ikkje er så svært ulik den eg opplevde. Eg vil og tru at livet i Bergen i dag har mykje i seg av livet Bergen den gongen. Med andre ord: Eg har ei god samkjensle med deg.

Eg studerte i den tida uttrykket «68-arar» vart skapt, eit uttrykk som framleis står for studentar med sterkt samfunnsengasjement og opprør mot det etablerte. Mange vil meine at studentar i dag er meir konsentrerte om studia - på godt og vondt - og mindre engasjerte i samfunnet. Eg er ikkje så sikker på at dette er eit rettvist bilete av fleirtalet av studentar - verken da eller no.

Det er det viktig å finne ein god balanse mellom det faglege, det samfunnsmessige og det meir personlege engasjementet i studietida. Sjølve studietida er kort på den måten at den berre er ein liten del av livet. Etter- og vidareutdanning og den kontinuerlege læringa opp gjennom heile livet er i dag eit sentralt tema i den utdanningspolitiske debatten. Vi snakkar om «livslang læring». Det gjeld her i landet, og det gjeld i andre industrialiserte land. Den yrkesutdanninga vi tek i vidaregåande opplæring eller som eit grunnstudium ved høgskole eller universitet skal vere grunnlaget for vidare læring på arbeidsstaden, i samfunnet og i vidare studie. Vi må derfor vurdere utdanninga ikkje berre ut frå kva ho gjev i målbar kunnskap i høve til pensum, men og ut frå det grunnlaget ho gjev for vidare sjølvstendig læring.

På same måten må det vere med det utomfaglege engasjementet. Samfunnsengasjement og personlege relasjonar i studietida bør representere ein fase, ein sers viktig fase rett nok, i ei livslang personleg utvikling. Ekte engasjement er ikkje det same som studentdemonstrasjonar - sjølv om demonstrasjonar og kan vere på sin plass av og til.

Utdanning er nyttig for samfunnet, og viktig for den einskilde. Utdanning for alle er mellom dei måla som har vore prioritert høgast i den velstandsutviklinga og velferdsutviklinga vi har hatt i det norske samfunnet i dei siste tiåra. I ei tid med veksande årskull er kapasiteten i vidaregåande opplæring og høgre utdanning bygd ut langt meir enn det som svarar til den demografiske veksten. Framleis, når ungdomskulla minkar og har gjort det ei tid, held veksten i høgre utdanning fram. I år er veksten på vel 1 500 studieplassar, og frå 1991 til i dag er det oppretta 45 000 studieplassar i høgre utdanning.

Nokre år tilbake, da situasjonen var slik at det galdt å skaffe utdanningsplass til flest mogleg på kortast mogleg tid, var det klokt å «la dei tusen blomar bløme» både i vidaregåande skole og i høgre utdanning. Etter kvart som utdanning blei den normale sysselsettinga for all ungdom, og den største veksten var gjort unna, blei det trong for ein strammare struktur, meir samordning og meir vekt på kvalitetssikring i utdanningssystemet. Det er i det lyset vi må sjå høgskolereforma med samanslåing av dei mange små høgskolane til større institusjonar og Noregsnettet med fagleg arbeidsdeling mellom studiestadene. Det nye høgskolemønsteret skal vere ei sikring for vidare utvikling av høgskolane som fullverdig studiealternativ på høgskolesystemet sine eigne premissar.

Til grunn for høgskulereforma - som det var tverrpolitisk semje om - ligg den føresetnaden at norsk høgre utdanning skal vere likeverdig uansett kvar i landet ein vel å studere. Reforma, der 98 tidlegare høgskular frå 1. august 1994 vart samorganiserte i 26 høgskular, byggjer elles på ei overtyding om at det gir fagleg styrking å samle fagmiljø, anten dei arbeider på same feltet eller ei. Vi har gjennom dette ikkje berre fått færre høgskolar, men og meir fridom til styringsorgana ved sjølve høgskolen, større spennvidde og større fleksibilitet. Det er heilt nødvendig at utdanningsinstitusjonane våre har ein slik fleksibilitet og evne til å omstille seg i samsvar med behova i samfunnet og søkjarane sine ønske.

Samstundes må vi vere medvitne om at akutte behov og nye interesseretningar ikkje kan styre heile det høgre utdanningssystemet. Når vi ser landet under eitt, er det for tida ein alvorleg svikt i rekrutteringa til teknisk utdanning, og det er mangel på lærarar med solid kunnskap innafor matematikk og realfag. Dette er langsiktige problem, og vi leiter etter tiltak som kan styrke desse faga både i skoleverket og i høgre utdanning.

Dei samla høgskolane, og Noregsnettet som bind dei saman, trur vi skal gi impulsar til fagleg utvikling og kvalitetsstyrking. Ingen bør sei seg fri for å ha noko å lære av måten andre steller seg på, det gjeld og for utdanningsinstitusjonar. Det finst fagleg kunnskap og arbeidsmåtar som går på tvers av utdanningsslag. Innafor forsking finst det normer som ikkje berre gjeld fleire fag, men er fellesgods i forskarsamfunnet. God yrkesutdanning krev tverrfagleg tilnærming og må stå i tett samvirke med praksisfeltet. Det er viktig at ein alltid har auga opne for nye fag og kombinasjonar. Breiare fagmiljø kan gi studentane eit rikare tilbod. Dette gjeld ikkje minst innafor spesialiseringsfasen av studia og i vidare- og etterutdanning. Vedtekne sanningar varer ikkje evig - ikkje lenge ein gong - korkje innafor fag eller i det faglege grensesnittet der profesjonsutdanningane arbeider.

Høgskulen i Bergen som organisatorisk ramme er to år gammal, men den fører vidare tradisjonane frå fleire sjølvstendige høgskular. I går var eg med og feira at Universitetet i Bergen er 50 år. Høgskulen i Bergen kan rekne si historie meir enn dobbelt så lang tilbake i tida, og den er ein av dei største i landet med eit breitt spektrum av yrkesutdanninger. Det er heilt naturleg at det må ta noko tid før ein ny identitet knytt til den samla Høgskulen i Bergen får fullt gjennomslag i miljøa.

I departementet er vi vel kjende med at det har vore tøffe tak for Høgskolen i Bergen for å oppfylle dei krava vi har stilt til studieplassar på prioriterte område, krav som har gjort at de her måtte omprioritere frå somme studiar til omsorgs- og lærarutdanningar. Dei som sit i leiinga for høgskolen, har fått vanskelege oppgåver å løyse - oppgåver som set krav til å tenke heilskap, handle upartisk og heve seg over eigne faginteresser.

Til dykk som arbeider ved Høgskolen i Bergen, vil eg seie takk for at de har tatt på dykk og ført fram dei oppgåvene som følgjer av høgskolereforma. Vi veit at det har kosta mykje - både av arbeid og tolmod. Ein måtte vere historielaus for ikkje å skjønne at det tar tid å skape nye heilskaplege institusjonar av dei nokså ulike kulturane som er utvikla ved dei tidlegare høgskulane. Dei har hatt identitet og eigenart som gir samkjensle. Utfordringa ligg i å hindre at denne samkjensla slår ut i motstand mot endringar, og i å utvikle samkjensla til å omfatte heile den nye og større organisasjonen. Institusjonskultur er verdfullt, men kulturomgrepet må ikkje vere så trongt eller så einfelt at det ikkje inneber mangfald og pluralisme.

Utfordringa med å skape samkjensle og heiskap i den nye store organisasjonen som Høgskulen i Bergen er, gjeld ikkje berre leiinga og dei tilsette, men i høg grad og studentane. De møter utfordringa i det uformelle studentsamfunnet, i studentorganisasjonane og i styringsorgana ved høgskulen. Studentane er representerte i alle styringsorgan. Bruk denne retten til å påverke eigen situasjon og til å bidra til å skape ein enda betre høgskule.

Eg ønskjer dykk alle eit godt arbeidsår!

Til kvar og ein av dykk som er nye studentar, vil eg seie: Føresetnadene er dei beste. Eg ønskjer deg ei rik tid slik mange av oss har hatt her i byen tidlegare.


Lagt inn 21 aug 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen