Historisk arkiv

KUFs perspektiv på fag- og yrkesopplæring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Foredrag på Lærarforbundets landskonferanse om fag- og yrkesopplæring

18.10.1996
Rica Hell Hotell

KUFs perspektiv på fag- og yrkesopplæring

Takk vere Reform 94 er vidaregåande opplæring omfatta med større interesse enn nokon gong tidlegare. Vi trong grunnleggjande endringar - både av innhald og struktur. Alle delar av opplæringa måtte sjåast i samanheng. Målet var høg kvalitet, god progresjon og betre gjennomstrøyming i utdanningssystemet.

Vidaregåande opplæring stod overfor fleire utfordringar. Eit fleirtal av desse galdt yrkes- og fagopplæringa.

Mellom dei som var opptekne av ei omlegging av fag- og yrkesopplæringa, var hovudsamanslutningane i arbeidslivet. Dei ønskte ei opplæring som ville gi kunnskap med lengre levetid, med større utviklingspotensial og med eit modernisert innhald.

Ei vidaregåande opplæring for alle måtte ha eit vidare siktemål enn berre å formidle dei faktiske kunnskapane vi treng for å kunne utføre det daglege arbeidet vårt. Dei fleste var einige om at både den studieførebuande og den yrkesførebuande delen av opplæringa må gi slitesterke kunnskapar og leggje vekt på holdningar og menneskelege verdiar som førebur oss som individ og samfunnsmenneske. Opplæringa må leggje grunnlag for kulturell utvikling og oppleving og utvikle kompetanse som set dei unge i stand til å treffe avgjerd i moralske og etiske spørsmål. Opplæringa skal utvikle framtidstru og visjonar og gi unge tru på seg sjølve og på at dei kan påverke eigen situasjon ved eigen innsats.

Fagopplæringa skal ta omsyn til kva kunnskapar arbeidslivet treng, men det er ikkje nok; derfor visjonen om ei ny samordna vidaregåande opplæring. Den generelle, overordna delen av læreplanen som set opplæringa inn i ein heilskapleg, ideell samanheng, er like forpliktande for fagopplæringa som for studieførebuande utdanning.

Som de kjenner til, har det vore brei diskusjon om innhald og struktur i den fagopplæringa som er ein konsekvens av Reform 94.

Somme meiner at opplæring i emne som ikkje har direkte relevans til fagutøvinga, svekkjer kvaliteten på fagopplæringa. Dei kritiserer den nye fagopplæringa for ikkje å halde mål fagleg og hevdar at krava er små og nivået lågt. Samstundes går dei inn for å redusere krava i sentrale basisfag som norsk, matematikk, engelsk, naturfag og samfunnsfag på dei yrkesfaglege studieretningane fordi dei meiner at desse faga både er irrelevante og for krevjande for dei som skal ta ei yrkesfagleg utdanning. Eigentleg seier dei med dette at fagarbeidarar i eit internasjonalt og sterkt teknologisk arbeidsliv ikkje treng anna enn praktisk dugleik. Kritikken synest å byggje på den føresetnaden at elevar som vel yrkesfagleg utdanning, er teorisvake.

Eg meiner at ein med det vidare siktemålet som fag- og yrkesopplæringa har fått, lyfter det faglege nivået. Ein tek fagarbeidaren på alvor - både som yrkesutøvar og samfunnsmenneske. Arbeidstakarane er ikkje berre "ressursinnsats" i den materielle kampen. Utdanning og opplæring har ikkje berre samfunnet og arbeidslivet som siktemål. Å lære er å rydde grunn for personleg vokster og utvikling. Det skal den vidaregåande opplæringa medverke til, både gjennom yrkesfaga og dei allmenne faga.

Det er mi faste overtyding at vi alle har bruk for den kompetansen som allmennfaga gir. Slik kunnskap set oss betre i stand til å møte utfordringane - i samfunns-, arbeids- og privatlivet. Erfaringane viser dessutan at dei yrkesfaglege elevane slett ikkje er teorisvake. Karakterane tyder på at mange gjer det betre i dei allmenne faga enn i yrkesfaga. I gjennomsnitt er det til no mellom 95 % og 99 % som har greidd desse faga.

Den nye vidaregåande opplæringa gjer kvar og ein godt rusta både sosialt og fagleg. For dei som har vanskar med teorien, er løysinga ikkje å redusere krava, men å arbeide fram gode metodar for tilrettelegging og hjelp slik at den enkelte når lengst mogleg. Derfor legg Reform 94 så stor vekt på metodiske og organisatoriske løysingar. Modulstrukturerte læreplanar legg til rette for opplæring som kan tilpassast det den enkelte treng og kan makte. Målet er å auke den delen i folket som når fram til studie- eller yrkeskompetanse. Dei som ikkje når ein slik sluttkompetanse, får dokumentert delkompetanse. Reform 94 tek omsyn til at vi lever med ein differensiert arbeidsmarknad. Derfor treng ikkje fagbrevet vere ein endestasjon. Gjennom å byggje opplæringa - og ikkje byggje om - kan ein fagarbeidar lett skaffe seg studiekompetanse. På denne måten sikrar vi òg ei meir variert rekruttering til høgre utdanning.

Alle land er meir enn tidlegare avhengige av verda omkring; Noreg meir enn dei fleste. For å førebu oss for samarbeid og konkurranse på tvers av nasjonsgrensene treng vi både fagleg kompetanse og allmennkunnskap, t.d. språkkunnskapar. Framandspråk er reiskap for kontakt på tvers av landegrenser og kulturar. Slik eg ser det, vil både det norske demokratiet og den enkelte bli fattigare dersom dei som tek fagopplæring, ikkje får eit slikt kunnskapsfundament for vidare læring og utvikling. Evne til å lære nytt etter som ein treng det, er viktig i eit ope internasjonalt samfunn i stadig endring.

Opplæringssystemet legg grunnlag for verdiskaping, men er òg ein reiskap i arbeidet med å fordele verdiane og goda i samfunnet. Opplæring er i seg sjølv ein verdi. Den hjelper oss til å rive ned skilje og stengsel som held menneska fast i tilvante og nedervde roller og posisjonar. Kunnskap set oss betre i stand til å utnytte evnene og kreftene våre, og til å betre kåra og livsforholda våre. Den er såleis eit verkemiddel i arbeidet med å skipe eit samfunn merkt av likeverd og jamstelling. Målet er ikkje at folk skal bli like, men dei skal ha like rettar og sjansar.

Både det ein veit, og det ein har føresetnad for å lære, er viktige element i evna til å møte dei utfordringane livet byr på. Den breie generelle kunnskapen er ein konkurransefordel som vi må utvikle og ta godt vare på.

For eit lite land som Noreg er det viktig å utnytte humankapitalen, dvs. det potensialet som folket som heilskap og den enkelte representerer. Det er kompetanse og dugleik vi skal leve av !

Det er sagt at kunnskap er ferskvare og at vi lever i ei tid der kunnskapshjulet aksellererer snøggare enn nokon gong tidlegare. Ja, det er mykje rett i det. Somme kunnskapar er datomerkte og har kort levetid - men det er òg mykje kunnskap som er grunnleggjande og har synt evne til å stå seg godt. Denne varige kunnskapen må vere det berande elementet i opplæringa.

Det er i denne samanhengen ein må sjå den nye fag- og yrkesopplæringa. Reform 94 er vårt svar på dei utfordringane som samfunnet og arbeidslivet står overfor. Det er ei totalreform som omfattar heile den vidaregåande opplæringa. Men som de veit, er fagopplæringa mest endra. Eg synest det er fruktbart å sjå desse endringane som uttrykk for kor viktig fag- og yrkesopplæringa er i samfunnet vårt.

Einskapsskulen på den vidaregåande opplæringa sitt område er eit mektig lyft med sikte på å forrente og auke den humankapitalen som det norske folket representerer. Den grunnleggjande vidaregåande utdanninga er basert på likeverd. Heile utdanninga - både dei allmenne og dei yrkesfaglege studieretningane - tek sikte på å leggje grunnlag for livslang læring med personleg og fagleg utvikling gjennom livsløpet. Få andre nasjonar kan rose seg av eit slikt opplæringssystem.

Den vidaregåande opplæringa skal leggje eit breitt grunnlag for kunnskap og dugleik. Ved hjelp av eit felles kunnskapsfundament og evne til utvikling og omstilling rustar vi oss som nasjon til møte med framtida. Eit felles kultur- og verdigrunnlag og eit kunnskapsomgrep som gir rom for praktisk handlag og gode arbeidsvanar, er ein vesentleg konkurransefordel i det internasjonale samfunnet. På dette grunnlaget skal den etter- og vidareutdanningsreforma som vi no arbeider med, gi opplæring for vaksne, bl.a fagleg oppdatering som følgje av utvikling og endra behov for kunnskap og dugleik i arbeidslivet.

* * *

For å få best mogleg kunnskap om opplæringa og resultata av den, treng vi nasjonal statistikk som viser utvikling over tid og gir grunnlag for samanlikningar - bl.a. mellom fylkeskommunar. Dette er ein absolutt føresetnad for å kunne sjå om vi har nådd måla og for å kunne vurdere kvaliteten på det arbeidet som blir gjort. Departementet utviklar no system for innsamling og analyse av data som aukar kunnskapen om opplæringa og dei resultata den gir. Vi har òg eit system for resultatoppfølging. Betre innhenting og behandling av data gjer det mogleg å velje veg på grunnlag av fakta. Det set oss i stand til betre å styre utdanningspolitikken.

I tillegg til å skaffe inn statistikkdata frå fylkeskommunanehentar departementet inn informasjon om fagopplæringa frå sju forskingsinstitusjonar som evaluerer reforma. Evalueringa held oss ajour med gjennomføringa, og gir oss kunnskap om område som krev særleg oppfølging frå departementet si side. Informasjonen blir supplert med tilstandsrapportar frå dei statlege utdanningsdirektørane. Både den forskingsbaserte evalueringa og andre tilbakemeldingar fortel at reforma svarer til forventningane. Lat meg nemne nokre eksempel:

  1. Nær på 100 % av dei som har lovfest rett, er under opplæring eller i arbeid.
  2. Meir enn 90 % av elevane på Vk I har bestått i alle fag. På grunnkurset er talet temmeleg nøyaktig 90 %. Heile 97-99 % av elevane på yrkesfaglege linjer har bestått i dei allmenne faga. Myten at elevar på yrkesfaglege studieretningar ikkje klarer allmennfaga, er punktert.
  3. Reforma har fjerna dei fleste strukturelle hindra på yrkesfaglege studieretningar. Fleire vel yrkesfag, og talet på omval har gått ned.
  4. Vi har så langt lykkast med å auke talet på søkjarar til yrkesfag. I det første reformåret var det ei markert dreiing mot desse faga. Denne tendensen ser ut til å halde seg.
  5. Eit mål har vore å etablere eit samla og gjennomgåande læreplanverk som er oppdatert og fagleg ajour. Det er utvikla nær på 400 målstyrande læreplanar.
  6. Utvikling av kompetanse og kunnskap krev endringar, ikkje berre i læreplanane - men òg i den daglege praksisen i skule og lærebedrift. Departementet har utarbeidd støttemateriell som skal hjelpe til å utvikle gode samarbeidsrelasjonar og godt læringsmiljø.
  7. «Vegvisaren» er utvikla for elevane i skulen og for lærlingar i lærebedrift. Det er òg utvikla om lag 40 rettleiingar til hjelp for dei som har ansvar for opplæringa i skulen og i lærebedriftene.
  8. Vel 50 000 lærarar har teke del i etterutdanningsprogrammet som er utvikla i samband med reforma, og det er under planlegging - eller gjennomført - etterutdanning for om lag 20 000 instruktørar i lærebedrifter. Staten og fylkeskommunane har til no investert 430 mill kr i etterutdanning for lærarar og instruktørar i Reform 94.
  9. Det er utvikla ny forskrift for elev- og lærlingvurdering. Forskrifta omfattar både vurdering som skal avsluttast med ein karakter, og vurdering som skal gi rettleiing under vegs.
  10. Fylkeskommunane skal sjå til at skule- og bedriftsbasert vurdering blir gjennomført. Dette er vurdering av i kva grad skulen og lærebedrifta si organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa medverkar til at måla for opplæringa vert nådde.
  11. KUF har utvikla opplæringsbok - i første omgang til bruk i bedriftene, men seinare òg i skulen.

Dette viser at vi er i ferd med å nå måla for reforma.

Reform 94 er ein utdanningspolitisk dugnad. Lærarane gjer ein svært viktig del av jobben. Kvaliteten på opplæringa synest å vere god. Det er ikkje noko som tyder på nivåsenking. Førebels er det ikkje nødvendig å gjere særlege endringar og tilpassingar i målet eller hovudrammeverket. Ei grundig vurdering av reforma som heilskap kan vi likevel først gjere når vi har erfaring frå heile opplæringsløpet.

Eg seier ikkje med dette at vi har funne alle dei endelege løysingane. Heile tida vurderer vi erfaringane, men skil mellom overgangsproblem og effektar av meir permanent karakter.

Straks vegen blir steinut og vanskeleg å gå, kjem det fram nokon som vil stanse eller gå ein annan veg. Ei så omfattande omlegging av heile den vidaregåande opplæringa som Reform 94 er, må få gå seg til. Det er viktig å ha is i magen slik at ein ikkje vel kortsiktige løysingar, som på lengre sikt gir uheldige konsekvensar. Vi må ikkje rokke ved fundamentet, men gi reforma ro til å etablere og utvikle seg.

Tidleg i år skreiv Anders Folkestad i Skolefokus at han håpte at statsråden vil hugse å ta omsyn til skulekvardagen under vidareføringa av reformarbeidet. Det vil statsråden. Realiseringa av reforma er avhengig av lærings- og arbeidsmiljøet i skulen. Det er Lærarforbundet og departementet einige om.

Reform 94 er både ei strukturreform og ei innhaldsreform. Ei stor og viktig oppgåva er å sjå til at intensjonane blir realiserte og det nye innhaldet omsett i praktisk opplæring. Arbeidet i klasserommet og verkstaden som involverer eleven, lærlingen, læraren og instruktøren, er til sjuande og sist det heilt sentrale i reforma. Det er såleis ikkje rett det leiaren i Lærarforbundet hevdar, at det først og fremst handlar om struktur og organisering når departementet set reformarbeidet på dagsorden. Kvardagen i skule og lærebedrift og innhaldet i opplæringa har vore i fokus under heile prosessen.

Departementet har gjort eit omfattande arbeid for å leggje til rette for innhaldsdelen av reforma. Eg nemner nokre punkt:

  • Nytt læreplanverk.
  • Ny forskrift for vurdering.
  • Større vekt på individuell rettleiing.
  • Etterutdanning.
  • Betre lærebokdekning.
  • Støttemateriell for elevar og lærarar.
  • Opplæringsbok.

Opplæringsboka er eit hjelpemiddel i arbeidet med å realisere innhaldsreforma og sikre kvalitet i opplæringa. Boka har til no vore eit godt hjelpemiddel under opplæringa i bedrift. Eg trur at den òg vil vere til god hjelp under opplæringa i skulen. Somme har vore mest opptekne av ei problem som opplæringsboka « kan komme til å føre med seg» slik det heiter i ein redaksjonell leiarartikkel i Skolefokus. Leiarskribenten spår at boka kan «bli den lille dråpen som skal til for at hele reformen i stedet for å bli en vellykket reform, blir en katastrofe». Årsaka til denne katastrofeteorien skulle bl.a. vere at boka kan medverke til at søkjelyset i for stor grad blir sett på « rammene rundt arbeidet i skolen i stedet for innholdet».

Opplæringsboka set nettopp innhaldet i fokus!

Det er mitt håp at lærarane vil sjå korleis dette hjelpemidlet kan brukast til å gjere opplæringa betre. Den skal vere til nytte i planlegginga og i opplæringa. Dessutan skal den sikre at det blir arbeidd med alle læreplanmåla, og vere eit hjelpemiddel i arbeidet med å dokumentere den rettleiinga som eleven og lærlingen får. Ikkje minst vil den vere til hjelp i vurderingsarbeidet. Eg kan ikkje tru anna enn at dette vil vere av interesse for profesjonelle yrkesutøvarar.

Boka blir dette året brukt i bedriftsdelen av fagopplæringa og i fire prosjektfylke. Somme fylkeskommunar har i tillegg ønskt å ta boka i bruk i skulen generelt. Departementet har søkt å skunde til ei slik utvikling. Departementet har oppmoda om at opplæringsboka blir brukt på brei basis også i inneverande år. Som arbeidsgivar avgjer fylkeskommunen om opplæringsboka skal brukast dette skuleåret. Frå skuleåret 1997-98 skal boka nyttast i alle fag på alle studieretningar. Departementet hentar dette året inn erfaringar frå bruken av boka i prosjektfylka slik at vi eventuelt kan gi ut ei forbetra utgåve hausten 97. Lærarar som bruker opplæringsboka dette skuleåret, bør nytte sjansen til å melde frå om erfaringar og gi innspel til forbetringar.

* * *

Den forskingsbaserte evalueringa tyder på at dei som går på yrkesfaglege studieretningar, trivst betre med det tilbodet dei har no, enn det dei hadde tidlegare. Særleg er jentene betre nøgde. Meir enn 80 % av elevane held fram med normal progresjon i det løpet der dei starta. Forskarane seier at dette truleg har samanheng med at Reform 94 i stor grad ser ut til å ha fjerna dei strukturelle hindringane for vidareføring frå grunnkurs til Vk I.

Det har vore hevda at meir teori gjer fagopplæringa til eit dårlegare tilbod for dei lite skulemotiverte og dei teorisvake. La meg derfor minne om at fag- og yrkesopplæringa, like lite som den studieførebuande opplæringa , primært er eit tilbod til teorisvake eller lite motiverte elevar. Men med hjelp og støtte kan dei nytte ressursane sine og det talentet dei har. Reforma legg til rette for å ta vare på denne gruppa særskilt. Rammevilkåra er lagde til rette.

Det er viktig å halde fram med det pedagogiske arbeidet retta mot denne målgruppa. Det må arbeidast for å få flest mogleg lengst mogleg! Det er eit samfunnsansvar som kviler på oss alle.

For å nå dette målet har departementet sett i gang eit delkompetanseprosjekt i samarbeid med fire fylkeskommunar. Målet er å vinne erfaring som kan komme alle til gode. Eg har utfordra partane i arbeidslivet til å gi arbeidsoppgåver og lage stillingsgrupper for dei elevane og lærlingane som kjem ut med delkompetanse. Å ha eit jobbsiktemål etter utdanninga er ein god motivasjon. Gledeleg nok har eg fått positive reaksjonar på dette initiativet.

Retten til fritt utdanningsval blir verdsett høgt i vårt samfunn. Og: Det er ein samanheng mellom å få oppfylt det ein ønskjer, og å vere motivert for opplæringa. Når elevane er motiverte, går omval ned, dei får gode resultat, og dei trivst.

På den andre sida er det ikkje bra om mange vel opplæring på område der arbeidslivet - i alle fall på kort sikt - ikkje kan sysselsetje dei. Vi veit at val av utdanning ofte kan vere tilfeldig. Departementet arbeider for at både grunnskulen og den vidaregåande skulen skal gi god informasjon og rettleiing slik at valet av utdanning skal vere realistisk med omsyn til kva samfunnet treng og kvar det er mogleg å få arbeid.

Men ikkje alle som søkjer fag- og yrkesutdanning, tek sikte på å bli fagarbeidarar eller handverkarar. Ei spørjeundersøking om framtidsplanane til reformelevane viser at nærare 1/3 av elevane på yrkesfaglege studieretningar planlegg å ta tillegg som gir studiekompetanse. Dette må vi òg ta med i vurderinga.

* * *

Det er grunn til å reflektere over kjønnsdelinga i utdanningsvalet. Særleg gjeld det fagopplæringa. Det er bygt ut fleire opplæringstilbod som gir formell kompetanse på fagområde som jenter tradisjonelt vel. Mange vaksne kvinner tek fagbrev etter § 20-ordninga i yrke dei har hatt i ei årrekkje, men som først no er lagt under fagopplæringslova. Det er eit mål at kvinner skal kunne oppnå full fagkompetanse på område der dei tradisjonelt har vore i fleirtal.

På den andre sida konstaterer vi med uro at mange ungdommar, både gutar og jenter, framleis vel utdanning etter tradisjonelt kjønnsrollemønster. Vi er lite tent med ein sterkt kjønnsdelt arbeidsmarknad. KUF aktar å setje i verk tiltak - både rådgiving og meir omfattande arbeid - for å motverke denne tendensen. Eg ser for meg eit prosjekt der nokre fylkeskommunar, partane i arbeidslivet og lærarorganisasjonane i samarbeid med forskarar og KUF finn fram til passande strategiar for å motverke dei sterkt kjønnsdelte utdanningsvala.

* * *

Når det gjeld opplæring for vaksne, har vi ikkje grunn til å vere nøgde. Det heng saman med omfanget på fylkeskommunane sine opplæringstilbod, men berre for ein del. Eg saknar ein breiare og meir systematisk bruk av t.d. komprimerte løp for vaksne, og det bør vere mogleg å leggje til rette for at fleire vaksne får teke fagbrev gjennom

§ 20-ordninga. Ressurssentra ved dei vidaregåande skulane bør òg nyttast til å auke tilbodet på kompetansegivande opplæring for vaksne. Heile utdannings- og opplæringssystemet må førebu seg på å medverke til å realisere dei planane for vaksenopplæring og kompetanseutvikling i arbeids- og samfunnslivet som no er under utvikling.

Både regjeringa og fleirtalet i Stortinget meiner at fagopplæringa bør skje som ei blanding av opplæring i skule og i lærebedrift. Dette kan ikkje skje utan at arbeidslivet er direkte involvert i planlegging og gjennomføring. Det er ikkje noko i dei erfaringane vi har hausta til no, som tyder på at ein annan modell ville gi eit kvalitativt betre resultat. Arbeidslivspartane sentralt og lokalt har vore viktige medspelarar i arbeidet med å utvikle reforma - og med å skaffe lærlingplassar. Eg finn det derfor ikkje naturleg å trekkje den konklusjon at meir opplæring i regi av skulen og nye utplasseringsordningar må komme i staden for lærlingordninga. Hovudstrukturen ligg fast! Når vi meiner at modellen med to år i skule og resten i arbeidslivet er den beste, må vi ta konsekvensen av det. Eg ser likevel med alvor på det forholdet at mange elevar dette året må fullføre opplæringa si i skule i staden for i lærebedrift. Dette er ikkje som det skal vere.

Tidlegare var det ofte yrkesfaglærarane og rektorane som hjelpte eleven over i eit læreforhold. Eg er redd for at vi er i ferd med å miste ei viktig kopling her. Derfor er eg oppteken av at den enkelte skule meir aktivt må komme inn i formidlingsarbeidet. Yrkesfaglærarane er her dei fremste ekspertane; dei kan faga og kjenner arbeidslivet og bedriftene i lokalmiljøet. Yrkesfaglærarane og tilsette i bedriftene vil vere dei beste informantane om kva eit framtidig yrke handlar om. Eg har stor tillit til dykk når det gjeld å motivere og informere elevane på dette feltet.

Men lat oss då hugse at det aldri tidlegare er teikna så mange lærekontraktar som no - korkje totalt eller for den aldersgruppa som opplæringsretten omfattar. Til saman er det inngått meir enn 16.500 lærekontraktar dette året. Det er ein auke på 60 % samanlikna med 1995. Det er eit lyft med dimensjonar.

Partane har stått hardt på at modellen med to år i skule og avsluttande opplæring i bedrift er den opplæringsmåten som best sikrar arbeidslivet arbeidskraft med slike kvalifikasjonar som det treng. Saman med det store talet på intensjonsavtalar gav dette håp om endå fleire kontraktar enn vi til slutt fekk. At det ikkje gjekk slik, får ikkje departementet til å gi opp. Vi svarer med å auke innsatsen når vi no står framfor endå større utfordringar i året som kjem. Eg håper - og reknar med - at alle gode krefter legg breisida til.

Dette skuleåret er det oppretta ein del klassar for personar som ikkje fekk lærlingplass. Opplæringa i slike klassar er eit fagleg fullverdig alternativ. Same læreplan ligg til grunn og elevane skal opp til same fagprøve som lærlingane.

Partane i arbeidslivet seier at bedriftene må venje seg til det nye og åtvarar mot overilte alternative løysingar. Dei meiner at endå fleire lærlingplassar vil komme. Trass i den auken som har komme, er potensialet for lærlingplassar venteleg stort. Eg kjenner meg viss på at den samla effekten av all informasjon og påverking vil melde seg etter kvart. La oss ikkje gløyme at vi no vender oss til mange bedriftsleiarar som aldri tidlegare har teke inn lærlingar: Det gjeld både i tradisjonsrike og i nye lærefag.

Mange leiarar i arbeidslivet er usikre på om dei vågar å ta ansvar for å lære opp unge som del av offentleg vidaregåande opplæring. Dei treng mykje og riktig informasjon for å kunne endre holdning frå å vere skeptiske eller avventande til å bli aktive deltakarar i opplæringa. At bedriftsleiarar som er uvisse på om dei kan gi slik opplæring som reforma føreset, tenkjer seg om før dei tek på seg opplæringsplikter, er ikkje meir enn ein må vente. Det tek tid å snu ei stor skute. Fylkeskommunane, departementet og partane i arbeidslivet må derfor gjere ein endå betre informasjonsjobb i tida som kjem !

Er det t.d. slik at talet på elevplassar i somme fag i skulen ikkje er tilpassa talet på lærlingar som bedriftene ser seg i stand til å ta inn? Kan vi hjelpe på dette med betre samarbeid innover i fylkeskommunen når det gjeld dimensjoneringa av opplæringstilboda? Kan fylkeskommunen innleie eit nærare samarbeid med bedriftene for å identifisere og rette opp forhold som bedriftene meiner er til hinder for inntak av lærlingar?

Eg seier ikkje med dette at tilbodet i skulen einsidig bør innrettast etter talet på tilgjengelege lærlingplassar, men somme fylkeskommunar kan nok likevel leggje større vekt på dei signala som arbeidslivet gir. Dette er ikkje å gi frå seg kontrollen eller fråskrive seg ansvar, men å innrette seg på den kvardagen som opplæringa skal fungere i.

Til sjuande og sist er det arbeidslivet si oppgåve å sikre rekruttering og sjå til at det har den kompetansen det treng. Bransjar og bedrifter må definere kva dei treng og fortelje om behovet for fagarbeidarar og utsiktene til å få arbeid. Eg har sagt frå til leiarane i arbeidslivsorganisasjonane at på dette området ventar vi meir bevisst holdning og større innsats frå arbeidslivet. Eg er glad for å kunne seie at NHO har signalisert at dei vil hjelpe til med å få fram analysar av det framtidige utdanningsbehovet til dei ulike bransjane. Det vil gjere planleggingsarbeidet i fylkeskommunanen lettare.

Det offentlege vil sjå til at alle med rett til opplæring vil kunne fullføre opplæringa. Staten har lagt dei økonomiske og faglege vilkåra til rette, og departementet vil halde fram med å vurdere andre moglege tiltak for å stimulere til auka inntak av lærlingar.

Førre veka samla departementet representantar frå fylkeskommunane, partane i arbeidslivet og lærar- og elevorganisasjonane på dette hotellet for å drøfte arbeidet med å skaffe lærlingplassar og formidle elevar til lærebedriftene.

Vi lærte mykje av seminaret. Ei rekkje tiltak vil bli sette i verk.

Partane i arbeidslivet vil intensivere arbeidet sitt med å motivere bedriftene til å ta inn lærlingar, bl.a. ved hjelp av fadderskapsbedrifter. Dei vil lage prognosar for arbeidskraftbehov og medverke til betre yrkesrettleiing og markedsføring av fag som få søkjer. Arbeidslivet vil meir målretta bli brukt i informasjonsarbeidet, bl.a. når det gjeld å gjere synleg små og andre fag som har behov for ein spesiell innsats for å få lærlingar.

Viktige oppgåver ligg òg på fylkeskommunane. Det vert mellom anna peika på at fylkeskommunane meir bevisst må bruke skulen i arbeidet overfor bedriftene og overfor foreldre og potensielle lærlingar og andre. På Vk I bør utplassering brukast for bl.a. å knyte betre kontakt mellom skule, elevar og bedrifter med sikte på auka informasjon om opplæringa og større sjansar for framtidige lærlingplassar.

Fylkeskommunane må dessutan få Linda fagopplæring operativt, fastsetje tidspunkt for innhenting av intensjonsavtalar og gjere formidlinga betre og meir rasjonell.

Departementet vil på si side syte for å auke kunnskapen om lærlingordninga, gjennom betre informasjon allereie i grunnskulen. Det vil bli utarbeidd felles fagframstilling til bruk i informasjonsarbeidet.

På konferansen ba departementet om å få skriftlege innspel til endringar som bør gjerast i formidlingsforskrifta. No skal vi dra nytte av desse erfaringane og denne auka innsatsen når vi går i gang med arbeidet med å skaffe nye lærlingplassar.

* * *

Departementet legg stor vekt på at skuleleiarane skal vere både pedagogiske og administrative leiarar. På grunnlag av planverket må dei utvikle visjonære og konkrete mål for arbeidet. Desse ideane og måla må leiarane kunne formidle til lærararane og elevane slik at dei blir realiserte i opplæringa. I samarbeid med personalet må dei utvikle kompetanse i staben og motivere og inspirere medarbeidarane. Leiaren er sentral når det gjeld å vinne forståing for oppgåvene og i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet.

Lærarane har ei svært viktig rolle i gjennomføringa av den nye vidaregåande opplæringa. Somme tider kan ein få det inntrykket at somme meiner at departementet ikkje er klar over den viktige rolla som lærarane har, og det store og gode arbeidet dei utfører. Sjølvsagt er det ikkje slik. Departementet og lærarorganisasjonane er ikkje einige om alt, og ofte får motsetnadene større oppslag enn det vi er einige om. La meg derfor seie heilt klart at departementet - og eg personleg - både er kjent med og verdset det arbeidet lærarane gjer. Når eg slik som no står ansikt til ansikt med så mange lærarar og tillitsvalde, nyttar eg høvet til å takke for innsatsen.

Ein avgjerande føresetnad for å lykkast med den nye vidaregåande opplæringa, er at lærarane er informerte om intensjonar og mål, og har vilje og pågangsmot til å setje planane ut i livet. Planlegginga og gjennomføringa av Reform 94 har stilt store krav til oss alle. Både frå mi eiga tid i skulen og frå åra etter kjenner eg norske lærarar som engasjerte og ansvarsbevisste. Det vanskelege overgangsarbeidet vi no har vore gjennom, har styrkt dette inntrykket. Eg har derfor stor tru på framtida til reforma.

Lagt inn 21 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen