Historisk arkiv

Noregs forskingsråd og norsk forskingspolitikk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

Statsråd Reidar Sandal

Radisson SAS Plaza Hotel, Oslo.

Tale til forskingspolitisk seminar 16. oktober 1996.

Noregs forskingsråd og norsk forskingspolitikk

Då Noregs teknisk-naturvitskaplege forskingsråd i 1964 la fram sitt strategidokument 'Forsking i Noreg', dekka Aftenposten hendinga med 4-5 sider første dagen, og med oppfølging dagen etter. Eit slikt oppslag kring framlegginga av eit forskingspolitisk dokument kan vi berre drøyme om i dag.

At media har endra seg dei siste tretti åra, er nok ei viktig forklaring. Om det i tillegg tyder på at forsking har falle ut som tema for diskusjonar over lunsjbordet på arbeidsplassane eller i den norske heimen, gir det grunn til alvorleg ettertanke. Det er ikkje tilstrekkeleg at forsking berre opptek dei av oss som på eit eller anna vis til dagleg steller med forsking - som den forsamlinga eg i dag har gleda av å delta i.

De som er samla her i dag, kjenner alle til forskinga si raison d'etre; forskinga sin eigenverdi som kulturberar og kulturskapar, og forsking som verkemiddel for realisering av viktige samfunnsmål som miljø, velferd og økonomisk vekst.

Aldri har forsking vore viktigare. Vi forskar meir enn nokon sinne. Tilgang på kunnskap og kompetanse er i dag viktigare enn nokon gong før - for den enkelte si realisering som menneske og for fordeling av verdiar og velferd i samfunnet. Vi står framfor eit tusenårsskifte og kan berre ane korleis framtida vil sjå ut. Eitt er sikkert: Kunnskap vil vere med på å forme den.

Kva forsking vi i dag prioriterer, og korleis vi legg til rette for deling og fordeling av den kunnskapen som blir produsert, vil setje spor etter seg i framtidssamfunnet. Det burde vere eit godt grunnlag for ein brei samfunnsdebatt.

Regjeringa har dei seinare åra gjennomført eller lagt planar for grunnleggjande reformer på alle nivå i det norske kunnskapssystemet. Vi er godt i gang med å etablere eit system som skal gjere det norske samfunnet godt rusta til å møte framtida.

Kunnskapssektoren er dei siste åra tilført store ressursar. Seinast i statsbudsjettet for 1997 har regjeringa foreslått ein sterk vekst. Grunnskulereforma tek sjølvsagt ein stor del av desse nye ressursane, men også forskinga kjem godt ut. Det er ein vesentleg vekst i det internasjonale forskingssamarbeidet, og dei faglege løyvingane til Forskingsrådet veks.

Tilbake til reformene. Eit av reformbarna fekk namnet Noregs forskingsråd.

Grunnmuren ligg fast

Departementet blir til tider møtt med kritikk når det gjeld reformtempo. Vi får høyre at "Vegen blir til medan statsråden flyg". Men det er viktig å vere klar over at har vi først vedteke ei reform, må den få tid til å verke. Det er eit allment prinsipp og tyder at grunnmuren ved forskingssrådsreforma ligg fast. Den vil bli evaluert rundt tusenårsskiftet. Først då kan det bli aktuelt å drøfte eventuelle justeringar av reforma.

Opprettinga av Noregs forskingsråd i 1993 var ei dristig reform. Å samle alle forskingsrådsfunksjonar i 'eit hus' er eineståande i internasjonal samanheng. Det var også eineståande at den omfattande høyringa som låg til grunn, i all hovudsak støtta reformforslaget. Det var med andre ord brei semje om at tida var moden for reform. Om reforma var dristig, burde den breie støtta gi eit godt utgangspunkt for iverksetjinga.

Vegen blir til medan vi går. Det gjeld også forskingsrådsreforma. Det har til tider blåse friskt i og rundt denne nyskapinga. Det var å vente. All endring - alle reformer - gir opphav til konfliktar. Det gir nytt liv til gamle konfliktar, og det skaper nye. Bak ei reform ligg det alltid eit ønske om å skape noko genuint nytt - noko som er annleis. Blesten rundt Forskingsrådet er såleis korkje uventa eller unik. Konfliktar er i seg sjølv ikkje noko negativt, det kan tvert om verke nyskapande og avklarande. Det nye Forskingsrådet har mange eigarar og brukarar. Det er viktig at vi fører ein konstruktiv dialog om reforma.

Eg er derfor glad for dette høvet til å kunne kommentere korleis fireåringen utviklar seg sett med statsrådsauge.

Regjeringa la i stortingsmeldinga Et godt råd for forskning. Om endringer i forskningsrådsstrukturen (St.meld nr 43 1991-92) særleg vekt på at opprettinga av Forskingsrådet skulle

  • gi betre koordinering i norsk forsking, inklusive norsk deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid
  • fremje aktivt engasjement frå alle departement i forsking og forskingspolitikk
  • ta vare på sektor- og brukarbehov
  • gi betre integrasjonen mellom grunnforsking og brukarretta forsking
  • ta vare på grunnforskinga sin plass, inklusive fri grunnforsking utan strategiske mål

Koordinering

Behovet for betre koordinering i norsk forsking kan koplast til mange forhold. Det kan gjelde finansiering, organisering eller rådgiving. Det kan dreie seg om saker med stor forskingspolitisk tyngde og saker av rein administrativ karakter. Målet om sterkare koordinering gjennom forskingsrådsreforma inneheld alle desse elementa. La meg bruke noko tid på Forskingsrådet og koordinering - på sider som eg sjølv legg stor vekt på.

Forskingsrådet la tidlegare i år fram sin strategiplan "Forskning for framtiden". Planen er dels meint å vere retningsgivande for Forskingsrådet sine eigne prioriteringar, dels er det eit råd til regjeringa og forskarsamfunnet. Eg har lese planen med interesse. Den opnar for mange interessante perspektiv. Planen illustrerer fleire viktige poeng knytte til målet om betre koordinering i norsk forsking.

For det første - vi har fått eit råd som gir ein strategi for heile forskings-Noreg, for grunnforsking og brukarretta forsking innanfor alle disiplinar og sektorar. Ein kan like - eller mislike - dei tilrådingane Forskingsrådet gir, men ein kan ikkje underslå at vi har fått på bordet eit felles diskusjonsgrunnlag for utforminga av forskingspolitikken framover. Det er i seg sjølv ei verdfull 'reformfrukt'.

For det andre - det har i prosessen fram mot den endelege versjonen av planen vore ført eit omfattande rådslag i heile forskings-Noreg. Mange innspel er innarbeidde i den endelege versjonen, andre ikkje. Ein slik prosess - eit omfattande rådslag - gir tilrådingane ekstra tyngde. Det er særleg viktig med tanke på at Forskingsrådet er gitt ei så sentral rådgivingsrolle.

For det tredje - planen er interessant og framsynt. La meg trekkje fram eksempelet om satsing på marin forsking. Forslaget peiker på eit felt der Noreg har svært gode føresetnader for auka verdiskaping i framtida. Det er eit felt der vi har tung kompetanse - både i forskarsamfunnet og i næringa. Forslaget koplar på ein god måte grunnforsking og brukarretta forsking. Og forslaget er sektorovergripande. Desse koplingane gir forslaget eit heilskapleg preg som sannsynlegvis er ein føresetnad om vi skal lykkast. Og det bør tyde at vi får meir ut av dei ressursane som blir sette inn. Skal tru om det gamle forskingsrådssystemet hadde vore eigna til å fremje slike forslag?

For det fjerde - strategien har som overordna mål - og dels som føresetnad for andre mål - ein kraftig vekst i offentlege tilskot til forsking. Forskingsrådet skal ha honnør for å tenkje ekspansivt og visjonært. La meg som gammal finanspolitikar minne om at mynten også har ei anna side: Det kan vere farleg å byggje sine strategiar utelukkande på omfattande vekstføresetnader - å byggje sine slott på det som kan vise seg å vere sandgrunn.

Instituttsektoren har i lengre tid vore eit felt der behovet for ei koordinerande hand har vore sterk. Formuleringa "Noreg har ein stor og fragmentert instituttsektor" er ein gjengangar i forskingspolitiske dokument. Forskingsrådet fekk eit strategisk ansvar for instituttsektoren. Gjennom sitt instituttprosjekt har Forskingsrådet komme fram til tilrådingar som vil gi sektoren ei felles ramme for finansiering, evaluering og organisering. Vi har fått ei ramme som verkar svært lovande med sikte på å fremje kvalitet, relevans og meir einsarta rammevilkår - ein meir heilskapleg politikk for sektoren. Utfordringa framover blir å setje prinsippa ut i praksis.

Å styrkje internasjonalt forskingssamarbeid har hatt høg prioritet i norsk forskingspolitikk gjennom fleire år. Norsk deltaking i EU sitt rammeprogram for forsking og utvikling gjennom EØS-avtala er det største lyftet, eit lyft som òg ser ut til å gi god utteljing. Eg vil samstundes understreke at også medlemskap i andre internasjonale forskingsorganisasjonar, det nordiske samarbeidet og bilateralt samarbeid framleis utgjer viktige element i satsinga. Det same gjer sjølvsagt det direkte samarbeidet mellom enkeltforskarar og forskingsmiljø.

Det veksande internasjonale engasjementet gir mange nye sjansar. Samarbeid med framståande forskingsmiljø i andre land fremjar kvalitet i norsk forsking, sikrar fagleg fornying, nye kontaktar og auka tilgang på ny kunnskap til nytte for samfunns- og næringsliv. Kunnskapen er internasjonal i sin karakter. Men veksande internasjonalt samarbeid gir sanneleg også utfordringar - både på det forskingspolitiske og det forskingsutøvande planet.

På det forskingspolitiske planet ønskjer regjeringa sjølv å halde ein høg profil. Vi ønskjer å setje dagsorden og påverke slik at forskingspolitikken internasjonalt får ei utforming som i størst mogleg grad tek vare på norske interesser. Dette gjeld både gjennom organisert multilateralt samarbeid og bilateralt. Skal vi lykkast internasjonalt, må vi opptre med ei norsk stemme. Eg ser med gru for meg ein situasjon der vi måtte bruke mesteparten av kreftene på å skape orden i eigne rekkjer, og på å avklare kompetansestrid mellom fem eller fleire forskingsråd. Det er i Washington, Brussel, Beijing eller Reykjavik ressursane skal setjast inn - det er der vi må kjempe fram norske interesser, og vi må så langt som råd er, tale med ei stemme.

Eg hadde nyleg besøk av den kinesiske forskingsministeren. Det blei eit vellykka møte. Med fem forskingsråd til stades ville det blitt dårleg med plass og tid. Vi kunne risikert at orienteringa blei sprikjande og ufullstendig, i verste fall motsetnadsfylt. Eg vil med dette eksempelet understreke at det i ein travel statsrådkvardag er ei lette å ha eit profesjonelt organ med heilskapleg nasjonalt ansvar, som Forskingsrådet, til disposisjon.

Ein føresetnad for fagleg og økonomisk utbyte er at vi har kunnskap og kompetanse om spelereglar og kampoppsett, om søknadsrutinar og fristar. Denne kunnskapen og informasjonen må vere lett tilgjengeleg. Ved å plassere ansvaret i Forskingsrådet sikrar vi oss at nødvendig kompetanse blir bygd opp i det minste ein stad - og på ei adresse. Det er vidare viktig å leggje til rette for sterkare norsk deltaking, spesielt på strategisk viktige område og på felt der vi har høg fagleg kompetanse. Også her er dei ein klar fordel at eit organ kan prioritere kvar t.d. følgjeforskingsmidlar bør setjast inn.

Sektoransvaret

Sektoransvaret er eit sentralt prinsipp i norsk forskingspolitikk. Kvart departement er ansvarleg for forsking innanfor eigen sektor. Sektorprinsippet medverkar til at departementa aktivt tek i bruk FoU som verkemiddel, og til at dei med best kjennskap til sektoren utformar forskinga innanfor sin sektor. Det er ikkje grunn til å leggje skjul på at sektorprinsippet også medverkar til at departementa sin bruk av forsking varierer. Forskingsrådet har sjølv problematisert dette i strategiplanen og varsla at ein vil ta initiativ til eit samarbeid med departementa med sikte på meir konsekvent bruk av sektorprinsippet.

Dette er i tråd med eit av dei måla regjeringa sette for forskingsrådsreforma. Eg tillet meg å tru at Forskingsrådet vil rette mykje energi inn mot dei departementa som bruker minst ressursar på forsking, eller som i minst utstrekning kanaliserer midlar gjennom Forskingsrådet. Derfor eit råd på vegen: For å lykkast må Forskingsrådet overtyde om at FoU er eit veleigna verkemiddel som forsvarer prioritering av knappe midlar. Og ein må overtyde om at departementa får meir valuta igjen for pengane ved å kanalisere innsatsen gjennom Forskingsrådet enn direkte til forskingsmiljøa. Forskingsrådet må opptre som seljar, ikkje som predikant. Og ein må vere budd på at 'friarferda' kan ta tid.

Ein heilskapleg forskingspolitikk

Som forskingsminister fell det i mitt lodd å leie regjeringa sitt forskingsutval. Her ligg ansvaret for å sikre ein god heilskap i det mangfald av interesser og mål som forskingspolitikken skal tene.

Det er etablert ei ordning med faste møte mellom hovudstyret i Forskingsrådet og forskingsutvalet i regjeringa. Det har utvikla seg til ein møtestad der ulike syn og interesser kan brytast mot kvarandre. Vi har fått ein møtestad mellom organ på ulikt nivå, men med det til felles at dei begge har eit heilskapleg ansvar.

Eg har tidlegare understreka at dei råd Forskingsrådet gir, får større tyngde når eit omfattande rådslag ligg til grunn. Det er mitt inntrykk at Forskingsrådet langt på veg har utvikla eit omfattande rotsystem ut i forskings-Noreg, og at det framleis veks.

Forskingsrådsreforma har ikkje skapt vasstette skott. Regjeringa har mange øyre og auge. Det er framleis pluralismen og mangfaldet som kjenneteiknar det norske forskingssystemet. Det er nettopp som ein balanse - eller ei motvekt - til dette forskingsrådsreforma skal verke. I sum bør dette sikre ein god heilskap i det mangfald av interesser og mål forskingspolitikken skal tene.

Grunnforsking

Det har vore friske kast i vinden rundt Forskingsrådet. Den har også nådd mitt øyre ved ulike høve. Eg har fått høyre at det nye Forskingsrådet ikkje tek vare på omsynet til grunnforskinga.

Dette er mitt ansvarsfelt åleine. La meg derfor replisere:

  • Noregs forskingsråd skal ta vare på den gamle NAVF-funksjonen, det vil seie framleis finansiere grunnforsking ved institusjonane ut frå eit nasjonalt perspektiv.
  • Noregs forskingsråd gjer dette. Den som les strategisk plan, vil òg sjå det. Forskingsrådet har i tillegg dokumentert store behov for nytt vitskapleg utstyr og foreslått stor satsing på dette feltet.
  • KUF har med sine løyvingar over statsbudsjettet dei siste åra prioritert finansiering av frie prosjekt framfor program, og seinast for 1997 er det avsett 50 millionar kroner til nytt vitskapleg utstyr. Det skulle vere unødvendig å be ei forsamling som denne om å gå til kjeldene - om å lese statsbudsjettet.

Det ligg ein konflikt mellom fagutvikling og løysing av samfunnsproblem, mellom utforsking og utnytting. Dette er ei spenning ein må leve med. For dei av dykk som lengtar tilbake til NAVF, vil eg få minne om at NAVF i 1989 brukte meir midlar til programforsking enn til frie prosjekt. Heile 58 program var verksame. Programforsking og strategisk grunnforsking er ikkje noko det nye Forskingsrådet har æra eller skulda for. (Kjelde: NOU 1991:24 s. 134/138).

Det er også ein samanheng mellom utforsking og utnytting, mellom grunnforsking og brukarretta forsking. Å sikre gode koplingar mellom dei to var eit mål ved forskingsrådsreforma. Som tidlegare nemnt representerer Forskingsrådet sitt forslag om satsing på marin forsking eit godt eksempel på nettopp denne koplinga.

Universiteta bør vidare merke seg at den sterkaste veksten i dei offentlege forskingsbudsjetta har komme over driftstilskota til universiteta. Finansieringa er knytt opp mot vekst i studieplassar, men det er ei ordning for fullfinansiering, dvs. det dekkjer også forskarårsverka. Universiteta har stor grad av sjølvstyre. Dette bør dei utnytte - dei må sjølve ta ansvar for prioriteringar - for å rydde plass til forskinga.

Når det er sagt, må eg få understreke at universiteta har lagt ned eit stort arbeid dei siste åra med å ta unna for veksten i studenttalet samtidig som det er arbeidd med å styrkje studiekvaliteten.

Eg ser at det kan vere ønskjeleg å sjå nærare på forsking ved universiteta - og inviterer i statsbudsjettet til ein strukturert dialog mellom departement, universiteta og Forskingsrådet.

Forsking, også grunnforsking, konkurrerer med alle andre gode formål, det vere seg kommunar, sjuke eller eldre, når det gjeld tilskot frå statskassa. Det er derfor viktig at forskarane sjølve målber og artikulerer eit forsvar for grunnforskinga, og medverkar til legitimering. Ha i mente at det ikkje først og fremst er meg de må overtyde - eg forstår at grunnforsking er viktig.

Forskingsrådet sin organisasjon: einskap og mangfald

Oppbygginga av Forskingsrådet er kompleks - det ligg innebygde spenningar i sjølve strukturen. Spenningar som går mellom områdestyre, hovudstyre og administrasjon - mellom omsynet til mangfald og einskap. Det landskapet Forskingsrådet opererer i, er ikkje mindre komplisert. Rådet mottok i 1995 tilskot frå 14 departement. Brukargruppa omfattar alle sektorar i næringslivet, heile universitets- og høgskulesektoren, ein samansett instituttsektor - og igjen dei fleste departementa med underliggjande etatar og forvaltningsorgan.

Politikarar les aviser - også i sommarferien. Eg har merka meg at det på ny har oppstått ein diskusjon om forholdet mellom områdestyre, hovudstyre og administrasjon - mellom mangfald og einskap i Forskingsrådet sin organisasjon. Hovudinntrykket mitt er at diskusjonen no er langt mindre alvorleg enn i 1994, og eg har tiltru til at Forskingsrådet sjølv vil handtere saka på ein god måte.

Det kan vere på sin plass å minne om at regjeringa og fleirtalet i stortingskomiteen i si tid kommenterte dette. Komitefleirtalet understreka at

"... tilhøva må bli lagde til rette for at Noregs forskingsråd blir ein heilskapleg organisasjon. ... Forskingsrådet (skal) vere eit sterkt strategisk organ. Vilkåret for at rådet skal kunne fungere som ein samlande organisasjon, er at hovudstyret får vide fullmakter og direkte ansvar for vitale fellesoppgåver..." (Innst. S. nr. 31 1991-92)

Regjeringa føresette i tillegg at Forskingsrådet skulle ha ein einskapleg administrasjon, noko som også blei nedfelt i vedtektene. Dette er berebjelkar i forskingsrådsreforma - og dei ligg fast.

Forskingsrådet har vore gjennom ein krevjande omstillingsprosess med relativt stramme økonomiske rammer. Gitt kompleksiteten i eigen organisasjon og i sine omgivnader må eg seie at Forskingsrådet har komme vel frå dei første åra. Kor mange andre i samfunnet kan skilte med så mange mødre - og så mange barn?

Eit nytt styre får ansvaret for å føre Forskingsrådet inn i det nye tusenåret. Det er eit godt mannskap som overtek roret - eit mannskap med mangfaldig erfaring frå norsk forsking i breiaste forstand. Frå næringsliv og organisasjonsliv, frå universitet og statlege høgskular. Med ei slik hand om roret bør skuta halde fram med ein trygg seilas - også om det på ny skulle blåse opp.

Avslutning

Eg opna med å vise til at NTNF i 1964 fekk store medieoppslag då strategidokumentet 'Forsking i Noreg' blei lagt fram, og at det kunne gi grunnlag for alvorleg ettertanke. Opninga var ikkje heilt tilfeldig.

Mykje tyder på at ungdommen i dag har mist interessa for naturfag og teknologi:

  • Færre elevar vel fordjuping i naturfag
  • Færre søkjer opptak til høgare teknisk-naturvitskaplege studiar
  • Barn og unge tileignar seg negative holdningar til realfaga i skulen
  • Norsk ungdom viser dårlege kunnskapar i naturfag
  • Norske lærarar kan lite naturfag
  • Jentene 'flyktar' frå dei harde naturfaga

Naturfag og teknologi er minst like viktig som før. Skal vi forstå vår eiga samtid og delta i utforminga av framtida, kjem vi ikkje utanom naturfagleg og teknologisk kunnskap. Dette gjeld for klokkar og prest, for filolog og politikar, for gammal og ung. I tillegg er eit grunnfjell av allmennkunnskap ein føresetnad for å kunne rekruttere spesialistane - den gode kvinnelege naturfaglæraren, den dyktige ingeniøren og den nyvinnande professoren i kvantefysikk.

Noko er alt gjort. Den generelle læreplanen går grundig inn på teknologien si rolle i samfunnet. Natur- og miljøfag er på ny blitt eige fag i grunnskulen. Det er sett i verk særskilde tiltak for å styrkje rekrutteringa til ingeniørutdanninga. Noregs forskingsråd har sett i gang ei rekkje holdningsskapande tiltak som 'Nysgjerrigperklubben' og NRK-programmet 'Newtons hage'. Forskingsrådet løyver òg midlar til konkurransen 'Unge Forskere' og til eit nytt ungdomsretta program innanfor naturvitskap og teknologi.

Men departementet vil ikkje stoppe her. Vi vil i samarbeid med andre setje i verk tiltak som kan styrkje natur- og teknologifaga i skule og samfunn. Vi vil invitere næringsliv, utdanningsinstitusjonar og andre med i det arbeidet som står framfor oss. Også forskarsamfunnet har eit tungt ansvar for at desse fagområda igjen blir fag for alle.

For å utvide perspektivet - flest mogleg må få nyte godt av ny kunnskap og ta del i kunnskapsutviklinga - på alle fagfelt. Vi må alle bli litt meir forskarar. Dette er ein sentral visjon for eit framtidig samfunn grunnlagt på livslang læring. Vi har ein veg å gå for å komme dit. Forskarsamfunnet har eit særskilt ansvar for å bidra til å skape entusiasme og interesse for særtrekka ved forskinga, for resultata og for det potensialet som forskinga har, på godt og vondt.

Kva om vi i fellesskap makta å føre interessa for forsking ut til frukostbordet på Skjervøy, til klasseromma i heile landet og tilbake til førstesida i Aftenposten?

Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen