Historisk arkiv

Skulereformer i ei reformtid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

STATSRÅD REIDAR SANDAL

Opningsforedag på Skulemøtet for Rogaland

17. oktober 1996

«SKULEREFORMER I EI REFORMTID»

Eg vil gjerne innleie denne talen med ei takk til dykk som arbeider i skulen. Læraren står heilt sentralt i eit ungt menneske sitt liv. Det har svært mykje å seie for meg og alle dei eg i vid forstand representerer, kva barna våre opplever, kven dei møter i livet og kva ballast dei får med seg vidare.

Dette skuleåret blir eit viktig år i førebuinga av den 10-årige grunnskulen, og eg set pris på dette høvet til å helse skulefolk i Rogaland.

Læreplanverket er no ferdig, og kompetanseoppbygginga for lærarar, skuleleiarar og anna personale er i gang.

Men det aller viktigaste for å få ein endå betre grunnskule skjer i det daglege arbeidet i klasserommet. Det er i møtet mellom lærar og elev at utvikling skjer, til beste for den enkelte og samfunnet. Den utvikling som ikkje fører til endringar i klasserommet, er inga utvikling.

Og reformer handlar om endring. Ikkje om å gå vekk frå det etablerte og kjende, men om å utvikle betre strategiar og vinne nye erfaringar. Det handlar òg om evne til sjå utfordringar frå andre perspektiv, og vilje til å ta konsekvensane av det vi ser. Gjennomføring av reformer skjer i etappar, der vi etter kvart steg må lyfte blikket, sjå både bakover og framover - og vurdere det vi gjer i lys av overordna målsetjingar. På den måten kjem vi framover. Det er når målet kan synast fjernt og vanskeleg tilgjengeleg at det blir særleg viktig for oss å opne opp for vår eigen kreativitet, fantasi og skaparkraft - slik at vi faktisk ser dei sjansane som finst.

* * *

Utviklinga av sosialdemokratiet er ei historie om demokrati-sering av kunnskap og medverknad. Utdanning for alle har vore nøkkelen til ein politikk for rettferdig fordeling. Historia til velferdsstaten er også ei historie om utdanningsreformer. Det går ei linje frå dei første utdanningsreformene i 30-åra til reformene av i dag. Det handlar om å gi menneska kunnskap og like sjansar. Det handlar om å gi industri og næringsliv eit slikt kompetansenivå at vi kan hevde oss i internasjonal førstedivisjon. For der må vi ha fast tilhald om vi ønskjer å tryggje og utvikle vidare velferdsgoda. Den kanskje lengste linja i norsk politisk historie - kravet om og til utdanning - er enno ikkje ferdig strekt. Det nye samfunnet krev endå større kunnskapar og ny dugleik.

Det er klar samanheng mellom velferdsnivå og utdanningsnivå. Skal velferda sikrast, må vi halde fram med å utvikle kompetansen. Det gjeld både for barn og unge gjennom den ordinære utdanninga og gjennom grunn-, vidare- og etterutdanning for vaksne. Vi må utnytte avansert teknologi, skape nye produkt, utvikle nye idear og løyse gamle problem på nye måtar.

Dei reformene vi gjennomfører i grunnskule og vidaregåande opplæring, må vi sjå på bakgrunn av desse utfordringane. I eit lite land gjeld det å samordne og målrette ressursane - både dei menneskelege og dei materielle. Vi må ta på alvor at det er vår kløkt, innsikt og fantasi vi skal ause av framover.

Primæroppgåva for skulen er som før kunnskapsformidling. Kunnskap har alltid spelt ei viktig rolle i menneska sitt liv. For den enkelte er kunnskap sjølve nøkkelen til samfunns-deltaking, til fridom og råderett over eige liv. Opplysning og kunnskap er det sterkaste våpen mot einsretting, intoleranse og kortsyn. Kunnskap og fri meiningsutveksling er sjølve grunnlaget for demokrati og sjølvstyre. I ei verd der avstandar i tid og rom er blitt veldig små, er dette vesentlege kvalitetar for den enkelte og for samfunnet i det heile.

Regjeringa si store satsing på utdanning på alle nivå er eit uttrykk for at utdanning er den viktigaste byggjesteinen når det framtidige samfunnet skal formast. Utdanning er den aller beste investering for framtida.

I eit samfunn der kunnskapsveksten gjer kunnskap avleggs, må skulen finne fram og halde fast ved dugleik og kompetanse som varer livet ut. Eller sagt slik: Skulen må gi kunnskapen eit grunnfjell. Utan dette gir kunnskapseksplosjonen det motsette av meistring: forvirring, angst og rådløyse. I dag må læraren formidle kunnskap til elevar som ofte veit meir om ei lang rekkje tema enn læraren sjølv gjer. Ein seksåring skal vere yrkesaktiv til minst år 2050. Det gir perspektiv til det daglege møtet mellom lærar og elevar.

Regjeringa sitt arbeid med dei nye utfordringane

Med dei utfordringane vi stod overfor ved inngangen til 90-talet, ville det ikkje ha nytta å gå laus på arbeidet stykkevis og delt. Skulle det bli samanheng i reformene, måtte alle delar i skule- og utdanningssektoren sjåast under eitt og arbeidast med samla over ein konsentrert tidsperiode.

Høgre utdanning

Det starta med høgskulereforma der 100 høgskuler blei samordna gjennom eit Norgesnett i 26 administrative einingar. På denne måten har ein fått til ei betre arbeidsdeling og fagleg spesialiering ut frå ei samla plan for høgskuleutdanning.

I dei siste sju åra er talet på studieplassar blitt auka med 70%, frå om lag 100 000 til 170 000. Og det vil etter kvart bli mogleg for universiteta og høgskulane å satse sterkare på etter- og vidareutdanning og meir ta i bruk fjernundervisning slik at tilboda rekk fram til fleire.

Eit offentleg utval har no gått gjennom all lærarutdanning og sett fram forslag til revisjon av lærarutdanninga slik at den blir i samsvar med dei nye læreplanane.

Reform 94

Det neste store lyftet var å gi alle unge rett til vidaregåande opplæring.

Reform 94 er ein av grunnsteinane i den omfattande reformpolitikken som Regjeringa har tatt initiativet til, og som er og vil bli gjennomført i 90-åra. Det er viktig å sjå samanhengen mellom R 94, grunnskulereforma og reforma for universitet og høgskular.

Reform 94 - ei nyvinning

Dersom vi trekkjer linjene tilbake til den utdanningspolitiske plattforma som blei meisla ut etter krigen, er vidaregåande opplæring kanskje den viktigaste nyvinninga når det gjeld å byggje ut einskapsskulen: Ei utdanning for alle uavhengig av sosial status, kjønn og bustad . Frå 1997 vil all ungdom ha rett til eit trettenårig opplæringstilbod. Få andre nasjonar kan rose seg av det.

Reform 94 - strategi for framtidsretta yrkesopplæring

Det er kompetanse og dugleik vi skal leve av framover. Reform 94 har som mål å skape grunnlag både for ein brei allmennfagleg og ein brei yrkesfagleg kompetanse. Slik rustar vi oss til møte med framtida både når det gjeld eit felles kunnskapsfundament og evne til fleksibilitet og omstilling. Innanfor såvel EU som OECD blir omgrepet humankapital i tydinga «livslang læring» lagt vekt på som ein føresetnad for verdiskaping og sysselsetjing. Det er stor internasjonal merksemd retta mot våre løysingar av utfordringane innanfor vidaregåande opplæring, ein modell som legg vekt på den sterke koplinga mellom yrkesopplæring i skule og bedrift.

Fagopplæringa i arbeidslivet

Skule og bedrift arbeider saman om å gi ei fagopplæring som er tilpassa krava og utviklinga i det moderne samfunnet. Færre grunnkurs og aukande spesialisering etter kvart gir eit breiare grunnlag. Somme meiner at fag- og yrkesopplæringa innheld for mykje allmennteori, og at emne som ikkje har direkte relevans til fagutøvinga, svekkjer kvaliteten på fagopplæringa. Det er mi faste overtyding at vi alle - både som fagfolk og samfunnsmenneske - har bruk for den kompetansen som desse faga gir. Arbeidslivet treng vel orienterte tilsette med utviklingspotensiale. Fagopplæringa kan derfor ikkje - slik somme synest å meine - berre ta omsyn til kva fagkunnskapar arbeidslivet treng i dag.

Fagopplæringa føreset ein kombinasjon av opplæring i skule og i lærebedrift. Etter råd frå partane i arbeidslivet, er læreplanar, regelverk og tilskotsordningar utarbeidde på dette grunnlaget. Arbeidslivspartane sentralt og lokalt har vore viktige medspelarar i arbeidet med å utvikle fagopplæringa. Partane har stått hardt på modellen med to år i skule og to år i bedrift. Dei meiner at opplæring i bedrift er den beste måten å bruke dersom ein skal sikre arbeidslivet tilgang på kvalifisert arbeidskraft.

Ei stor utfordring har vore å skaffe nok lærlingplassar. Aldri tidlegare er det teikna så mange lærlingkontraktar som no - korkje totalt eller for dei aldersgruppene som opplæringsretten omfattar. Til saman er det teikna godt over 16.000 lærekontraktar dette året. Dette er om lag 60 % fleire enn for heile fjoråret.

15.300 reformelevar med og utan rett har søkt om lærlingplass. 9.570 av desse har fått plass i bedrift. Av desse er det om lag 6.400 som har rett på opplæring. Det er ein vesentleg auke i forhold til tidlegare år. Likevel finn eg grunn til å peike på at talet er for lågt i høve til målsetjinga.

Potensialet er venteleg stort. Eg trur nok at synergieffekten av informasjon, medieomtale og påverking vil melde seg etter kvart.

Det offentlege vil sjå til at alle med rett vil kunne fullføre opplæringa. Talet på lærlingplassar avgjer om arbeidslivet skal få oppfylt dei krava det sjølv har stilt. Eg ventar ei meir bevisst holdning og langt større innsats frå arbeidslivet i åra som kjem, når det gjeld å definere kva fagkompetanse det treng.

Både regjeringa og fleirtalet i Stortinget meiner at fagopplæringa bør vere ei blanding av opplæring i skule og i lærebedrift. Dette kan ikkje skje utan at arbeidslivet er direkte involvert i planlegging og gjennomføring. Arbeidslivspartane sentralt og lokalt har vore viktige medspelarar i arbeidet med å utvikle reforma - og med å skaffe lærlingplassar.

Departementet har lagt vilkåra til rette for at arbeidslivet skal kunne ta lærlingar. Bl.a. er dei økonomiske tilskota auka og lønnsutgiftene reduserte. Ei omfattande etterutdanning er i gang.

Somme meiner at dei som fullfører fagopplæringa i skulen fordi dei ikkje får lærlingplass, er B-lærlingar og får B-fagbrev. Dei alternative klassane som dette skuleåret er oppretta, er fagleg fullverdige alternativ. Å tale om B-status på den kompetansen denne opplæringa gir, har inga meining. Same læreplanar ligg til grunn for opplæringa, og elevane skal opp til same fagprøve som lærlingane. Ressursar og krefter bør brukast til å gjere den alternative opplæringa så god som råd er - gjerne i samarbeid med arbeidslivet. Men det er viktig at slikt samarbeid og eventuelle utplasseringar ikkje gjer det vanskelegare å skaffe lærekontraktar.

Reform 97

Den neste delen av reformarbeidet i utdanningssektoren er innføringa av 10-årig grunnskule. Vidare i foredraget vil eg leggje hovudvekta på denne reforma som vi no står overfor.

I 1989 feira grunnskulen sitt 250-årsjubileum. Utviklinga gjennom desse hundreåra har gjennomgåande vore styrt av eit sterkt ønske om å forandre og utvikle samfunnet mot det betre for enkeltmennesket og fellesskapen. Det er ikkje berre skulen ein har hatt ønske om å forandre. Trua på opplysning, fornuft, menneskeverd og lik rett til utdanning for alle har òg vore ei drivkraft i kampen for eit godt samfunn. Noreg var eit av dei første landa som fekk ein 7-årig folkeskule. 9-årig grunnskule blei innført i 1969 - neste haust blir den obligatoriske skulegangen utvida til 10 år. I 1994 fekk all norsk ungdom rett til tre års vidaregåande opplæring. Vi er med det i ferd med å byggje opp ei 13-årig opplæring for alle.

6-åringane

Bjørnstjerne Bjørnson har i "En glad gutt" skildra den forventinga hovudpersonen har til skulen:

Øivind hadde hørt at skolen var et sted hvor mange gutter lekte, og det hadde han ingenting i mot. Han var meget fornøyd, på gården hade han vært ofte, men ikke når der var skole og han gikk fortere enn moren opp over bakkene, for han lengtet.

Grunnskulereforma skal ikkje gjere barndommen kortare eller hindre den frie barneleiken. Gjennom leik og læring skal skulen, i samarbeid med foreldre og lokalsamfunn, gjere ungane betre rusta til å møte ein krevjande kvardag; gi dei tryggleik og eit solid fundament for å utvikle seg i arbeid, samfunn og familie.

I den debatten vi har hatt dei siste åra om 6-åringane i skulen, kan ein ofte få inntrykk av at 6-åringane aldri tidlegare har hatt kontakt med skulen. At vi står totalt utan erfaringar med denne gruppa barn. Det er ikkje tilfelle.

I heile etterkrigstida har ein drøfta det pedagogiske tilbodet til 6-åringane i ulike utgreiingar: Samordningsnemnda (1947), Folkeskulekomiteen (1963) og Normalplanutvalet (1967) tok opp spørsmålet, og mykje forsøks- og utviklingsarbeid er gjennomført. Forsøket med pedagogisk tilbod til 6-åringar i tida 1986-89 er det største og mest omfattande prosjektet, og det som ligg nærast i tid.

Ny rammeplan for barnehagar

Frå 1. januar 1996 er det innført ny rammeplan for barnehagar. Frå departementet si side er det lagt vekt på å få til ein god overgang mellom denne og planverket for grunnskulen. Rammeplanen for barnehagar inneheld òg forpliktande målformuleringar ved sida av mykje rettleiingsstoff og allmenne kommentarar. Sjølv om oppbygginga er annleis enn i læreplan for grunnskulen, har dei to planverka mange like trekk og mange felles tema og fag.

Endring i lov og forskrift

Regjeringa og Stortinget har no lagt til rette for gjennomføringa av grunnskulereforma. Stortinget gjorde våren 1996 dei nødvendige vedtaka knytte til innføring av ein 10-årig grunnskule. Eg vil her nemne to forhold:

Lærarressursar i 1. klasse/førskulen

1. klassar med meir enn 18 elevar skal ha to pedagogar i kvar undervisningstime. I fådelte skular, der 6-åringane går i aldersblanda klassar, medfører forslaget krav om to lærarar i kvar undervisningstime dersom klassen har meir enn 18 elevar.

I tillegg til denne lærarressursen skal 1. klassen sjølvsagt ha ekstra ressursar til spesialundervisning etter enkeltvedtak og til norsk- og morsmålsopplæring for framandspråklege elevar.

Kompetansekrav for førskulelærarar

Departementet kan i forskrift gjere unntak frå utdanningskrava i lærarutdanningslova, slik at førskulelærarar kan tilsetjast på 1.- 4. klassetrinn i grunnskulen.

I arbeidet med forskriftene tar departementet sikte på at førskulelærarane skal kunne undervise i den nye 1. klassen/ førskulen utan vidare. Dersom dei ønskjer å undervise på 2. - 4. klassetrinn, må dei ha eitt års vidareutdanning for arbeid på småskuletrinnet. I ein overgangsperiode vil dei kunne tilsetjast utan vidareutdanning dersom dei skaffar seg relevant kompetanse innan 5 år.

* * *

I avisartiklar og intervju er reforma blitt framstilt som forhasta, dårleg planlagd, ukoordinert og skadeleg for barna. "Vi stjeler et år av barnas liv, driver dem ut av eventyret og paradiset ett år for tidlig," hevda forfattaren Øistein Parmann i ein kronikk i Aftenposten i vår. "Målet med reformen er praktiske, økonomiske og rasjonelle; de voksnes mål. Ingen snakker om barnet og hva det har best av," skriv Parmann.

Grunnskolereforma er ikkje eit sparetiltak. Fredag 4. oktober vart statsbudsjettet lagt fram. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjer her framlegg om å løyve nærmare to milliardar kroner til grunnskulen. Det er ein auke på over 30 % i høve til 1996. Den store auken kjem i hovudsak av den kompensasjonen kommunane får til Reform 97.

For 1997 er det dessutan foreslått å overføre 740 millionar kroner gjennom rammetilskotet til kommunane, som kompensasjon for auka driftskostnader som følgjer av Reform 97. Dette gjeld mellom anna undervisningsrelaterte kostnader, skyss, kommunal eigendel for skulefritidsplassar og lærebøker.

Kommunane sine investeringar for å ta seksåringane inn i skulen blir kompenserte gjennom eit øyremerkt tilskot på KUFs budsjett. Det samla investeringsbehovet er no rekna til knapt 4,8 milliardar kr.

Eg vil minne om at det er første gong i historia at staten fullfinansierer skulebygg i samband med ei reform. Denne satsinga er utan sidestykke i norsk skulehistorie.

Budsjettforslaget gir òg rom for skulefritidsplassar for 36 000 seksåringar og 70 000 7-9-åringar frå hausten 1997. I tillegg er det som nemnt foreslått midlar i rammetilskotet som kompensasjon for auka kommunale eigendelar til skulefritidsplassar for seksåringane.

Eit nytt læreplanverk

Det er utarbeidd ein ny læreplan for den tiårige grunnskulen. Einskapsskuletanken har vore styrande for norsk skulepolitikk gjennom store delar av dette hundreåret, og er ein viktig del av den sosialdemokratiske tradisjonen. Målet har vore lik rett til utdanning for alle, uavhengig av sosial status, kjønn, geografi og etnisk bakgrunn. Alle barn og unge skal få dei same vilkåra.

Einskapsskulen skal førast vidare og styrkjast. Skulen skal gi alle barn og unge del i ein sosial, fagleg og kulturell fellesskap bygd på den same læreplanen. Samtidig skal ein felles læreplan gi høve til tilpassing ut frå individuelle førsetnader og behov. Fellesstoffet er styrkt i den nye læreplanen. Hovudinnhaldet i kvart fag er nøye presisert, slik at kvar elev kan ta del i det ut frå sine eigne føresetnader.

Prinsipp og retningslinjer for opplæringa og læreplanane for faga blei lagde ut på Internett 5. august. Den trykte versjonen av det nye læreplanverket er under ferdigstilling.

Den generelle delen er innført, med verknad frå september 1993. Den gir dei overordna måla som opplæringa i grunnskulen skal sikte mot.

Prinsipp og retningslinjer for opplæringa utgjer eit bindeledd mellom generell del og læreplanane for fag. Denne delen av planverket er utforma med grunnlag i den generelle delen, og gir ei nærare konkretisering av opplæringa i grunnskulen.

I forlenginga av desse føringane kjem læreplanar som omtaler det fellesstoffet - dei kunnskapane, dugleikane, opplevingane og erfaringane - som alle elevane skal ta del i i opplæringa.

Det samla læreplanverket skal innførast over ein treårsperiode.

Departementet har gitt retningslinjer for tilpassing av innføringstakten til lokale forhold - blant anna i udelte og fådelte skular.

Departementet vil gi rettleiing om den samordninga og tilpassinga som er nødvendig for innføringa. (Dette er gjort kjent i rundskriv F-75/96 til kommunane.)

Det nye læreplanverket utgjer samla det forpliktande og heilskaplege grunnlaget for opplæringa i den 10-årige grunnskulen.

Vidareføring og fornying

Gjennom eit sentralt fastsett fellesstoff skal opplæringa i den nye 10-årige grunnskulen bidra til å føre vidare dei verdiane, den kunnskapen og dei dugleikane som samla utgjer den felles kulturarven vår. Samtidig er det lagt vekt på fornying. Skal skulen opplevast som meiningsfylt, må den ha relevans for den samtida den og elevane er ein del av.

Oppbygging av læreplanane for faga

Oppbygginga av læreplanane er basert på einskapsskule-prinsippet om likeverd, fellesskap og tilpassing. Dette sikrar elevane stor grad av eit felles og likeverdig grunnlag ved inngangen til vidaregåande opplæring. At alle elevar får del i eit felles kunnskaps-, kultur- og verdigrunnlag, er òg med på å gi oppveksande generasjonar eit felles grunnlag som samfunnsmedlemmer.

Fellesskapstanken krev òg tilpassing, som eg alt har nemnt. Tilpassa opplæring skal derfor vere eit overordna prinsipp. Elevane skal få møte oppgåver og utfordringar dei kan strekkje seg etter og vekse på, og som dei maktar og meistrar.

Eigenarten i hovudtrinna

Eit fornyande trekk ved læreplanane i den 10-årige grunnskulen er profileringa av dei tre hovudtrinna når det gjeld innhald og arbeidsmåtar.

Småskuletrinnet skal til dømes vere prega av tradisjonar både frå barnehagen og skulen. Læreplanane krev derfor eit sterkt innslag av leik og temaorganisering av innhaldet i opplæringa.

mellomtrinnet står faga tydelegare fram. Opplæringa skal gjere at elevane konsoliderer og utviklar vidare den kunnskapen, dugleiken og dei holdningane dei har tileigna seg dei første åra. Lærarane må samarbeide om progresjon og arbeidsmåtar som gir ein god overgang frå småskuletrinnet og vidare til ungdomstrinnet.

Opplæringa på ungdomstrinnet må både stille krav til fagleg innsikt og leggje større vekt på å utvikle elevane si sjølvstendige læring, samtidig som den blir relevant for den livsfasen elevane er i. Fornying av arbeidsmåtar og organisering, både gjennom tema- og prosjektarbeid, er kanskje det første steget i denne vidareutviklinga. Særleg gir prosjektarbeid grunnlag for at elevane får både større ansvar for eiga læring og betre føresetnader for fordjuping gjennom vitskaplege tenkje- og arbeidsmåtar.

Trinnprofilering og fornying av organisering og arbeidsmåtar er blant dei viktigaste utgangspunkta for arbeidet med dei nye læreplanane i den 10-årige grunnskulen.

Læreplanane for faga

Ein av hovudnøklane for å kunne forstå og praktisere det nye læreplanverket er å kjenne oppbygginga av læreplanane. Ein annan nøkkel er den gjennomgåande samanhengen mellom generell del, prinsippa og retningslinjene for opplæringa og læreplanane for faga. Det er spesielt viktig å feste seg ved dei verdimessige og kulturelle føringane som er nedfelte her.

Verdimessige og kulturelle føringar

Heilt kort vil eg peike på nokre av desse føringane.

Opplæringa skal byggje på kristne og humanistiske verdiar. Samtidig som grunnskulen har ei klar verdimessig plattform, skal den vere inkluderande og vise respekt for ulike kulturar, trus- og verdioppfatningar. Det er viktig å gi elevane del i grunnleggjande demokratiske verdiar, der dei gjennom opplæringa skal få innsikt i og respekt for demokratiske ideal og spelereglar. Slike verdiar må ikkje avgrensast berre til teori - dei må òg kunne sjåast igjen i arbeidsmåtar og aktivitetar. Elevane skal ikkje berre lære om demokratiet, dei skal vekse opp i det - bruke det. Eg vil her spesielt peike på mål og innhald i planane for klasse- og elevrådsarbeid.

Den estetiske dimensjonen i faga inneber at ein legg større vekt på skapande verksemd og refleksjon, opplevingar og uttrykk, og ei bevisst holdning til kunst og estetikk. Fornyinga gjennom faget Kunst og handverk er eit døme på dette. Dessutan vil eg understreke at den estetiske dimensjonen skal lyftast fram i alle fag.

Læreplanane legg stor vekt på praktiske aktivitetar, oppgåver og erfaringar, og på samanhengen mellom teori og praksis. Samtidig som opplæringa skal gi elevane høve til å arbeide praktisk og til å få konkrete erfaringar, skal det leggjast vekt på undersøkjande og utforskande aktivitetar.

Lokalt arbeid med læreplanane

Det lokale arbeidet med læreplanane skal mellom anna danne grunnlag for lærarane si planlegging av undervisninga på klasse- og elevnivå. Det er ei utfordring å skape god samanheng mellom det sentralt fastsette og det lokalt utforma innhaldet i læreplanane, og å følgje opp måla frå generell del og prinsipp og retningslinjer for opplæringa.

Kunnskapssyn

Skulen skal leggje til rette for ei god utvikling for barnet slik at det opplever eit meiningsfullt liv.

Framtida blir i stor grad avgjort av korleis vi oppfører oss i forhold til omgivnader og kvarandre. Innsikt i oppvekstkår og korleis barn lærer, står sentralt i utviklinga av ein god lærar, og i ein slik samanheng får vårt eige menneskesyn og kunnskapssyn avgjerande vekt.

L97 fokuserer på både elevar og lærarar som aktive og engasjerte individ, og læringssynet må byggje på eit aktivt kunnskapssyn. Kunnskapstileigning er ikkje ein prosess der elevane berre tar til seg ferdiglaga kunnskap slik den blir presentert av læraren. Eleven må lære å søkje etter kunnskap sjølv, lære å sjå sjansar og kunne gjere val mellom ulike alternativ. Dei skal utvikle sjølvstende, kritisk vurderingsevne og sosial handlingskompetanse, noko som inneber at vi må vere opptatt av både arbeidsformer og kunnskapsinnhald. Eit elevsentrert og elevaktiviserande grunnsyn blir viktig.

Opplæringa skal medverke til at elevane utviklar seg til aktive menneske i eit demokratisk samfunn. Det vil seie at det òg er skulen sitt ansvar å gi neste generasjon kunnskap, dugleik og holdningar slik at dei kan nytte ytringsfridommen i eiga interesse og på vegner av fellesskapen dei er ein del av.

Lærarrolla

Generell del av læreplanen for grunnskulen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring seier m.a.:

"Lærarane sitt viktigaste læremiddel er dei sjølve."

Dette føreset både høg kompetanse og stor grad av metodefridom innanfor gitte rammer.

Kristen Kold, frå Danmark, stilte for 150 år sidan desse krava til læraren:

Han må

  • ha "liv" i seg, dvs at kunnskapen skal ha liv
  • han må ha evne til å formidle kunnskapen til andre
  • han må ha lyst til å formidle kunnskapen til andre.

Påstandar om at sjølv den middelmåtige læraren kan fungere med den rette metoden held ikkje, då det ikkje er snakk om å kunne ein metode, men å løyse ei oppgåve med utgangspunkt i eigen kompetanse.

Dersom elevane skal utvikle seg til sjølvstendige og reflekterte menneske, må dei møte vaksne som dei kan identifisere seg med. Det vil seie at det viktigaste kravet vi kan stille til lærarane, er at dei sjølve kan planleggje og grunngi opplæringa si.

Læraren skal:

  • rettleie og utvikle
  • formidle kunnskap, verdiar og holdningar
  • vere eit føredøme
  • vise omsorg
  • vurdere

Eg ønskjer lærarar som tar vare på rolla si på ein profesjonell måte, lærarar som respekterer oppdraget, kjenner rammene, innhaldet og måla for opplæringa.

For å finne ut innanfor kva rom læraren skal utøve profesjonaliteten sin, er det nødvendig å avklare ansvar og roller. Profesjonalitet er ikkje det same som suverenitet.

Ein lærar i eit offentleg skuleverk er forplikta av nasjonalt vedtatte lover og læreplanar, av kommunale prioriteringar og forholda på den enkelte skule. Den profesjonelle læraren veit kva oppgåva går ut på, han kjenner rammene og veit kvar grensene for val og fridom går.

Profesjonelt arbeid føreset kunnskap om og respekt for oppgåva, og det er samfunnet som set rammer for denne, ikkje den enkelte lærar. Læraren må derfor vite kva forventningar samfunnet har til skulen, gjennom måla i læreplanane.

Men samstundes som læraren er forplikta av nasjonalt og lokalt fastsette planar, får han òg høve til å vere seg sjølv, til å utvikle sin eigen personlegdom og sin eigen spesielle kompetanse i ei pedagogisk tilrettelegging av undervisninga.

Få yrke er utsette for større og meir samansette krav enn læraryrket. Det er òg få yrke der ein vert utsett for så stort kryssande press frå omverda i forhold til korleis yrket skal utøvast.

Til slutt:

Vellykka reformer er avhengig av god planlegging og tilretteleggeing på alle forvaltningsnivå. Men like viktig er det å få god oppslutning hos dei som skal setje reforma ut i livet.

Når det gjeld grunnskulereforma, er ei vellykka gjennomføring avhengig av oppslutning frå kommunane, lærarane og foreldra. Vi på statleg hald vil leggje til rette for at desse får god informasjon om reforma, slik at alle er godt førebudde på det nye som kjem.

Det viktigaste er likevel at elevane, både 6-åringane og dei andre, får ein god skule og ei god opplæring. Det er dette som er målet vårt og som vi må leggje til rette for, vi som er vaksne.

Og reformarbeidet held fram. All lærarutdanning blir no sett under lupa. Eit utval har no lagt fram ein NOU om ny lærarutdanning frå 1998: Lærarutdanning. Mellom ideal og krav. Reformene i grunnskulen og vidaregåande opplæring krev at vi nøye vurderer om lærarutdanninga er godt nok tilpassa og om det nye læreplanverket «sit» tilstrekkeleg godt i høgskulesystemet.

Og så er det dei vaksne og deira behov for etter- og vidareutdanning. Arbeidet er allereie i gang.

Eg ønskjer dykk lykke til !

Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen