Historisk arkiv

Statsrådens taler

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet

STATSRÅD REIDAR SANDAL

Opningsforedag på Vestlandske lærarstemna

10. oktober 1996

MED 10-ÅRIG GRUNNSKULE INN I EIT NYTT TUSENÅR

Eg vil gjerne innleie denne talen med ei takk til dykk som arbeider i skulen. Læraren står heilt sentralt i eit ungt menneske sitt liv. Det har svært mykje å seie for meg og alle dei eg i vid forstand representerer, kva barna våre opplever, kven dei møter i livet og kva ballast dei får med seg vidare.

Vi greier ikkje å byggje eit trygt og godt samfunn utan ein aktiv politikk for solidaritet, utjamning og like sjansar. Skulen har fått, og på ein god måte tatt på seg, ein større del av det samla omsorgsansvaret for barn og unge. Vår felles skule når alle barn. Derfor er det også naturleg at skulen får eit særleg ansvar for å medverke til å sikre barna eit rikt oppvekstmiljø.

Men dei viktigaste og mest sentrale personane for barn og unge er sjølvsagt foreldra. Foreldreoppgåvene og det foreldra har å seie for barna og dei unge, korkje kan eller skal bli overtatt av skule eller lærarar.

Eg veit at mange lærarar likevel opplever at foreldre nærmast krev det umoglege av skulen, eller at kontakten mellom heim og skule ikkje er god nok. Mediefokuseringa på skulen kan sikkert også opplevast som urettferdig når tragiske valdsepisodar, som mellom andre Bergensavisene har tatt opp dei siste vekene, blir ståande som illustrasjonar på skulekvardagen - medan alt det flotte arbeidet som blir gjort, ikkje blir vist fram.

Trass i at eg veit de vil minne meg om mange behov, om manglande og knappe ressursar i skulen vår, er det eit faktum at Regjeringa har satsa kraftig på norsk skule og utdanning dei seinare åra. Kvar er det blitt av oljepengane? spør somme. Noko av svaret er jo nettopp at oljerikdommen er blitt til kunnskapsrikdom. I dag bruker vi i faste kroner 10 milliardar meir på utdanning enn vi gjorde for 10 år sidan. Ti milliardar kroner er ufatteleg mykje pengar: det er t.d. nesten like mykje som staten løyver til kultursektoren og justissektoren med politi, lensmenn osv.

Sist fredag vart statsbudsjettet lagt fram. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjer her framlegg om å løyve nærmare to milliardar kroner til grunnskulen. Det er ein auke på over 30 % i høve til 1996. Den store auken kjem i hovudsak av den kompensasjonen kommunane får i samband med Reform 97.

På Kommunaldepartementet sitt budsjett er det foreslått å leggje 740 millionar kroner inn i rammetilskotet til kommunane, som kompensasjon for auka driftskostnader som følgjer av Reform 97; det gjeld mellom anna undervisningsrelaterte kostnader, skyss, kommunal eigendel for skulefritidsplassar og lærebøker.

Kommunane sine investeringar for å ta seksåringane inn i skulen blir kompenserte gjennom eit øyremerkt tilskot på KUFs budsjett. Det samla investeringsbehovet er no rekna til knapt 4,8 milliardar kroner.

Eg vil minne om at det er første gong i historia at staten fullfinansierer skulebygg i samband med ei reform. Denne satsinga er utan sidestykke i norsk skulehistorie.

Budsjettforslaget gir rom for skulefritidsplassar for 36 000 seksåringar og 70 000 7-9-åringar frå hausten 1997. I tillegg er det som nemnt foreslått midlar i rammetilskotet som kompensasjon for auka kommunale eigendelar til skulefritidsplassar for seksåringane.

* * *

Utviklinga av sosialdemokratiet er ei historie om demokrati-sering av kunnskap og medverknad. For arbeidarrørsla har utdanning for alle alltid vore nøkkelen til ein politikk for rettferdig fordeling. Historia til velferdsstaten er også ei historie om utdanningsreformer. Det går ei linje frå dei første utdanningsreformene i 30-åra til reformene av i dag med tilbod om vidaregåande opplæring for alle, utvida kapasitet ved universitet og høgskular og skulestart for seksåringane. Det handlar om å gi menneska kunnskap og like sjansar. Det handlar om å gi industri og næringsliv eit slikt kompetansenivå at vi kan hevde oss i internasjonal førstedivisjon. For der må vi ha fast tilhald om vi ønskjer å tryggje og utvikle vidare velferdsgoda. Den kanskje lengste linja i norsk politisk historie - kravet om og til utdanning - er enno ikkje ferdig strekt. Det nye samfunnet krev endå større kunnskapar og ny dugleik.

Det er klar samanheng mellom velferdsnivå og utdanningsnivå.

Frå å vere eit fattig land har Noreg i løpet av dei siste to-tre generasjonane oppnådd ein levestandard som ligg mellom dei høgste i verda. Framgangen er eit resultat av mellom anna ei kraftig heving av kompetansenivået i folket. Skal velferda sikrast, må vi halde fram med å utvikle denne kompetansen. Det gjeld både for barn og unge gjennom den ordinære utdanninga og gjennom grunn-, vidare- og etterutdanning for vaksne. Vi må utnytte avansert teknologi, skape nye produkt, utvikle nye idear og løyse gamle problem på nye måtar. Eller vi kan seie det slik: Befolkninga må ha motivasjon for innovasjon.

Dei reformene vi gjennomfører i grunnskule og vidaregåande opplæring, må vi sjå på bakgrunn av desse utfordringane. I eit lite land gjeld det å samordne og målrette ressursane - både dei menneskelege og dei materielle. Vi må ta på alvor at det er vår kløkt, innsikt og fantasi vi skal ause av framover.

Landet vårt er i endring no mot det nye tusenårsskiftet. Ei slik endring er den kulturelle internasjonaliseringa av samfunnet. Å vere norsk vil ikkje lenger seie å vere kvit, blond, blåøygd og protestantisk. Den tid er forbi då alle nordmenn vart fødde med ski på beina.

Ein av dei viktigaste samfunnsinstitusjonane våre nye landsmenn møter, er skulen. Klasseromma er blitt fleirkulturelle. I Oslo har t.d. kvar fjerde førsteklassing røtene sine ein annan stad enn i norske bygder og byar. Då er den politiske utfordringa denne: Vi må alle vere opptatt av at etniske forskjellar ikkje blir klasseforskjellar. Det er ei ambisiøs utfordring - men vi kan ikkje ha mindre ambisjonar.

Det er ei viktig oppgåve for grunnskulen å utvikle fellesskap mellom grupper og likskap i utsiktene til eit verdig og rikt liv. Einskapsskulen blir på ny ein nasjonbyggjar. På ny må skulen medverke til å lyfte dei svake og jamne ut forskjellar.

Primæroppgåva for skulen er som før kunnskapsformidling. Kunnskap har alltid spelt ei viktig rolle i menneska sitt liv. For den enkelte er kunnskap sjølve nøkkelen til samfunns-deltaking, til fridom og råderett over eige liv. Opplysning og kunnskap er det sterkaste våpen mot einsretting, intoleranse og kortsyn. Kunnskap og fri meiningsutveksling er sjølve grunnlaget for demokrati og sjølvstyre. I ei verd der avstandar i tid og rom er blitt veldig små, er dette vesentlege kvalitetar for den enkelte og for samfunnet i det heile.

Kunnskap er ein heilt spesiell ressurs. Den kan delast i det uendelege utan at den misser kvalitet eller blir brukt opp. Regjeringa si store satsing på utdanning på alle nivå er eit uttrykk for at utdanning er den viktigaste byggjesteinen når det framtidige samfunnet skal formast. Utdanning er den aller beste investering for framtida.

Verda er ikkje berre i stadig endring: Endringane skjer i tillegg stadig raskare. Vi vil aldri komme unna det dilemmaet at kunnskapen vår er om fortida, medan alle våre vedtak er knytte til framtida.

Somme synest utviklinga er skremmande, men vi må ikkje gløyme det ny kunnskap gjer mogleg.

Vårt forhold til ny kunnskap har ein moralsk dimensjon. Den tenkinga som sprengjer grenser for det som er mogleg, må gå saman med etisk refleksjon og ein humanistisk tradisjon som set grenser for det som er tillatt.

I eit samfunn der kunnskapsveksten gjer kunnskap avlegs, må skulen finne fram og halde fast ved dugleik og kompetanse som varer livet ut. Eller sagt slik: Skulen må gi kunnskapen eit grunnfjell. Utan dette gir kunnskapseksplosjonen det motsette av meistring: forvirring, angst og rådløyse. I dag må læraren formidle kunnskap til elevar som ofte veit meir om ei lang rekkje tema enn læraren sjølv gjer. Ein seksåring skal vere yrkesaktiv til minst år 2050. Det gir perspektiv til det daglege møtet mellom lærar og elevar.

Trusselen ved kunnskapsvekst og teknologiske nyvinningar er at ein større del av den vaksne befolkninga skal komme til å bli ekskludert frå arbeidsmarknaden og frå eit meiningsfylt liv. For arbeidsmarknaden er ikkje noko som er - den er noko som heile tida endrar seg. Skulen må gi grunnlaget for den livslange læringa som framtidssamfunnet vil krevje.

* * *

6-åringane

Bjørnstjerne Bjørnson har i "En glad gutt" skildra den forventninga hovudpersonen har til skulen:

Øivind hadde hørt at skolen var et sted hvor mange gutter lekte, og det hadde han ingenting i mot. Han var meget fornøyd, på gården hade han vært ofte, men ikke når der var skole og han gikk fortere enn moren opp over bakkene, for han lengtet.

Eg trur mange seksåringar vil møte skulen med den same lengten. Fulle av lærelyst kjem dei til skulen. "Men vi lærer jo ingenting!" sukka ein seksåring i barnehagetilbodet her om dagen. Seksåringane i den nye førsteklassen/førskulen skal både leike og lære. Mange av dei vil ha lært å lese dette første året.

I den debatten vi har hatt dei siste åra om seksåringane i skulen, kan ein ofte få inntrykk av at seksåringane aldri tidlegare har hatt kontakt med skulen. At vi står totalt utan erfaringar med denne gruppa barn. Det er ikkje tilfelle. Alt i 1920-åra la Arbeidarpartiet sin skulepolitiske talsmann på Stortinget fram forslag om 10-årig obligatorisk skule for alle mellom 6 og 16 år.

I heile etterkrigstida har ein drøfta det pedagogiske tilbodet til seksåringane i ulike utgreiingar: Samordningsnemnda (1947), Folkeskulekomiteen (1963) og Normalplanutvalet (1967) tok opp spørsmålet, og mykje forsøks- og utviklingsarbeid er gjennomført. Forsøket med pedagogisk tilbod til seksåringar i tida 1986-89 er det største og mest omfattande prosjektet, og det som ligg nærast i tid.

Eit nytt læreplanverk

I avisartiklar og intervju er grunnskulereforma blitt framstilt som forhasta, dårleg planlagt, ukoordinert og skadeleg for barna. "Vi stjeler et år av barnas liv, driver dem ut av eventyret og paradiset ett år for tidlig," hevda forfattaren Øistein Parmann i ein kronikk i Aftenposten i vår. "Målet med reformen er praktiske, økonomiske og rasjonelle; de voksnes mål. Ingen snakker om barnet og hva det har best av," skriv Parmann.

Grunnskulereforma er ikkje eit sparetiltak. Vi skal ikkje jage barna ut av eventyrland. Tvert imot: I større grad enn i dag skal leiken og eventyra inn i skulen. Grunnskulereforma er samtidig ei innhaldsreform, som ikkje berre omfattar seksåringane: Det er utarbeidd ein ny læreplan for den tiårige grunnskulen. Einskapsskuletanken har vore styrande for norsk skulepolitikk gjennom store delar av dette hundreåret, og er ein viktig del av den sosialdemokratiske tradisjonen. Målet har vore lik rett til utdanning for alle, uavhengig av sosial status, kjønn, geografi og etnisk bakgrunn. Alle barn og unge skal få dei same vilkåra.

Einskapsskulen skal førast vidare og styrkjast. Skulen skal gi alle barn og unge del i ein sosial, fagleg og kulturell fellesskap bygd på den same læreplanen. Samtidig skal ein felles læreplan gi høve til tilpassing ut frå individuelle førsetnader og behov. Fellesstoffet er styrkt i den nye læreplanen. Hovudinnhaldet i kvart fag er nøye presisert, slik at kvar elev kan ta del i det ut frå sine eigne føresetnader.

Prinsipp og retningslinjer for opplæringa og læreplanane for faga blei lagde ut på Internett 5. august, og alle kommunar har fått tilsendt ein masterdiskett med tilsvarande innhald, som kan kopierast. Den trykte versjonen av det nye læreplanverket er under ferdigstilling.

Den generelle delen er innført med verknad frå september 1993. Den gir dei overordna måla som opplæringa i grunnskulen skal sikte mot.

Prinsipp og retningslinjer for opplæringa utgjer eit bindeledd mellom den generelle delen og læreplanane for faga. Denne delen av planverket er utforma med grunnlag i den generelle delen, og gir ei nærmare konkretisering av opplæringa i grunnskulen.

I forlenginga av desse føringane kjem læreplanar som omtaler det fellesstoffet - dei kunnskapane, dugleikane, opplevingane og erfaringane - som alle elevane skal ta del i.

Det nye læreplanverket utgjer samla det forpliktande og heilskaplege grunnlaget for opplæringa i den 10-årige grunnskulen.

Vidareføring og fornying

Gjennom eit sentralt fastsett fellesstoff skal opplæringa i den nye 10-årige grunnskulen medverke til å føre vidare dei verdiane, den kunnskapen og dei dugleikane som samla utgjer den felles kulturarven vår. Samtidig er det lagt vekt på fornying. Skal skulen opplevast som meiningsfylt, må den ha relevans for den samtida den og elevane er ein del av.

Eigenarten i hovudtrinna

Eit fornyande trekk ved læreplanane i den 10-årige grunnskulen er profileringa av dei tre hovudtrinna når det gjeld innhald og arbeidsmåtar.

Småskuletrinnet skal til dømes vere prega av tradisjonar både frå barnehagen og skulen. Læreplanane krev derfor eit sterkt innslag av leik og temaorganisering av innhaldet i opplæringa.

På mellomtrinnet står faga tydelegare fram. Opplæringa skal gjere at elevane konsoliderer og utviklar vidare den kunnskapen, dugleiken og dei holdningane dei har tileigna seg dei første åra. Lærarane må samarbeide om progresjon og arbeidsmåtar som gir ein god overgang frå småskuletrinnet og vidare til ungdomstrinnet.

Ei av dei største utfordringane vi står overfor, er å utvikle ungdomstrinnet vidare. Opplæringa må her både stille krav til fagleg innsikt og leggje større vekt på å utvikle elevane si sjølvstendige læring, samtidig som den må vere relevant for den livsfasen elevane er i. Fornying av arbeidsmåtar og organisering, gjennom både tema- og prosjektarbeid, er kanskje det første steget i denne vidareutviklinga. Særleg gir prosjektarbeid grunnlag for at elevane får både større ansvar for eiga læring og betre føresetnader for fordjuping gjennom vitskaplege tenkje- og arbeidsmåtar.

Trinnprofilering og fornying av organisering og arbeidsmåtar er blant dei viktigaste utgangspunkta for arbeidet med dei nye læreplanane i den 10-årige grunnskulen.

Læreplanane for faga

Ein av hovudnøklane for å kunne forstå og praktisere det nye læreplanverket er å sjå samanhengen mellom den generelle delen, prinsippa og retningslinjene for opplæringa og læreplanane for faga. Det er spesielt viktig å feste seg ved dei verdimessige og kulturelle føringane som er nedfelte her.

Verdimessige og kulturelle føringar

Heilt kort vil eg peike på somme av desse føringane.

Opplæringa skal byggje på kristne og humanistiske verdiar. Samtidig som grunnskulen har ei klar verdimessig plattform, skal den vere inkluderande og vise respekt for ulike kulturar, trus- og verdioppfatningar. Det nye faget Kristendomskunn-skap med religions- og livssynsorientering er eit døme på dette. Det er vidare viktig å gi elevane del i grunnleggjande demokratiske verdiar, der dei gjennom opplæringa skal få innsikt i og respekt for demokratiske ideal og spelereglar. Slike verdiar må ikkje avgrensast til berre teori - dei må òg finnast igjen i arbeidsmåtar og aktivitetar. Elevane skal ikkje berre lære om demokratiet, dei skal vekse opp i det - bruke det. Eg vil her spesielt peike på mål og innhald i planane for klasse- og elevrådsarbeid.

Den estetiske dimensjonen i faga inneber at ein legg større vekt på skapande verksemd og refleksjon, opplevingar og uttrykk, og ei bevisst holdning til kunst og estetikk. Fornyinga gjennom faget Kunst og handverk er eit døme på dette. Dessutan vil eg understreke at den estetiske dimensjonen skal lyftast fram i alle fag.

Læreplanane legg stor vekt på praktiske aktivitetar, oppgåver og erfaringar, og på samanhengen mellom teori og praksis. Samtidig som opplæringa skal gi elevane høve til å arbeide praktisk og til å få konkrete erfaringar, skal det leggjast vekt på undersøkjande og utforskande aktivitetar.

Lokalt arbeid med læreplanane

Det lokale arbeidet med læreplanane skal mellom anna danne grunnlag for lærarane si planlegging av undervisninga på klasse- og elevnivå. Det er ei utfordring å skape god samanheng mellom det sentralt fastsette og det lokalt utforma innhaldet i læreplanane, og å følgje opp måla frå den generelle delen og prinsippa og retningslinjene for opplæringa.

Lærarrolla

Den generelle delen av læreplanen for grunnskulen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring seier m.a.:

"Lærarane sitt viktigaste læremiddel er dei sjølve."

Dette føreset både høg kompetanse og stor grad av metodefridom innanfor gitte rammer.

Kristen Kold, frå Danmark, stilte for 150 år sidan desse krava til læraren:

Han må

  • ha "liv" i seg, dvs. at kunnskapen skal ha liv
  • han må ha evne til å formidle kunnskapen til andre
  • han må ha lyst til å formidle kunnskapen til andre

Påstandar om at sjølv den middelmåtige læraren kan fungere med den rette metoden held ikkje, sidan det ikkje er snakk om å kunne ein metode, men om å løyse ei oppgåve med utgangs-punkt i eigen kompetanse.

Dersom elevane skal utvikle seg til sjølvstendige og reflekterte menneske, må dei møte vaksne som dei kan identifisere seg med. Det vil seie at det viktigaste kravet vi kan stille til lærarane, er at dei sjølve kan planleggje og grunngi undervisninga si, dvs. at dei sjølve står fram som reflekterte og sjølvstendige.

Læraren skal:

  • rettleie og utvikle
  • formidle kunnskap, verdiar og holdningar
  • vere eit føredøme
  • vise omsorg
  • vurdere

Eg ønskjer lærarar som tar vare på rolla si på ein profesjonell måte, lærarar som respekterer oppdraget, kjenner rammene, innhaldet og måla for opplæringa. For å finne ut innanfor kva rom læraren skal utøve profesjonaliteten sin, er det nødvendig å avklare ansvar og roller. Profesjonalitet er ikkje det same som suverenitet. Ein lærar i eit offentleg skuleverk er forplikta av nasjonalt vedtatte lover og læreplanar, av kommunale prioriteringar og forholda på den enkelte skulen. Den profesjonelle læraren veit kva oppgåva går ut på, han kjenner rammene og veit kvar grensene for val og fridom går.

Profesjonelt arbeid føreset kunnskap om og respekt for oppgåva, og det er samfunnet som set rammer for denne, ikkje den enkelte læraren. Læraren må derfor vite kva forventningar samfunnet har til skulen gjennom måla i læreplanane.

Men samstundes som læraren er forplikta av nasjonalt og lokalt fastsette planar, får han òg høve til å vere seg sjølv, til å utvikle sin eigen personlegdom og sin eigen spesielle kompetanse i tilrettelegging av opplæringa.

Læraren må kjenne til barn og unge sin måte å lære på, ha kjennskap til det enkelte barn, til skulemiljø, nærmiljø, foreldre og samfunn. Han må ha evne til refleksjon og handling, til samarbeid og fornying.

Få yrke er utsette for større og meir samansette krav enn læraryrket. Det er òg få yrke der ein blir utsett for så sterkt kryssande press frå omverda i forhold til korleis yrket skal utøvast.

Opplæring er samspel. Ein god lærar har ikkje berre evne til å trengje inn i og formidle stoff, han registrerer òg heile tida det som skjer med den enkelte eleven, i klassen, mellom kollegaer og ved skulen. Ein god lærar nyttar sinn og sansar til å sjå det som endrar seg, oppførsel, driv og lyst, stemning og holdningar. Kvar dag skal mange teikn tydast - lyse idear og luftige forslag, skarpe replikkar og kalde skuldertrekk, uventa initiativ og steintung motvilje, entusiasme og opposisjon, lærelyst og likesæle. Små signal kan formidle viktig informasjon - anten det er glimtet som viser at eit poeng er oppfatta eller rynka i panna som varslar at det bryggjer opp til noko.

Ein god lærar ser denne heilskapen. Han kan gi, krevje og vise omsorg. Han kan formidle kunnskap og holdningar gjennom eit variert spekter av metodar. Men det viktigaste er at han kan rettleie og inspirere elevane i deira jakt etter ny kunnskap, nye erfaringar og ny innsikt.

På same tid er ein god lærar òg ein god kollega, ein som ser korleis yrkesgruppene i skule og skulefritidstilbod kan utfylle og supplere kvarandre, ein som kan lære av å sjå korleis andre planlegg og gjennomfører opplæring, men som òg kan trø til og vere støttande når det er behov for avlasting.

Målet for opplæringa er alltid vekst og utvikling for elevane, når det gjeld holdningar, dugleikar og kunnskap gjennom å engasjere, inspirere og gi elevane tru på eigne føresetnader.

Kunnskapssyn

Skulen skal leggje til rette for ei god utvikling for barnet slik at det opplever eit meiningsfullt liv. Framtida blir i stor grad bestemt av korleis vi oppfører oss i forhold til omgivnadene og i forhold til kvarandre. Innsikt i oppvekstkår og korleis barn lærer står sentralt i utviklinga av ein god lærar, og i ein slik saman-heng får vårt eige menneskesyn og kunnskapssyn avgjerande vekt.

L97 fokuserer på både elevar og lærarar som aktive og engasjerte individ. Læringssynet må byggje på at kunnskaps-

tileigning ikkje er ein prosess der elevane berre tar til seg ferdiglaga kunnskap slik den blir presentert av læraren. Eleven må lære å søkje etter kunnskap sjølv, lære å sjå sjansar og kunne gjere val mellom ulike alternativ. Eleven skal utvikle sjølvstende, kritisk vurderingsevne og sosial handlings-kompetanse. Dette inneber at vi må vere opptatt av både arbeidsformer og kunnskapsinnhald. Eit elevsentrert og elevaktiviserande grunnsyn blir viktig. Slike verdiar må ikkje avgrensast berre til teori - dei må òg finnast igjen i arbeidsmåtar og aktivitetar.

Skulen skal medverke til at elevane utviklar seg til aktive menneske i eit demokratisk samfunn. Det vil seie at det òg er skulen sitt ansvar å gi neste generasjon kunnskap, dugleik og holdningar slik at dei kan nytte ytringsfridommen i eiga interesse og på vegner av det fellesskapet dei er ein del av.

Til slutt:

Ei vellykka reform er avhengig av at vi får oppslutning hos dei som skal setje reforma ut i livet, hos dei som skal praktisere den nye læreplanen, og hos dei som sender barna sine til skulen. For oss som trur på denne reforma, blir det derfor ei viktig oppgåve i månadene framover å prøve å overtyde tvilarane om at reforma vil gi oss ein betre grunnskule.

Eg håper no at vi kan gå saman om å gi seksåringane ein best mogleg skulestart, og at vi ikkje gløymer dei andre elevane i grunnskulen eller lærarane som møter store og spennande utfordringar med ein heilt ny læreplan og eit nytt årskull i skulen.

Og reformarbeidet held fram. All lærarutdanning blir no sett under lupa. Eit utval la for to-tre veker sidan fram ei utgreiing som vil bli offentleggjord i NOU-serien. Reformene i grunnskulen og vidaregåande opplæring krev at vi nøye vurderer om lærarutdanninga er godt nok tilpassa, om det nye læreplanverket «sit» tilstrekkeleg godt i høgskulesystemet når det gjeld innhald, ideologi, arbeidsmåtar, kunnskaps- og læringssyn, elev- og lærarrolle og leiing. Det skal vi finne ut - og modernisere og reformere om nødvendig.

Eg ønskjer dykk lykke til i arbeidet!

Lagt inn 16 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen