Historisk arkiv

Landbruksbudsjettet 1996

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Landbruksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet


4. oktober 1995

Landbruksbudsjettet 1996

Landbruksdepartementets budsjettframlegg for 1996 er på 14 587 millionar kroner, som er ein nedgang etter tekniske justeringar på 251 millionar kroner eller 1,7 prosent frå 1995. Jordbruksavtalen utgjer 11 928 millionar kroner eller 82 prosent av budsjettframlegget.

Budsjettforslaget legg til grunn at det skal haldast oppe ein omfattande landbruksproduksjon i heile landet. Hovudstrategien er eit meir robust landbruk med betre konkurransekraft og lågare kostnader i alle ledd av produksjonen. Arbeidet med betre matvarekvalitet, dyre- og plantehelse, miljø, forskning og utvikling, ny næringsverksemd og effektivisering av landbruksforvaltninga er prioritert. Næringsoverføringane er foreslått reduserte. For landbruksforvaltninga er det lagt opp til eit stramt budsjett.


Lagt inn 17 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen