Historisk arkiv

Miljøtiltak

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet


26. juli 1995

Miljøtiltak

Departementet legg stor vekt på å vidareføre miljøinnsatsen. For 1996 er det lagt opp til ei satsing på 931 millionar kroner til reine miljøtiltak, som er om lag same nivået som i år. Tiltak med delvis miljøverknad vil auke med 186 millionar kroner til 2 879 millionar kroner. Dei produksjonsnøytrale tilskotta over jordbruksavtalen utgjer hovudtyngda av desse midla.

Resultatkontrollen av forureiningar frå jordbruket viser at miljøtiltaka verkar godt. Frå 1985 til årsskiftet 1993-94 er avrenninga av nitrogen frå områder med avrenning til Nordsjøen redusert med 18-23 prosent og av fosfor med 25-28 prosent. Bruken av kjemiske plantevernmiddel er halvert sidan 1987, men samstundes har det skjedd ein overgang til meir konsentrerte middel.

Departementet legg vekt på å utvikle forvaltningssystema gjennom auka bruk av handlingsplanar og betre planleggjing, og gjennom opplegg for overvaking og kontroll i miljøarbeidet. Handlingsplanane vil i 1996 konsentrere seg om biologisk mangfald, økologisk landbruk og kulturlandskap. Overvakinga av jordsmonnet og skogskadar vil bli utvida til å omfatte miljøgifter i jordsmonnet. Det blir lagt vekt på å redusere mengda av tungmetall og andre miljøgifter i landbruket.

Etter kvart som tiltaka mot forureining har gitt tilsikta effekt, vil innsatsen i miljøarbeidet i sterkare grad bli retta mot ein berekraftig og miljøvenleg produksjon. Det blir lagt vekt på å oppretthalde ressursgrunnlaget og redusere miljøbelastningane på naturen, og samtidig styrkje miljøkvaliteten i produksjonen og produkta knytte til mat, trevirke, kulturlandskap og utmark.

Systemet med kvalitetssikring i primærproduksjonen er ein viktig lekk i dette arbeidet.


Lagt inn 17 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen