Historisk arkiv

Overføring av Norges landbrukshøgskole og Norges veterinærskole til KUF. Oppretting av forskningsstiftelse i landbruket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Landbruksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet


27. oktober 1995

Overføring av Norges landbrukshøgskole og Norges veterinærskole til KUF.
Oppretting av forskningsstiftelse i landbruket

Norges landbrukshøgskole (NLH) og Norges veterinærhøgskole (NVH) blir overførte frå Landbruksdepartementet til Kyrkje-, undervisnings- og forskningsdepartementet (KUF) frå 1.1.97. Samstundes vil det blir oppretta ei offentleg stifting med strategiske oppgåver som ei overbyggjing over åtte forskningsinstitutt i landbruket. Dette går fram av ein stortingsproposisjon som vart lagt fram i statsråd fredag.

Landbruksdepartementet vil framleis ha finansieringsansvaret for Senter for husdyrforsøk, Senter for klimaregulert planteforskning og Laboratorium for analytisk kjemi ved NLH og for Dal husdyrforsøkseining og Institutt for smådyrforskning ved NVH. Desse einingane er sentrale for den nærings- og forvaltningsretta forsknings- og undervisningsverksemda som er knytta til Landbruksdepartementets ansvarsområde. Dei yter også tenester til andre forskningsinstitusjonar under departmentet, og til næringsliv, forvaltning og organisasjonar i landbruket.

Dei fem einingane vil framleis vere ein del av høgskolane. Stillingsheimlar og arbeidsgjevar-ansvaret vil liggje i KUF, medan det økonomiske ansvaret for lønn, drift og investeringar vil liggje i Landbruksdepartementet. Det vil bli oppretta eit formalisert samarbeid mellom dei to departementa med faste årlege møter, og mellom Landbruksdepartementet og dei to høgskolane.

Dei institusjonane som vil gå inn i forskningsstiftinga, er Planteforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning, Norsk institutt for skogforskning og Statens veterinære laboratorier. Desse får no sine løyvingar direkte over statsbudsjettet. Også dei frittståande institusjonane Matforsk, Akvaforsk, Jordforsk og Veterinærmedisinsk oppdragssenter vi inngå i stiftinga. Institusjonane vil framleis vere sjølvstendige einingar.

Føremålet med omorganiseringa er å styrkje den faglege kvaliteten på forskninga og gje forsningsinstitusjonane større slagkraft gjennom samarbeid, og dermed auka konkurranseevne, utan at institusjonane mister sin identitet og styrke. Landbruksdepartementet ønskjer at høgskolane deltek som stiftarar saman med forskningsinstitutta og departementet.


Kontaktperson: Prosjektleder Johs. Kolltveit, tlf. 22349152.
Lagt inn 31 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen