Historisk arkiv

Øyangen: Budsjettopplegg for eit framtidsretta landbruk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet


26. juli 1995

Landbruksminister Gunhild Øyangen:

Budsjettopplegg for eit framtidsretta landbruk

- Landbruksdepartementets budsjettframlegg for 1996 legg vekt på tiltak som kan gjere norsk landbruk meir robust og framtidsretta, seier landbruksminister Gunhild Øyangen.

- Budsjettet inneber at kontrollen med dyrehelse og næringsmiddel vert ytterlegare styrka.

Innanfor andre prioriterte oppgåver får jordskifteverket auka løyvingar. Satsinga på utvikling av ny næringsverksemd i og i tilknytning til landbruket held fram.

Overføringane til landbruket er foreslått reduserte som ein del av Regjeringa sitt arbeid med å redusere dei offentlege utgiftene. Det er lagt til grunn at det skal haldast oppe ein omfattande landbruksproduksjon i heile landet, at landbruksbefolkninga skal ha grunnlag for rimelege inntekter og levekår, og at forbrukarane skal få matvarer av betre kvalitet til lågare pris, seier Øyangen.


Lagt inn 17 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen