Historisk arkiv

Betre samordning av rovdyrtiltaka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet
Miljøverndepartementet

Betre samordning av rovdyrtiltaka

Førebyggjande tiltak mot rovviltskader gjennomført i perioden 1992-95 har hatt for liten tapsreduserande effekt, er hovedkonklusjonen i ein rapport utarbeidd av ei arbeidsgruppe nedsett av Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet. Rapporten er einstemmig og peikar på at det er trong for auka satsing på tiltak som i større grad skiljer rovdyr og husdyr på beite, og at dei samla verkemidla ein har til rådvelde innanfor miljø- og landbruksforvaltninga må koordinerast og vidareutviklast.

Tap av bufe på utmarksbeite på grunn av rovvilt har auka dei seinare åra. I einskilde område er tapa så høge at dei ikkje kan aksepterast i høve til forsvarleg jordbruksdrift. Av tiltak som reduserer tapa har tiltak som skiljer rovdyr og bufe best effekt. Dei bør difor prioriterast framover. Slike tiltak er mellom anna framskoten sanking av sau, det vil seie å hente sauen tidlegare inn frå utmarks- og fjellbeite, midlertidig flytting av sau til sikrare beiteområder og varig flytting av beiteområde. Tiltak retta mot bufe må avvegast mot tiltak retta mot rovdyr.

Framskoten sanking er mest aktuelt for besetningar særskilt utsett for skader på grunn av bjørn og jerv. Midlertidig og varig flytting til tryggare beiteområde er alternativ for å hindre at ein skadesituasjon utviklar seg. Ved eventuell flytting til tryggare beiteområde må rettigheitsmessige, økonomiske og praktiske spørsmål avklarast på førehand. Auka tilsyn med sau på beite har vist liten tapsreduserande effekt. Arbeidsgruppa tilrår difor at slike prosjekt berre får økonomisk støtte når auka tilsyn er kopla saman med andre tilrådde tiltak. Vidare framover må ein utvikle tiltak som kan nyttast for å unngå å auke talet på sau på beite i belasta område innanfor kjerneområde for rovdyr. Det må også vurderast økonomiske verkemiddel som gjer det lønsamt for sauebønder å gjennomføre driftstilpasningar og førebyggjande tiltak. Arbeidsgruppa tilrår at slike verkemiddel vert drøfta i samband med oppfølgingsmelding til Stortinget om rovdyrforvaltninga.

Rapporten framhever trongen for auka kunnskap og forskning på rovdyrbestanden og effekten av skadeførebyggjande tiltak. Det vert og peika på betydninga av samarbeidet mellom landbruks- og miljøvernetaten hjå fylkesmennene og berørte organisasjonar, og at dette samarbeidet bør styrkast og vidareutviklast. Arbeidsgruppa meiner at eit rådgjevande samarbeidsorgan for rovviltforvaltning vil vere ein viktig arena for å diskutere problematikken rundt rovvilt og bufe.

Kontaktpersonar:

statssekretær Bernt Bull, Miljøverdep. tlf. 22 24 57 02

prosjektleiar Pål Vidar Sollie, Miljøverndep. tlf. 22 24 58 77

statssekretær Ottar Befring, Landbruksdep. tlf. 22 24 91 02

førstekonsulent Per Finset, Landbruksdep. tlf. 22 24 93 35

Rapporten kan fåast ved å vende seg til Direktoratet for naturforvaltning, Tungasletta 2, 7005 Trondheim, tlf. 73 58 05 00

Lagt inn 8 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen