Historisk arkiv

Ingen import av storfekjøt frå Storbritannia til Norge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet


22. mars 1996

Ingen import av storfekjøt frå Storbritannia til Norge

- Det har ikkje blitt importert storfekjøt frå Storbritannia til Norge i 1995 og 1996. Det er såleis ikkje nokon akutt grunn til å innføre importforbud. Vi vurderer no om det er hald i påstandane om at det er samanhang mellom Bovine spongiform encephalopathy(BSE) hjå storfe og Creutzfeldt-Jakob disease (CJD) hjå menneske, uttalar statsråd Gunhild Øyangen i ein kommentar til oppslaga om ku-galskap i Storbritannia.

  • Dersom det likevel skulle vere nokon som vil importere kjøt frå Storbritannia, vil dette kjøtet bli stansa i Kjøttkontrollen inntil vi har fleire opplysningar i saka, seier Øyangen, som og fortel at Kjøttkontrollen har fått innskjerpa sine meldings- og kontrollrutiner i høve til storfekjøt frå Storbritannia .
  • Det pågår eit møte i Brüssel i dag der dei fremste ekspertane frå alle EØS-landa deltek. Norge har to deltakarar på dette møtet. Etter dette møtet vil dei norske styresmaktene vurdere om ytterlegare tiltak er nødvendige, uttalar statsråden.

BSE vart første gong diagnostisert i Storbritannia på midten av 80-talet. Sjukdomen vert og kalla ku-galskap avdi kyrne som er ramma etter kvart tek til å sjangle ukontrollert. I 1988 vart det innført strenge tiltak for å bekjempe ku-galskap i Storbritannia, desse vart stramma inn i 1990, og i 1994 vart likeeins tiltak innført for heile EU. Storfekjøt som vert eksportert frå Storbritannia kan etter desse føreskriftene kun kome frå dyr født etter 1992 og frå anlegg der det ikkje har vore påvist BSE dei siste seks åra. BSE i Storbritannia er på tilbakegang. Frå 1993 til i dag har talet på sjuke dyr per veke blitt redusert med 70 prosent.

CJD er ein dødeleg sjukdom som angrip hjerna hjå menneske. Den forekjem òg i Noreg i storleik eitt tilfelle per million innbyggjarar. Dette er på same nivå som internasjonalt.


Lagt inn 26 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen