Historisk arkiv

Landbruksdepartementet med stipend til juniorkokkar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet


11. mars 1996

Landbruksdepartementet med stipend til juniorkokkar

- Vi ynskjer å vere med på å sikre etterveksten innanfor norsk kokekunst, og vil difor opprettte eit årleg stipend på 25.000 kroner for juniorkokkar, uttalar statssekretær Ottar Befring i Landbruksdepartementet i ein kommentar til den nye stipendordninga. Han meiner den internasjonale suksessen til Kokkelandslaget er ypperleg marknadsføring av norsk mat i utlandet.

- Norges Kokkemesteres Landsforeining har gjennom Kokkelandslaget greidd det som landbruket hittil ikkje har greidd - å markere norsk mat internasjonalt. Landbruksdepartementet er svært opptatt av kvalitetsperspektivet i matproduksjonen, og har gjennom eit eige satsingsområde - Konkurranstrategien for norsk mat - sett fokus på korleis vi kan styrkje kvaliteten i alle ledd i matproduksjonen «frå jord til bord» og auke eksporten av norsk matvarer. I dette arbeidet er norsk kokkar ein god samarbeids- og alliansepartnar, seier Befring.

Kokkelandslaget har oppnådd både sølv i verdsmeisterskapet (Lars Erik Undertun) og fått ein verdsmeister (Bent Stiansen). Marknadsføringseffekten og tilbakemeldingane frå slike internasjonale tevlingar er viktige i det vidare arbeidet med Konkurransestrategien for norsk mat.

Det nyoppretta stipendet skal delast ut til unge kokketalent. Statuettane for stipendet vil bli utarbeidd av ein stipendkomite. Representantar for Norsk Kulturråd og Landbruksdepartementet samt to representantar for Noges Kokkemesteres landsforeining vil inngå i denne komiteen.


Pressekontakter:

Statssekretær Ottar Befring tlf. 22 24 91 02
rådgjevar Finn Børre Stokholm tlf. 22 24 93 14


Lagt inn 20 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen