Historisk arkiv

Oreigningssaka i Suldal - Staten ankar ikkje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet


31. januar 1996

Oreigningssaka i Suldal

- Staten ankar ikkje

- Landbruksdepartementet kjem ikkje til å anke Ryfylke heradsrett sin orskurd av 8.desember 1995, seier statssekretær Ottar Befring i ein kommentar til heradsrettens avgjerd. Ordskurden er såleis rettskraftig, og Landbruksdepartementet sitt oreigningsvedtak av 10.februar 1995 ugyldig. Det var på grunn av sakshandsamingsfeil at heradsretten fann vedtaket ugyldig og skjønnet vart nekta fremma.

I heradsretten sin orskurd vert det stilt nye og strengare krav til sakshandsaminga i høve til tidlegare praksis i slike saker. Retten uttalar mellom anna at staten i slike saker no òg skal undersøkje eventuelle andre aktuelle oreigningsalternativ.

- Vi tek dette til etterretning og vi vil rette oss etter det, kommenterer Befring.

Skjønnsretten har ikkje teke standpunkt til om vedtaket ville ha vorte annleis om saka hadde vore meir utførleg utgreia, men finn at denne moglegheita var til stades.

- Oreigningssøjkaren har halde fast ved søknaden sin, og saka må då handsamast på ny, seier statssekretær Befring i Landbruksdepartementet.


Kontaktpersonar:

Statssekretær Ottar Befring, tlf. 22 24 91 02

Ekspedisjonssjef Kåre Selvik, tlf. 22 24 92 53


Lagt inn 2 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen