Historisk arkiv

Purkeringar: - Meir rasjonell drift og innsparte kostnader

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Landbruksdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Landbruksdepartementet

24.4.96

Purkeringar: - Meir rasjonell drift og innsparte kostnader

Purkeringar er eit nytt driftsopplegg som gjev meir rasjonell drift og innsparte kostnadar for svineprodusentar. Systemet er basert på at ein stor produsent leiger ut høgdrektige purker til omkringliggande mindre produsentar for smågris- og slaktegrisproduksjon. Dei mindre produsentane eig smågrisane som blir fødde, medan purka går tilbake til ny bedekning etter avvenning av smågrisane.

- Føremonane med dette nye driftsopplegget er at produsentane kan ta ut stordriftsfordelar utan større endringar i bruksstrukturen, seier statssekretær Ottar Befring. - Samarbeidstanken vinn terreng innan stadig fleire område innan landbruket. Purkeringopplegget er eit tiltak som gjev kostnadsinnsparingar. Systemet er også vurdert og godkjent av veterinærstyresmaktene.

Tillatt produksjonsomfang per gardsbruk for svineproduksjon er regulert av husdyrkonsesjonbestemmelsane. For deltakarane i purkeringsystemet er 1.400 slaktegrisar sett som grense for konsesjonsfri drift. Innanfor denne grensa kan produsentane ha ulike kombinasjonar av slaktegrisar og avlspurker, basert på at ei avlspurke utgjer 40 slaktegrisar. Som ved tradisjonell svineproduksjon er det mogleg å søke om konsesjon for større driftsomfang dersom ein har ledig lovleg kapasistet i eksisterande husdyrrom. Det er ikkje fastsett noko generell grense for konsesjonsfri drift for produsentane som leiger ut avlspurkene, dette fordi desse kan ha ulik storleik etter talet med deltakarar i ringen. Ein vil handsame kvart einskild tilfelle utifrå nærare fastsett regelverk.

Kontaktpersonar:

Statssekretær Ottar Befring, Tlf. 22 24 91 02(j)

Underdirektør Torgeir Gjølberg, Tlf. 22 24 92 15

Lagt inn 21 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen