Historisk arkiv

Vedlegg: Forslag frå jordskifteoverdommarane til arbeidsrutiner ved anke til jordskifteoverrett.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Landbruksdepartementet

01.03.1991

Vedlegg: Forslag frå jordskifteoverdommarane til arbeidsrutiner ved anke til jordskifteoverrett.

A.Jordskifteretten skal:

I. Når anken er komen inn:

  1. Handsame anken i samsvar med Rettleiing for utføring av jordskiftesaker kap. 12.1.
  2. Kontrollere nøye at anken ikkje inneheld rettslege ankepunkt. I så fall må ankeparten få rettleiing.
  3. Samle dokumenta vedkommande anken i eit omslag. (Ikkje hefte dei inn i jordskifteretten si mappe).

II. Sende saka til jordskifteoverretten. Pakken skal innehalde:

  1. Alle dokument vedkommande anken.
  2. Alle dokument og utrekningar vedkommande jordskiftet, også slike som ikkje vedkjem sjølve anken. Blir ikkje alle dokument og alt bakgrunnsmateriale oversendt, skal dette gå klart fram.
  3. Originalkartet + 1 papirkopi med jordskifteretten sine grenser markert med raudt.
  4. Eventuelle alternative planar som har vore framlagde i retten, med skiftelister så langt slike finst.
  5. Heile rettsboka i original eller utskrift. Generelt ynskjer jordskifteoverretten å få tilsendt 5 ekstra utskrifter.
  6. Jordskifteretten sitt forslag til tinglysingsutdrag. Utdraget skal berre ta med det som er av varig verdi. Begge sider av tinglysingspapiret bør brukast.
  7. Diskett med jordkifteretten si rettsbok (og skifterekneskap)
  8. Dei nødvendige utfylte kartotekkort (så lenge slike blir brukt).
  9. Fylgjeskriv med liste over oversende dokument, opplysning om at ankegebyr er betalt, kva for bruk saka skal tinglysast på, praktiske opplysningar m.v.
  10. Ei ajoruført namne- og adresseliste for dei saka vedkjem.

B. Jordskifteoverretten skal:

I. Når saka er slutta:

  1. Sende utskrift av rettsboka til jordskifteretten samtidig med at overjordskiftet vert forkynt.
  2. Sende eit samordna utdrag av jordskifteretten og jordskifteoverretten sine rettsbøker til tinglysing.Dette kan t.d. gjerast ved at dei delar av jordskiftet som blir oppheva eller endra, blir teke ut av jordskifteretten sitt tinglysingsutdrag, eventuelt med tilvising til tilsvarande bestemmelser i jordskifteoverretten sitt utdrag.For avviste og heva saker er det jordskifteoverretten som sørger for tinglysinga. I tvilstilfelle (kan t.d. gjelde enkelte tilbaketrekte saker) avgjer jordskifteoverdommaren kven som skal tinglyse saka.
  3. Sende det tinglyste utdraget til den parten som skal ta vare på det.
  4. Gjere ferdig arkivkorta (så lenge slike blir brukt).
  5. Gjere ferdig skifteberegningar og originalkartet s langt endringane ved overjordskiftet gjer det nødvendig.
  6. Markere alle endringar med raudt på ein papirkopi av originalkartet.
  7. Hefte ei fullstendig utskrift av jordskifteoverretten si rettsbok inn i jordskifteoverretten sin perm til slik bruk.

II. Sende saka tilbake.

Pakken skal innehalde:

  1. Dokumenta i jordskiftesaka.
  2. Dokumenta i jordskifteoverrettsaka.
  3. 2 - 3 fullstendige utskrifter av jordskifteoverretten si rettsbok + ein master (ikkje samanstifta kopi av same).
  4. Ein master av det tinglyste utdraget.
  5. Fylgjeskriv med innhaldsliste m.v.

Saka går tilbake til same jordskifterett som hadde saka i 1. instans.

Jordskifteretten har no ansvaret for saka og handsamar den vidare i samsvar med gjeldande reglar.

Jordskifteretten må m.a.:

  1. Kontrollera at det tilsendte materialet er klart for arkivering.
  2. Sørge for at originalkartet blir forskriftsmessig arkivert.
  3. Sende ein kartkopi med raud strek og kopi av skifteberegninger til den parten som har fått tilsendt tinglysingsutdraget.
  4. Plassere ein kopi av det tinglyste utdraget i samleperm.
  5. Sende alle nødvendige meldingar til offentlege styresmakter.
  6. Arkivere saka, eventuelt sende den til rett soknekontor.