Historisk arkiv

Orientering om bu- og driveplikt ved overtaking av landbrukseigedom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Landbruksdepartementet

(V-309 M-0085N)

Orientering om bu- og driveplikt ved overtaking av landbrukseigedom

Gjelder fram til 1. september 2001, etter 1. september gjelder følgende orientering.

(B-309 M-0085N)

Ønsker du utskrift: trykk på fullt vindu oppe i høyre hjørne først.

Kommunen har fra tinglysingsdommaren teke imot Dykkar «Eigenfråsegn om konsesjonsfritak ved overtaking av fast eigedom mm »

Det går fram av eigenfråsegna at overtakinga av eigedomen er konsesjonsfri på grunn, av slektskap med overdragaren og/eller odelsrett til eigedomen.

A. Bu‑ og driveplikta.
Bu‑ og driveplikta gjeld eigedom overteken på grunnlag av odelsrett eller åsetesrett. Denne plikta gjeld elles når nære slektningar overtar eigedom som ein kan karakterisere som jord‑ eller skogbrukseigedom. Bu‑ og driveplikta gjeld utan omsyn til busetnad og noverande utnytting. Det vil t.d. vere buplikt på ein rein skogeigedom utan busetnad.

Det er eit vilkår for konsesjonsfritak at De tek bustad på eigedomen innan eitt år etter overtakinga, og at De sjølv bur på og driv han i minst fem år etter den tid. De kan velje om De sjølv vil drive eigedomen eller leige bort jordbruksareala i minst 10 år. Det er driveplikt til skogen sjølv om jordbruksareala vert leigde bort. Har De teke over eigedomen ved odelsløysing, kan De ikkje velje å leige bort jorda. Ved odelsløysing har De personleg driveplikt og må sjølv drive eigedomen i 10 år.

Buplikta inneber at eigaren sjølv reint faktisk må busetje seg på eigedomen. Det er i utgangspunktet ikkje tilstrekkeleg å vere busett på ein annan stad i kommunen eller på tomt som er skilt ut frå eigedomen. Buplikta kan likevel verte oppfylt ved at De bur på ein eigedom som utgjer ei naturleg driftseining saman med den eigedomen De har teke over. Melding om flytting til folkeregisteret er ikkje åleine nok til at buplikta vert rekna som oppfylt. Dersom ein eigedom vert overteken av fleire saman, må alle sameigarane busetje seg på eigedomen.

Driveplikta inneber at eigaren anten sjølv må stå ansvarleg for drifta av bruket eller leige bort jordbruksarealet som tilleggsjord i minst 10 år. Oppfylling av driveplikta ved bortleige krev at leigeavtala er skriftleg, og at ho fører til driftsmessig gode løysingar. Avtaler om bortleige av jordbruksareal som fører til driftsmessig uheldige løysingar, kan følgjast opp som brot på driveplikta, jf pkt. B.

Dersom De ikkje kan eller vil oppfylle buplikta, kan De søkje om fritak, De har også den utvegen å søkje om fritak frå driveplikta dersom De ikkje vil drive sjølv eller leige bort, slik lova gir høve til. Slik søknad må sendast kommunen der eigedomen ligg innan eittårsfristen. Dersom søknaden vert sendt etter denne fristen, risikerer ein at søknaden vert avvist, jf. pkt. B.

Ved avgjerd av søknader om fritak frå bu‑ og driveplikt vil ein m.a. ta omsyn til kor stor eigedomen er, kva for inntekt han kan gje, hustilhøva, kva for band søkjaren har til eigedomen m.v. Når det gjeld avgjerd av søknader om fritak frå buplikt, skal ein ta omsvn til ønske om å styrkje eller halde oppe busetnaden i området der eigedomen ligg. Når det gjeld avgjerd av søknader om fritak frå driveplikta, skal ein ta omsyn. til om det i området der eigedomen ligg er behov for jordbruksareal som tilleggsareal. Ein skal også ta omsyn til kor viktig det er å halde det aktuelle jordbruksarealet i hevd.

Søknaden vert handsama og vert avgjort av kommunen dersom søknaden gjeld fyrste gongs søknad om fritak frå bu‑ og/eller driveplikta i inntil 5 år. Dei andre søknadene vert avgjorte av fylkeslandbruksstyret. Kommunen si avgjerd kan ein klage til fylkeslandbruksstyret. Vedtaket i fylkeslandbruksstyret kan ein klage til departementet.

B. Verknaden av at bu‑ og drive.plikta ikkje vert oppfylt.
l dei høve der eigaren ikkje oppfyller bu‑ og driveplikta innan den eittårsfristen som er sett i lova, og heller ikkje innan same fristen har sendt søknad om fritak, er ikkje lenger vilkåra for konsesjonsfri overtaking av eigedomen til stades. Andre som måtte ha odelsrett til eigedomen, har då høve til å søkje eigedomen løyst på odel.

Fylkeslandbruksstyret kan, når bu‑ og/eller driveplikta ikkje vert oppfylt, påleggje eigaren å søkje konsesjon.

Dersom det ikkje vert søkt konsesjon innan den fristen fylkeslandbruksstyret set, eller konsesjon ikkje vert gjeven, skal departementet setje ein frist for eigaren til å gjere om handelen eller overføre eigedomen vidare til ein som kan få eller som ikkje treng konsesjon. Dersom denne fristen ikkje vert halden, kan departementet utan varsel syte for at eigedomen vert seld etter reglane om tvangssal.

Staten og kommunen har ikkje høve til å nytte forkjøpsrett når ein eigar er pålagt å søkje konsesjon fordi han ikkje har oppfylt reglane om bu‑ og driveplikt som er fastsette i lova.

Reglane om dette er gjevne i odelslova §§ 27, 27a, 28, 29 og 51 og i konsesjonslova §§ 6. 20, 25 og 26.



Publikasjonen kan bestilles fra Landbruksdepartementet,
E-post:postmottak@ld.dep.no
Telefax: 22 24 95 55
Telef.nr: 22 24 91 99